Kjersti Toppe (Sp): Kva vil regjeringa gjere for å sikre rutinar slik at personar får oppfølging i kommunane, etter sjølvmordforsøk eller overdose?
Begrunnelse
Viser til SINTEF-rapport som er utarbeida for Helsedirektoratet. Den viser at omtrent 4 av 10 kommunar rapporterte at det er etablert rutinar for at sjukehus varslar kommunen når pasientar vert utskriven etter å vore innlagt for sjølvmordforsøk, eller ved mistanke om sjølvmordforsøk. Berre 4 av 10 kommunar svarar at dei har etablert rutinar internt i kommunen for oppfølging etter sjølvmordforsøk. Berre 2 av 10 kommunar har etablert rutinar for oppfølging etter overdose.