Jenny Klinge (Sp): Senterpartiet meiner at alle politistasjonar og lensmannskontor som utsteder pass i dag, skal kunne gjera det også i framtida.
Kan statsråden gjera greie for årsaka til at passutstedelse no kan forsvinne frå mange stader, meiner han det som no er i ferd med å skje er akseptabelt, og korleis grunngjev han i så fall dette?
Begrunnelse
Det har kome bekymringsmeldingar frå politihald rundt om i landet fordi dei fryktar å miste høvet til å utstede pass på mange av dei lensmannskontora som skal bestå etter at reforma er gjennomført. Så vidt eg har forstått, handlar dette om nye krav til kompetansen til dei som skal handtere passautomatane med meir. Det er også sagt at passutstedelsen skal samlast til færre stader fordi kvaliteten visstnok skal bli betre av dette.
Eidsvoll er eit døme på ein stad der dei fryktar å miste høvet til å utstede pass. Der blir det utstedt om lag 3000 pass i året. Dette burde strengt tatt forsvare å ha eigen passutstedelse der, dersom føresetnaden er stor tilstrøyming av oppgåver for å byggje kompetanse. Men sjølv på dei mindre lensmannskontora er det gode grunnar for å oppretthalde tilbodet om passutstedelse. Det er nettopp på ein lokal stad det er lettare å oppdage avvik frå person til person. Politiet kan fange opp namneendringar på tidlegare dømte og såleis få etterretningsinformasjon, og dei kan fange opp nye innbyggjarar i lokalmiljøet utover å møte dei i butikken. Politiet vil miste mykje viktig tilleggsinformasjon ved at sivile gjeremål forsvinn.
For innbyggjarane sin del er også høvet til å få utstedt pass lokalt særs viktig. Dersom svært mange innbyggjarar framover skal måtte reise svært langt for å få utstedt pass, inneber det tap av arbeidstid og tid på skule (mellom anna på vidaregåande skule, der ein ikkje får gyldig fråvær for slikt). I ein familie der foreldra er skilte, og dei har fleire ungar i ulike aldersgrupper, vil det by på store praktiske problem, fordi begge foreldra må vera med for å signere. Og ungane vil måtte ha nye pass i ulike intervallar etter alder.
Senterpartiet meiner det er heilt uakseptabelt dersom dei gjenverande lensmannskontora som no utsteder pass ikkje skal kunne gjera det i framtida, og meiner statsråden må gripe inn for å sørgje for at dette tilbodet blir oppretthalde ved alle kontor.