Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva departementsråden fortalte under si innleiing i det lukka møtet og kan statsråden klargjere kva for konkrete offentlege uttalar som regjeringa sikter til når ein seier at assisterande departementsråd berre fortalde ting som var sagt offentleg?
Begrunnelse
Klassekampen skriv onsdag 22. mars at materielldirektøren i Forsvarsdepartementet i fjor haust heldt ei innleiing om Noregs rolle i rakettforsvaret på konferansen Multinational Ballistic Missile Defense Conference and Exhibition.
I følgje Klassekampen var assisterande departementsråd i Forsvarsdepartementet beden om å snakke om Norges rolle i Natos rakettforsvar, og i invitasjonen stod det mellom anna at «dine kommentarer om Norges rolle i Natos missilforsvar vil mottas med interesse fra konferansedeltakerne. Vennligst merk at pressen ikke vil bli invitert til å delta eller rapportere fra konferansen».
Klassekampen skriv at dei har forsøkt å få ein kommentar for å høyre kva bodskap som vart presentert frå assisterande departementsråd utan å få eit klart svar. Forsvarsdepartementets kommunikasjonsavdeling opplyser i følgje Klassekampen at Tiller berre heldt ei kort innleiing på konferansen før han reiste vidare. Departementet avviser at Tiller kom med informasjon som ikkje allereie var kjent for offentligheita.