Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:966 (2016-2017)
Innlevert: 07.04.2017
Sendt: 07.04.2017
Besvart: 19.04.2017 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje har mineraloljeavgifta auka under denne finansministeren, og kor stor reduksjon i utsleppa av klimagassar har dette gitt?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Eg legg til grunn at det i spørsmålet vert vist til mineralolje som ikkje er omfatta av vegbruksavgifta på drivstoff. Det er CO2-avgift og grunnavgift på mineralolje som ikkje vert nytta til veg. I grunnavgifta er det ei rekkje fritak slik at avgifta i hovudsak omfattar mineralolje for fyring og drivstoff til traktorar, anleggsmaskiner og andre motorreiskapar. Grunnavgifta skal mellom anna hindre at oppvarming med elektrisitet eller fjernvarme, på grunn av elavgifta, vert erstatta med fyringsolje. CO2-avgifta har eit breiare grunnlag og omfattar òg vegtrafikk, skipsfart mv.
I 2017 er grunnavgifta på mineralolje 1,603 kroner per liter. I 2013 var avgifta 1,018 kroner per liter. I 2017-kroner svarar dette til 1,120 kroner per liter. CO2-avgifta på mineralolje er 1,20 kroner per liter i 2017. I 2013 var avgifta 0,61 kroner per liter. I 2017-kroner svarar dette til 0,67 kroner per liter. Samla sett har avgiftene på mineralolje auka reelt med 1,013 kroner per liter sidan 2013.
På usikkert grunnlag er det anslått at auken i avgiftene på mineralolje med om lag 1 krone på kort sikt kan gje ein årleg reduksjon i klimagassutsleppa med 100 000–150 000 tonn CO2. I anslaget er berre avgiftsgrunnlaget i grunnavgifta rekna med (dvs. utanom til dømes skipsfart og vegtrafikk), men nivået på avgiftsauken omfattar begge avgiftene. Dette anslaget er basert på Finansdepartementet sin standard metode for å rekne på provenyverknaden av endringar i avgiftene. I metoden er det mellom anna nytta priselastisitetar for å ta omsyn til at auka avgifter gjev redusert etterspurnad. Metoden er forklart nærare i berekningskonvensjonane til Finansdepartementet: https://www.regjeringen.no/no/tema/okonomi-og-budsjett/skatter-og-avgifter/metoder-for-provenyberegninger/id717071/.
Finansdepartementet sin metode for å rekne på provenyverknaden av endringar i avgiftene er avgrensa til verknaden i budsjettåret. Anslaga er svært usikre og gjeld utslepp slik dei vert målte i det norske utsleppsrekneskapet. For det første er det svært usikkert kor følsam etterspurnaden etter produkta med avgift er for prisendringar. For det andre vil verknaden av endringar i avgiftene normalt vere større på lang sikt enn på kort sikt. På kort sikt vil ein auke i avgiftene gje insentiv til å redusere forbruket av mineralolje til dømes i anleggsmaskiner, men auka avgifter vil til dømes òg gje insentiv til å skifte ut maskinparken mv. Dette vil gje større reduksjonar i utsleppa over tid.