Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1208 (2016-2017) Innlevert: 01.06.2017 Sendt: 02.06.2017 Besvart: 12.06.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide
Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden stadfeste at Forsvarsdepartementet har lagt til grunn at det er trong for luftvern i alternativ 1 (einebase på Evenes) og alternativ 3 (delt løysing mellom Andøya og Evenes), og kva er i så fall dei estimerte investeringskostnadene og driftskostnadene knytt til dette i dei to alternativa?
Ine Eriksen Søreide: Eg viser til brev frå Stortinget sin president av 2. juni 2017, med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om trong for luftvern i alternativ 1 (einebase på Evenes) og 3 (delt løysing mellom Andøya og Evenes), og dei estimerte investeringskostnadene og driftskostnadane knytt til dette i dei to alternativa. I Prop. 151 S (2015-2016) leggjast det til grunn at det plasserast luftvern på den basen som skal være framskoten kampflybase. Investeringskostnadene til luftvern for både alternativ 1 (einebase på Evenes) og 3 (delt løysing med maritime patruljefly på Andøya og framskoten kampflybase på Evenes) er berekna til om lag 2,75 mrd. Dette inkluderer kostnader til eigedom, bygg og anlegg (EBA). Om det i alternativ 3 (delt løysing) også skulle vore utplassert luftvern på Andøya, er dei samla kostnadene til luftvern berekna til 6,15 mrd. kroner inkludert EBA. Dette representerer en meirkostnad til investeringar knytt til luftvern på om lag 3,4 mrd. i høve til regjeringa si anbefaling om ei samling av ressursane på Evenes.