Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1432 (2016-2017)
Innlevert: 01.08.2017
Sendt: 02.08.2017
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 09.08.2017 av justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Er statsråden einig i at lovverket må endrast slik at dei som blir evakuerte av det offentlege grunna rasfare blir likestilte med dei som evakuerast av årsaker som t.d. flaum, slik at dei får dekka kostnadar knytt til evakueringa, og vil ho gjere andre tiltak for å bøte på dei urimelege kostnadane som dei som driv gardsbruk under fjellområdet Mannen i dag sjølve må dekke?

Begrunnelse

I andre situasjonar der folk må evakuerast, til dømes grunna flaum, stiller det offentlege opp og dekkjer hotellovernatting, samt andre kostnadar knytt til evakueringa. Lovverket slik det er utforma i dag bidreg til ei unødvendig ekstrabelastning for dei som er mye utsett for evakuering på grunn av rasfare. Denne problematikken gjeld for svært få stader totalt i landet, og dei familiane det gjeld bør få hjelp til å handtere dei problema som naturkreftene forårsaka. Dette bør gjelde ikkje berre etter at noko faktisk har skjedd, men også når det er rekna som sannsynleg at noko vil skje.
Eit døme er garden Lyngheim som ligg under fjellområdet Mannen i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Garden ligg i eit særs rasutsett område, og på grunn av lovverket får dei som driv garden verken byggje ut garden eller dekt kostnadar til evakuering ved store rørsle i fjellområdet Mannen. Familien har fleire gongar måtte rømme frå gard og hus når farenivået har vorte vurdert som for høgt. Både forsikringsselskapet og naturskadeerstatningslova krev at skaden allereie har skjedd for at nokon skal få erstatning, noko som ikkje er tilfellet her.

Per-Willy Amundsen (FrP)

Svar

Per-Willy Amundsen: I spørsmålet legg ein til grunn at det offentlege dekkjer kostnadene knytt til evakuering t.d. ved flaum. Eg er usikker på kva for ei ordning stortingsrepresentanten her viser til. Eg er ikkje kjend med ei offentleg ordning som gir rett til dekning av slike utgifter.
Eg nemner for ordens skuld at vi i Noreg har ei privat ordning for dekning av økonomisk tap etter naturskade, den private naturskadeforsikringa. I tillegg har vi ei statlege ordning for skadebot ved naturskade. Desse ordningane er like for skred og flaum.