Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1536 (2016-2017)
Innlevert: 30.08.2017
Sendt: 30.08.2017
Besvart: 06.09.2017 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Når vil meldinga bli lagt fram?

Begrunnelse

Eg viser til Meld. St. 36 (2015-2016), Innst. 54 S (2016-2017) vedtak 58 “Stortinget ber regjeringen vurdere å legge frem eksportkontrollmeldingen senest i løpet av andre kvartal etter at eksportåret er gjennomført, hvis dette er praktisk gjennomførbart”. Meldinga har framleis ikkje kome.
I 2016 kom meldinga i andre kvartal og SSB har allereie publisert eksporttall for 2016.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Meldinga om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2016, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid skal leggjast fram for Stortinget i oktober. Utanriksdepartementet har som mål å vere mest mogleg open om norsk eksport av forsvarsmateriell, og meldinga vil gi omfattande informasjon om den faktiske eksporten i 2016.
Meldinga vil ha same struktur som før og informere om utførselen av relatert teknologi, tenester for militære føremål, overføring av produksjonsrettar og formidling. Meldinga vil òg gi innsyn i avslag på søknader om eksportlisens, utførsel av handvåpen frå Noreg og forsvarsstyresmakta sin bruk av eige materiell i utlandet, og dessutan om utførsel av fleirbruksvarer til militære sluttbrukarar og utførsel av utstyr for bruk i humanitære mineryddingsaksjonar.
Meldinga vil gi ein grundig omtale av regelverket for den strategiske eksportkontrollen og for gjennomføringa av sanksjonar, våpenembargo og restriktive tiltak, og dessutan ein omtale av måten retningslinjene til departementet vert praktiserte på og av det omfattande multilaterale samarbeidet om eksportkontroll.