Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden ta naudsynte grep for å gjenopprette tilliten til SSB etter at det dei siste vekene har kome fram stadig nye saker som bidreg til å skape tvil rundt truverdet til byråleiinga og dermed også byrået sjølv?
Begrunnelse
I responsen sin på spørsmålet mitt med nr. 115 let statsråden vere å svare på det eg spør om, nemleg om ho er komfortabel med at det førekjem tvil rundt om medarbeidarar i SSB vert straffa for ikkje å dele leiinga sitt syn i faglege spørsmål. Det er vanskeleg å tolke dette på ein annan måte enn at statsråden ikkje er komfortabel med å kommentere korleis SSB vert styrt i det heile. Sidan eg stilte spørsmålet, er det endåtil kome til fleire saker som styrkjer inntrykket av at SSB vert leia på ein svært problematisk måte, m.a. skal leiinga ha halde tilbake ein oppfølgingsrapport til Brochmann II-utvalet i eit halvt år av det som i ein VG-artikkel 31. oktober vert antyda å vere politiske grunnar. I og med at det har vore eit stortingsval i mellomtida, er dette ei tilbakehalding som har langt meir alvorlege sider ved seg enn berre trenering.
SSB har ei særs viktig rolle i det norske samfunnet, mellom anna som premissleverandør for avgjerder i politikk og forvalting. Byrået er meir enn noko avhengig av tillit for å kunne utføre samfunnsoppdraget sitt. Denne tilliten er det SSB-leiinga sitt ansvar å forvalte. Det kjem no fram stadig nye saker som gjer at fleire stiller spørsmål ved om dagens leiing ivaretek denne tilliten på en tilfredsstillande måte. Spørsmåla vert stilte frå alle delar av samfunnet og frå heile det politiske spekteret. For SSB som institusjon vil det vere svært uheldig om den tillitskrisa byrået no opplever, ikkje raskast mogleg får ei avklaring slik at byrået får best moglege føresetnader for å løyse samfunnsoppdraget sitt frametter. Som øvste ansvarlege for SSB og byrået si vidare utvikling er det statsråden sitt ansvar å ta naudsynte grep for å sikre at SSB kan halde fram med å vere den viktige institusjonen det norske samfunnet har behov for. I responsen sin på spørsmålet mitt, der ho altså ikkje svarer på spørsmålet, skriv statsråden at ho har hatt eit møte med SSB sin administrerande direktør. Dersom statsråden sin strategi har vore at slike møte vil bidra til å gjenopprette tilliten til SSB, kan det sjå ut til at strategien har feila.