Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sørge for at 1000-årsjubileet for kristenretten blir ei nasjonal markering og at Moster amfi skal vere navet i jubileet?
Begrunnelse
Det er fleire 1000 års jubileum på trappene. Som statsråden kjenner til er det i 2024 1000 år siden kristenretten vart sett i Moster i Vestland. Dette skal markerast og staten har bidratt med midlar til markeringa med tilskott til Moster2024. Men det er viktig også ha bygningsressurser til å ha markeringen i. Moster amfi er naturleg stad for markering og bygningane der treng opprustning / tilbygg. For å ha dette klart til 2024 begynner det å haste.
I Hurdalsplattformen står det om eit anna forestående 1000-års jubileum nemleg slaget på Stiklestad. Her skriv regjeringa i sin plattform: Sørgje for at 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering. Stiklestad Nasjonale Kultursenter skal vere navet i jubileet.
Eg reknar med at regjeringa sjølv om Moster 2024 markeringa ikkje er nemnd i plattformen er like entusiastisk til å markere 1000 år siden kristenretten og at Moster amfi blir tilsvarande navet i markeringa.