Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1219 (2022-2023)
Innlevert: 02.02.2023
Sendt: 02.02.2023
Besvart: 09.02.2023 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): I Hurdalsplattforma heiter det at regjeringa vil “Lage en ny og forbedret handlingsplan for sirkulærøkonomi med konkrete og målrettede tiltak for å redusere avfall – og for å sikre økt gjenvinningsindustri og handel basert på resirkulerte ressurser i Norge”.
Når kjem regjeringa med ein slik handlingsplan for sirkulærøkonomien?

Begrunnelse

Då Regjeringa Solberg i juni 2021 lanserte sin strategi for sirkulærøkonomi vart denne kritisert frå fleire hald, mellom anna for å vere for vag, og utan konkrete og spissa tiltak for å kome i mål og oppnå ein meir sirkulær økonomi der færre nye ressursar går inn i kretsløpet. Klima- og miljøministeren sjølv, den gong i rolla som stortingsrepresentant, var ei av røystene som sa at strategien ikkje var bra nok.
Både den nye naturavtalen og våre eigne klimamål forpliktar oss til å ta grep og omstille samfunnet. Vi kan ikkje lenger hente ut så mykje ressursar vi vil, utan å tenkje på konsekvensane av inngrepa. Produksjon og transport av stadig nye varar er òg noko som sett preg på klimarekneskapen. Når vi kjenner til alvoret i naturkrisa og klimakrisa er det heilt klart at omstillinga må skje raskt nok.
Det er ikkje meir enn ein månad sidan eit samla Storting vedtok fleire oppmodningsvedtak som gjaldt sirkulærøkonomi. Dette er ein god start, men vi treng meir kraft inn i sirkulærøkonomien, og vi treng eit fokus som er breiare enn materialar og avfall. Sirkulærøkonomien bør òg handle om vedlikehald, reparasjon, lengre varigheit, restaurasjon, deling og byting. Vi må bruke ting fleire gongar, og vi må bruke ting saman. Å få til dette krev endringar i reguleringar, praksisar og økonomiske incentiv. Då oversikta over saker frå regjeringa kom for nokre dagar sidan, var ikkje nokon handlingsplan på sirkulærøkonomi å finne. Dirfor vonar eg statsråden vil gje eit konkret tidspunkt for når denne handlingsplanen kjem.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Regjeringen har satt høye ambisjoner for sirkulær økonomi i Hurdalsplattformen, og har gjennomført en rekke tiltak. Den 3. februar holdt næringsministeren og jeg stormøte om sirkulær økonomi som belyste utviklingen i EU, regjeringens tiltak, samt status, muligheter og utfordringer i næringslivet. Møtet hadde også en innspillsdel hvor næringsliv og organisasjoner fikk komme med innspill til regjeringens politikkutvikling. Stormøtet samlet over 130 deltakere fra bransjeorganisasjoner, næringslivet, offentlig forvaltning, virkemiddelaktører og klima- og miljøorganisasjoner. Departementene er nå i gang med å sortere innspillene vi har fått fra aktørene. Disse innspillene vil inngå i arbeidet med handlingsplanen. En endelig dato for sluttføring er ikke satt, men vi vil legge frem denne handlingsplanen så raskt som mulig.