Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa sørge for nødvendige tilleggsløyvingar i Revidert Nasjonalbudsjett til at frivillig innsats for strandrydding og tiltak mot marin forsøpling langs kysten ikkje stoppar opp i 2023, i ei tid der kamp mot ureining av havet og plast på avvegar er viktigare enn nokon sinne?
Begrunnelse
Ap/Sp-regjeringa kutta i budsjettforliket med Sosialistisk Venstreparti midlane til frivillige organisasjonar sitt arbeid med strandrydding og kamp mot marin forsøpling frå 70 millionar kroner i 2022 til 30 millionar kroner i 2023. Dette kuttet – som attpåtil vart gjort i «Frivillighetens år» - får no alvorlege konsekvensar for arbeidet med strandrydding mange stader langs norskekysten. Døme på dette er «Plastfritt hav» sitt ryddearbeid av strender i Giske på Sunnmøre, og Reno-Vest sine ryddeaksjonar i Vesterålen. Begge desse initiativa har rydda fleire hundre tonn plast vekk frå naturen dei siste åra med enorm dugnadsinnsats utløyst av relativt små statlege tilskot, men står no i fare for å stoppe opp på grunn av regjeringa sine store kutt i arbeidet med strandrydding.