Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3097 (2022-2023)
Innlevert: 05.09.2023
Sendt: 05.09.2023
Besvart: 12.09.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når ser statsråden for seg at vedtak og tilstrekkelig bevilgning for oppstart av rassikringsprosjektet K5 Bane og veg Arna-Stanghelle kan gjøres, og vil statsråden legge til rette for at vedtaket kan gjøres i det kommende statsbudsjett så man kan sikre den planlagte oppstarten av prosjektet høsten 2024?

Begrunnelse

03.09.2023 kom regjeringa med ein budsjettlekkasje på Arna stasjon, om at regjeringa set av 300 millioner kroner i komande års statsbudsjett til fellesprosjektet K5 Bergensbanen og veg E16 Arna-Stanghelle.
Statsministeren har også uttalt i media (BT) at regjeringa vil at Voss-Arna skal bygges, og at det skal vere god framdrift i prosjektet. Framdrift er absolutt viktig, då planlagt oppstart er hausten 2024, men for å sikre oppstart i 2024 har prosjektleiinga tidligare sagt at det trengs 600 millioner kr i tillegg til eit oppstartvedtak.
Det faktum at regjeringa i budsjettlekkasjen den 03.09.2023 kun har lagt inn halvparten av det signalisert behovet på 600 millioner kroner i 2024, og ikkje seier noko om at det er lagt inn eit oppstartvedtak, gjer at lokalpolitikarar i Vaksdal (Boris Groth) og Voss (Knut Kvissel) vert alvorleg bekymra for om regjeringa faktisk ser for seg oppstart i 2024 slik som planlagt.
Reguleringsplanen er godkjent, og prosjektet er som kjent so godt som klar til oppstart, prosjektorganisasjonen for K5 har gjort og gjer ein framifrå jobb med å gjere klart for, og sikre oppstart til planlagt tid i 2024. Ein ventar no kun på ferdigstilling av KS2 rapporten, som er venta klar i nær framtid.
K5 Bane og veg prosjektet er eit særs viktig rassikrings prosjekt med både lokale, regionale og nasjonale aspekt, då ferdig prosjekt vil binde Aust og Vestlandet endå tettare saman med raskare, tryggare og meir påliteleg Bergensbane og E16 for både person og godstrafikk.
Regionalt vil prosjektet utvide bu og arbeidsregionen rundt Bergen med trygg og langt raskare veg og Intercitybane Bergen-Stanghelle og etter kvart Voss.
Lokalt i Arna og tettstadane i Vaksdal kommune vil prosjektet kunne bidra til stor auke i folketal og næringsutvikling, og gje god utvikling i ein langstrakt distriktskommune.
K5 prosjektet har særs høg støtte blant befolkninga i Vestland.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er et høyt prioritert prosjekt for denne regjeringen. Det pågår nå kvalitetssikring av prosjektet (KS2). Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til prosjektet i statsbudsjettet for 2024.