Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:16 (2023-2024)
Innlevert: 03.10.2023
Sendt: 03.10.2023
Besvart: 09.10.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kva rutiner som gjelder ved slik type skilting, og kvifor skilt står igjen slik som beskrevet på E6 og andre stadar?

Begrunnelse

Eg køyrer mykje bil, og opplever ofte misbruk av skilt og skiltbruk ved ulike vegarbeid eller andre hendelsar.
Som døme kan eg bruke E6 nord om avkøyringa til Espa, der skilt har stått heilt utan mål og meining.
Sist no mandag kl. 0100 denne veka der det i 110 sona var skilta ned til 90-70 og 50 km/t for nokre hundre meter etter rett på 110 skilt på ordinær skilting.
- Ikkje synleg vegarbeide, ikkje anna aktivitet og heller ikkje opphevingsskilting av nedsatt fart i området. Dette såg ut til å vere slik i begge køyreretningar, noko det også var torsdag og fredag førige veke.
Eg har også ringt inn tidligare i år til 175 og varsla om noko liknande i samme området med skilting som var "gløymt" å ta vekk.
Eg opplever også at skilting ved vegarbeide i vekedagar der det ikkje er arbeide i helga, heller ikkje er fjerna skiltinga på ulike stadar.
Forøvrig har der stått på E6 i samme området som vist til over, eit stort skilt med varsel om stenging av vegen i inntil 20 minutter pga. sprengningsarbeide, dette skiltet har stått der i årevis utan at i vertfall eg har registrert verken vegarbeide eller noko form for sprengningsarbeide.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: To ulike omsyn kan være årsak til at det blir sett opp skilt om nedsett fartsgrense på ei vegstrekning: Det kan vere for å sikre dei som jobbar på eller langs vegen, eller for å ta vare på tryggleiken til trafikantane.
Fartsgrensa kan bli sette ned i ein periode av grunner som ikkje er synlege for trafikantane. Det kan til dømes vere skadar på vegen eller vegutstyret som gjer at det ikkje er forsvarleg å køyre i ein fart som vanlegvis er lovleg på strekninga.
Tryggleiken til trafikantar og vegarbeidararar kjem først, men det er også viktig å sikre framkomma for trafikantane. Derfor skal slike skilt ikkje stå oppe lengre enn høgst nødvendig.
I veke 39 var fartsgrensa skilta ned på ei strekning på E6 ved Espa fordi rekkverket var skadd. Vegvesenets entreprenør gjorde ei vurdering av skaden, og meinte det ikkje var forsvarleg at trafikken passerte i 110 km/t. Entreprenøren skilta difor farten ned forbi skadestaden. Skadane på rekkverket vart utbetra, og skilta om nedsett fart vart fjerna så fort dette var gjord. Natt til onsdag førre veke var fartsgrensa igjen 110 km/t.
I same område held Bane Nor på å bygge jernbanetunnel under E6. Når Bane Nor får utført sprenging rett under E6, må vegen stengast i korte periodar for å vareta tryggleiken til dei som køyrer på den. Etter at sprenginga er utført, må ein utføre ein sjekk av vegen for å sikre at det ikkje har oppstått skadar som påverkar trafikktryggleiken. Det er sett strenge krav til når og kor ofte Bane Nor kan gjennomføre desse sprengingane, slik ein unngår å stenge E6 på tidspunkt med mykje trafikk.
For å informere dei som blir ramma når vegen må stengast, er det sett opp eit informasjonsskilt på staden. Bane Nor arbeider med denne jernbanetunnelen i perioden 2022 - 2027, men skiltet vil bli teke ned så fort sprengingsarbeidet ikkje påverkar trafikken på E6.