Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2116 (2023-2024)
Innlevert: 24.05.2024
Sendt: 24.05.2024
Besvart: 31.05.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil utanriksministeren retta opp den uretten som er blitt gjort mot dei lokalt tilsette ved ambassaden i Sudan?

Begrunnelse

SV er gjort kjent med at alle dei lokalt tilsette ved ambassaden i Sudan er blitt sagt opp utan grunngiving og på svært urimelege vilkår.
Då borgarkrigen i Sudan braut ut midt i hovudstaden Khartoum, måtte alle legga ut på flukt. Dei lokalt tilsette gjorde ein heltemodig innsats i den storstilte evakueringa av dei norske utsende, for deretter å bli fullstendig overlatne til seg sjølv. Dei fleste mista alt dei eigde og er nå på flukt internt i landet eller i naboland.
Som takk for til dels langvarig teneste for Noreg fekk alle oppseiing på grått papir med ein månads oppseiingstid 29. november i fjor, der til og med dei innbetalte pensjonstrekka deira blir haldne tilbake. Andre vestlege land har anten halde på sine lokalt tilsette ved at dei nå arbeider ved andre ambassadar i regionen (USA, Tyskland, Italia, Japan) og/eller gitt dei gunstige sluttpakkar (EU, Frankrike, Storbritannia, Canada), medan Nederland evakuerte dei tilsette til Nederland og ga dei pensjon.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Krigsutbrotet i Sudan i april 2023 førte til at den norske ambassaden i Khartoum måtte stengje. Situasjonen var prega av stor uvisse, men det var likevel håp om at situasjonen skulle normaliserast slik at vi kunne opne opp ambassaden.

Fleire ambassadar valde å gå til oppseiingar av lokalt tilsette kort tid etter at arbeidsplassane deira blei stengde. På den norske ambassaden beheldt alle 16 lokalt tilsette jobben med full lønn, 12 av dei fram til og med november, dvs. i 7 månader etter at ambassaden måtte stengje.

Slik situasjonen utvikla seg blei det dessverre umogleg å opne opp. Desse lokalt tilsette blei oppsagde i november. Jobbane deira var falle bort. 4 av dei lokalt tilsette har fram til i dag hatt arbeidsoppgåver m.a. på andre utanriksstasjonar i regionen. Desse blir no oppsagde pga. bortfall av arbeidsoppgåver.

Ambassaden er dei lokalt arbeidsgivaren til tilsette. Ambassadøren har på vegner av utanriksministeren uttrykt si sterke medkjensle med dei som er ramma av oppseiingar som følgje av krigshandlingane.

Norske utanriksstasjonar forvaltar oppgåvene sine på ein god og forsvarleg måte. Dette inneber at budsjettmidlar blir forvalta effektivt. Det inneber òg å sjå til at lokal arbeidsrett blir følgd.

Kravet frå dei lokaltilsette om økonomisk kompensasjon er basert på ei anna tolking av lokal rett enn den som ambassaden opphavleg baserte seg på. Ambassaden har innhenta nye juridiske råd basert på lokal ekspertise. Ambassaden har òg konferert med nærståande land om korleis dei har kompensert sine tidlegare lokalt tilsette. Ulike land har valt ulike løysingar. Dette kjem m.a. av at tolkinga av lokale arbeidsrettslege reglar ikkje er eintydig.

Ambassaden har derfor gjort ei ny vurdering. Konklusjonen er at ambassaden utbetaler *de12 tidlegare lokaltilsette ein økonomisk kompensasjon tilsvarande 6 månaders lønn. Løysinga inneber at desse til saman vil ha fått lønn og økonomisk kompensasjon tilsvarande 13 månaders lønn i perioden etter at ambassaden stengde. Dei 4 andre lokaltilsette har inntil denne veka motteken lønn eitt år. Også desse vil i tillegg få økonomisk kompensasjon tilsvarande eit halvt års lønn. Etter at ambassaden stengd vil desse ha fått lønn og økonomisk kompensasjon tilsvarande 19 månaders lønn.