Spørsmål
Gunvald Ludvigsen (V): 85 milliardar kr er masse pengar, og det er eit så stort beløp av vi knapt forstår kva det dreier seg om. Men det er altså så mykje pengar som vi bruker på sjukehus – det har vi høyrt mange gonger.
Men eg skal ikkje snakke om dei som har masse pengar. Derimot skal eg snakke litt om dei som får minst av helsemilliardane, og det er dei fattige i landet vårt. Det er dei fattige, rusmisbrukarar, psykisk sjuke, bustadlause og folk som må ha sosialhjelp, som har dårlegast helse. Det er vi einige om. Dei er sjukast, og dei lever kortast. Det er store helseforskjellar mellom rike og fattige, og helsegapet ser ut til å auke. Det bekymrar oss i Venstre.
Mitt spørsmål til helseministeren er: Er helseministeren fornøgd med at helsegapet er blitt større også under denne regjeringa?