Spørretimespørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til samferdselsministeren

Om kva statsråden vil gjera for å oppfylla intensjonane om at hurtiggåande gassferger i sambandet Halhjem-Sandvikvåg oppfyller det som var forventningar og føresetnader

Datert: 20.11.2008
Besvart: 26.11.2008 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): No er det snart 2 år sidan sambandet Halhjem-Sandvikvåg fekk hurtiggåande gassferger. Forventningane om ei ny tid var store. Dessverre har skuffelsen vorte desto større. Dei reisande, både privatpersonar og næringsliv, er fortvila over manglande forutsigbarhet i høve til regularitet. I hovudsak skuldast dette at C-fergene altfor ofte er ute av trafikk.

Kva vil statsråden gjera for å oppfylla intensjonane om at hurtiggåande gassferger i dette sambandet oppfyller det som var forventningar og føresetnader?


Les hele debatten