Muntlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og likestillingsministeren

Om at rapporten frå Regjeringas fordelingsutval viser at det å fjerne kontantstøtta er usosialt på kort sikt, og at fordelingsverknadene av å fjerne ordninga på lang sikt er svært usikre

Datert: 13.05.2009
Besvart: 13.05.2009 av barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Den ferske rapporten frå Regjeringas fordelingsutval slår fast at barnehagar har innverknad på sosiale forskjellar seinare i livet. Ifølgje utvalet bør foreldre sende barna sine i barnehage så tidleg som mogleg, fordi barna då etter det som er sagt vil tene meir når dei blir vaksne.

Det er ingenting i rapporten som tyder på at det å vente med heildagsbarnehage til du er tre år, får negative konsekvensar for seinare yrkesliv, sjølv om Arbeidarpartiet og SV meiner at alle barn har best av å vere i heildagsbarnehage frå dei fyller eit år.

Tvert imot viser rapporten at det å fjerne kontantstøtta er usosialt på kort sikt, og at fordelingsverknadene av å fjerne ordninga på lang sikt er svært usikre. Å fjerne kontantstøtta vil bidra til ei meir ujamn inntektsfordeling, fordi ho blir mest nytta av familiar med låge inntekter.

Kristeleg Folkeparti meiner at rapporten kan verke som eit bestillingsverk, og at Regjeringa her har finansiert eit forskingsopplegg som rettferdiggjer deira eigen ideologiske kamp mot familiane sin valfridom. Saka blir ikkje betre av at fleire leiande skikkelsar i utvalet er opent venstreorienterte eller SV-sympatisørar.

TNS Gallup har gjennomført ei spørjeundersøking som tyder på at dersom kontantstøtta blir fjerna heilt, vil berre om lag 20 pst. av dei som mottek kontantstøtte i dag, velje barnehage. For dei resterande 80 pst. vil ei slik avgjerd altså berre føre til svekt økonomi. Kontantstøtta betyr mest for dei som har minst, og gjer at fleire foreldre kan velje å vere heime med dei minste barna.

Vil statsråden verkeleg straffe alle dei foreldra som uansett ønskjer å vere heime ved å ta frå dei over 3 000 kr i månaden?


Les hele debatten