Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å sikre at kommunane i større grad enn i dag bidreg til at alle lærarar som har behov for fagleg påfyll får _tilgang til etter- og vidareutdanning_
Datert: 10.05.2011 Rette vedkommende: Kunnskapsministeren Besvart: 18.05.2011 av kunnskapsminister Kristin Halvorsen
Jon Georg Dale (FrP): Nye tal viser at medan 4 000 lærarar søker om vidareutdanning i år, vil berre om lag 1 500 få tilbod frå sin kommunale arbeidsgjevar om å gjennomføre dette. Kompetansen til læraren er den viktigaste faktoren for å styrke læringa i skulen. Difor er det eit paradoks at kommunane ikkje tek sin del av ansvaret for etter- og vidareutdanninga for sine lærarar.Kva vil statsråden gjere for å sikre at kommunane i større grad enn i dag bidreg til at alle lærarar som har behov for fagleg påfyll får tilgang til etter- og vidareutdanning?