Spørretimespørsmål fra Bjørn Lødemel (H) til miljøvernministeren

Om at sentrale område for sørsamisk tamreindrift i Nord-Trøndelag har aukande tap til rovvilt på grunn av store bestandar av bjørn, jerv, gaupe og kongeørn, og kva som er gjort for å oppfylle rovviltforliket

Datert: 17.10.2012
Besvart: 24.10.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Bjørn Lødemel (H)

Spørsmål

Bjørn Lødemel (H): I rovviltforliket heiter det: "Det skal ikkje vere rovdyr som representerer eit skadepotensiale i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein". Sentrale område for sørsamisk tamreindrift i Nord-Trøndelag har framleis stort og aukande tap til rovvilt på grunn av store bestandar av bjørn, jerv, gaupe og kongeørn. Store delar av kalvingsområda for tamrein ligg innanfor rovviltområde som følgje av dagens forvaltningsplan.

Kva har Miljøverndepartementet gjort for å oppfylle dette punktet i rovviltforliket?


Les hele debatten