Muntlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til forsvarsministeren

Om at mange soldater har vegret seg mot å svare på Afghanistan-undersøkelsen fordi de har vært redde for å bli identifisert, og hvordan dette kan ha påvirket resultatet i undersøkelsen

Datert: 20.02.2013
Besvart: 20.02.2013 av forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Til forsvarsministeren: På måndag blei Afghanistan-undersøkinga lagt fram, og ho viser at 13 pst. av soldatane, tilsvarande 940 soldatar, trur at dei har tatt eitt eller fleire liv i Afghanistan. Kor mange liv det blir, er vanskeleg å rekne ut nøyaktig, men eg trur ikkje Bergens Tidende bommar når dei har overskrifta om at norske soldatar, på vegner av storting og regjering, «Har tatt tusenvis av afghanske liv».

Det det sjølvsagt viser, det det bekreftar, er at det er ein blodig krig vi har sendt våre ungdomar til. Undersøkinga viser tilsynelatande at dei ungdomane som er sende ned der, taklar dette bra. 7 pst. slit etter fire år. Ei tilsvarande dansk undersøking viste at 17 pst. av danske Afghanistan-veteranar sleit.

Så er spørsmålet om norske soldatar er to og ein halv gong så robuste som danske soldatar, eller om det er noko i denne undersøkinga som ikkje er heilt korrekt.

No har eg dessverre fått fleire tilbakemeldingar på at mange har vegra seg mot denne undersøkinga på grunn av ein er redd for å bli identifisert. Det er innleiingsvis ei omfattande spørsmålsstilling om alder, grad, kor lenge ein var i Afghanistan, kva for andre operasjonar ein har vore med på osv., som gjer at det er mange som har vore redde for å bli identifiserte. 50 pst. av dei som svarar, er framleis tilsette i Forsvaret, og det er ikkje nødvendigvis sikkert at dersom det er nokon som slit med alkoholproblem og dei blir spurde av sin arbeidsgjevar om kor mykje drikk, vil alle svare korrekt.

Spørsmålet mitt til forsvarsministeren er: Kva tenkjer statsråden om at det er mange som har vegra seg mot å svare? Korleis trur statsråden dette har påverka resultata i undersøkinga?


Les hele debatten