Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om statsministeren i tilstrekkeleg grad har god koordinering og innsats i møte med den ekstreme islamismen og terrortrusselen, eller om det er spesielle utfordringar som enno ikkje er adresserte systematisk nok, og med stor nok tyngd

Datert: 04.03.2015
Besvart: 04.03.2015 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Etterretningstenesta kom med si vurdering av sikkerheitstruslane i 2015, og den blei nyleg lagd fram. I den rapporten framheva ein sikkerheitstruslane knytte til Russland og Russlands forsøk på å styrkje si stilling i tidlegare sovjetstatar. Det blir òg påvist ein aukande trussel i det digitale rom, og både Kina og Russland blir nemnde som dei mest aktive aktørane bak nettverksbaserte etterretningsoperasjonar retta mot Noreg, men ikkje minst framhevar ein trusselen frå den ekstreme islamismen. ISIL, Al Qaida og andre islamistiske terrorgrupper opererer i Syria. ISIL har kjempa til seg kontrollen over store område i Irak og Syria. Det har skapt nye fristader for terrorisme i regionen, og det har auka terrortrusselen i regionen, men òg mot vestlege land.

Desse truslane angår langt fleire enn Forsvaret. Løysingane ligg i stor grad hos sivile instansar. Me må aktivt motverke farleg radikalisering i utsette ungdomsmiljø. Me må stanse finansieringa av denne terrorismen. Me må stanse rekruttering frå Noreg til terrorgrupper som ISIL, Nusrafronten, Al Qaida og fleire andre. Me må vere villige til å bidra militært til å styrkje utsette lands forsvarsevne mot terroristbevegelsar. Me må drive etterretning for å identifisere farlege personar som kjem heim etter å ha fått ideologisk indoktrinering og krigserfaring i terroristgrupper. Me må gi kommunar råd om korleis dei skal stille seg når personar som kjem heim frå slike krigsområde, kan utgjere ein sikkerheitsrisiko.

Det er i Noreg tatt initiativ til tiltak på fleire område, men mitt spørsmål til statsministeren er: Har me i tilstrekkeleg grad god koordinering og innsats i møte med den ekstreme islamismen og terrortrusselen, eller er det spesielle utfordringar som enno ikkje er adresserte systematisk nok, og med stor nok tyngd?


Les hele debatten