Muntlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Om det har oppstått større problem enn regjeringa føresåg i _gjennomføringsfasen av politireforma_, eller om statsråden ikkje har sørgt for at politidistrikta har nok ressursar til å klare denne fasen

Datert: 11.05.2016
Besvart: 11.05.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Spørsmålet mitt går til justisministeren.

Det er krevjande for politiet å skulle gjennomføre ei stor politireform samtidig som dei skal oppretthalde godt politiarbeid. Senterpartiet ønskte ei anna politireform enn den reforma som vart vedteke, fordi vi meiner det blir lagt til rette for langt større sentralisering enn det stortingsfleirtalet vil innrømme. No varslar fleire politidistrikt om at dei har for få ressursar, og somme prioriterer ope ned vinningskriminalitet fordi dei ikkje rår med alle oppgåvene. Vi får også høyre at det går utover oppfølging av meir alvorleg kriminalitet og det førebyggjande arbeidet.

Senterpartiet har problematisert dette tidlegare og åtvara mot moglege problem undervegs i gjennomføringsfasen av reforma. Eg meiner det er all grunn til å trekkje i tvil om regjeringa har lagt godt nok til rette for at politidistrikta skal kunne yte gode nok tenester til befolkninga, samtidig som dei skal gjennomføre politireforma, for ein kan jo spørje seg: Viss problema i politidistrikta ikkje har noko med politireforma å gjere, kva er då årsaka?

Framstegspartiet har stått fram som ein garantist for at politiet skulle få tilstrekkeleg med ressursar, vel å merke før dei kom i regjering. Det kan verke som om regjeringa og statsråden ikkje har vore førebudd på kor krevjande det vil bli å gjennomføre ei slik reform, og kor mykje ekstra det krev for at politiet skal kunne oppretthalde god tenesteproduksjon undervegs.

Spørsmålet mitt er som følgjer: Har det oppstått større problem enn regjeringa føresåg i gjennomføringsfasen av politireforma, eller har ikkje statsråden sørgt for at politidistrikta har nok ressursar til å klare denne fasen?


Les hele debatten