Muntlig spørsmål fra Jon Georg Dale (FrP) til olje- og energiministeren

Om statsråden kan nemne eitt enkelt tiltak, eller fleire samla, som er i stand til å kompensere for bortfallet i økonomien på fleire tiltals milliardar, som olje- og gassindustrien no varslar som ein konsekvens av regjeringa sitt forslag til endringar i oljeskatten

Datert: 20.05.2020
Besvart: 20.05.2020 av olje- og energiminister Tina Bru

Jon Georg Dale (FrP)

Spørsmål

Jon Georg Dale (FrP): Det er snart tre veker sidan regjeringa presenterte sitt forslag til endringar i oljeskatten. Sidan den gong har ein samla oljebransje, leverandørindustrien, NHO og LO praktisk talt slakta forslaget. Det ser likevel ikkje ut til å ha gjort nemneverdig inntrykk på regjeringa, som i dag gjev uttrykk for at dei er bekymra. Men det er ikkje bekymring som vert etterlyst, det er handling.

Investeringar i olje og gass bidreg til titusenvis av jobbar på sjøen og på land. No står investeringar på titalls milliardar kroner i fare, berre i 2020 og i 2021. Dette er investeringar som er så store at om regjeringa set i gong alt som var ferdig og klart til bygging av veg- og jernbaneprosjekt, alt som var planlagt av offentlege bygningar, og alt som er lett tilgjengeleg av vedlikehald i det norske samfunnet, vil ein ikkje vere i nærleiken av å kompensere for den aktiviteten som kan falle vekk i olje- og gassindustrien.

Det er alvor no. Arbeidsplassar står i fare. Verft kan gå over ende, store industrimiljø kan forvitre. Likevel flyttar altså ikkje regjeringa seg ein millimeter i spørsmål om oljeskatt. Derfor er mitt spørsmål til olje- og energiministeren: Ettersom det openbert sit så langt inne for regjeringa å gjere heilt nødvendige endringar og betringar i oljeskatten, kan statsråden nemne eitt enkelt tiltak, eller fleire samla, som er i stand til å kompensere for bortfallet i økonomien på fleire tiltals milliardar, som olje- og gassindustrien no varslar som ein konsekvens av regjeringa sitt forslag?


Les hele debatten