Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til statsministeren

Om kva preg statsministeren sikta til da han uttalde at klimakrisa skulle prege heile statsministergjerninga

Datert: 16.02.2022
Besvart: 16.02.2022 av statsminister Jonas Gahr Støre

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Om to veker lanserer FNs klimapanel den nye delrapporten sin. Vi hugsar alle den førre rapporten, som kom 9. august i fjor og skapte eit stort engasjement. Veka etterpå, den 16. august, uttalte den dåverande statsministerkandidaten Jonas Gahr Støre:

Han sa også at han «vil telle klimautslipp like nøye som kroner og øre i statsbudsjettet».

Statsministerkandidaten vart statsminister og fekk gleda av å leggje fram eit statsbudsjett før jul. Det la opp til auka klimagassutslepp, ikkje lågare – nærmare bestemt to millionar tonn meir CO2-utslepp enn budsjettet til den borgarlege regjeringa. Og det er det ikkje berre eg som seier, det vart bekrefta av Støres eigen klima- og miljøminister. Han følgde nemleg valløftet om å telje klimagassutslepp like nøye som kroner og øre og konkluderte med at utsleppa ville gå opp – eit klart brot med den gjeldande klimaplanen. Svaret til Støre har vore at dei raskt skal utarbeide ein ny klimaplan. Ein må spørje seg kva regjeringa skal med ein ny klimaplan når dei ikkje vil følgje den gjeldande klimaplanen.

Klimakrisa skulle prege heile statsministergjerninga, sa Støre. No er nok neppe den gjerninga over heilt enno, men eg kan faktisk ikkje kome på ei einaste klimanyheit frå denne regjeringa sidan ho tiltredde for fire månader sidan – med unntak av i førre veke, då dei presenterte ei havvindsatsing som var ei halvering av den utbygginga den borgarlege regjeringa la opp til. Med å si nei til hybridkablar gjorde ein eit lønsamt prosjekt ulønsamt, og det er ganske godt gjort. Det er krevjande nok å gjere dei ulønsame klimaprosjekta lønsame.

Spørsmålet vert då: Dersom klimakampen skulle prege heile statsministergjerninga til Støre, kva type preg var det eigentleg han sikta til?


Les hele debatten