Muntlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til justis- og beredskapsministeren

Om justisministeren har lytta til hovudverneombodet, som no etter tolv år i teneste kjem med eit klart råd til oss om at det er på tide å ha generell væpning av politiet òg i Noreg, og med det kunna gje tillit til dei dyktige politifolka våre om at dei kan handtera dette på ein god måte

Datert: 22.05.2024
Besvart: 22.05.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Justisministeren kan få lov til å bli ståande.

Politi og trygge innbyggjarar er eit viktig tema som òg opptek Framstegspartiet. Det er difor me allereie i oktober i fjor føreslo å setja av meir pengar til politiet i budsjettet, slik at me kunne bruka pengane heile året og ikkje koma i ein situasjon der det kjem ekstra pengar fleire gonger i løpet av året. Det hadde vore betre med litt meir langsiktig planlegging.

I tillegg til pengar treng me òg ei verktøykasse for politiet. Politiet føler at dei har både for lite ressursar og for lite folk, men dei har òg for lite verktøy. Eg merkar meg spesielt at hovudverneombodet som etter tolv år no skal gje seg, kjem med ei klar anbefaling til oss folkevalde og til justisministeren om at det er på tide å setja væpning av politiet på dagsordenen – at politiet, som politiet i andre land, sjølvsagt må kunna ha våpen utan at det skal vera eit system der ein har dei innelåste i bilar, og der dei er vanskeleg tilgjengelege. Me må kunna gje politiet tillit til å bera våpen og med det unngå at det stadig kjem nyheitsoppslag om at det no er generell væpning for den anledninga og den anledninga.

Mitt spørsmål er: Har justisministeren lytta til hovudverneombodet, som no etter tolv år i teneste kjem med eit klart råd til oss om at det er på tide å ha generell væpning av politiet òg i Noreg, og med det kunna gje tillit til dei dyktige politifolka våre om at dei kan handtera dette på ein god måte?


Les hele debatten