I Stortingets møte 31. mai 2012 ble det gjort slikt
§ 1 Føremål
Føremålet med den statlege bustøtta er å sikre personar
med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad.
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld for personar som er registrerte i folkeregisteret
og lovleg busette i Noreg.
§ 3 Vilkår for rett til bustøtte
Rett til bustøtte har søkjarar som
a) er over 18 år eller har eigne barn som bur
i bustaden,
b) svarar for buutgifter i ein bustad som fyller vilkåra
i § 5, og
c) sjølve bur i bustaden.
§ 4 Unntak for visse personar
Dei som gjer førstegongsteneste i Forsvaret eller sivilteneste,
har ikkje rett til bustøtte.
Studentar som ikkje har barn i husstanden, har ikkje rett
til bustøtte. Som studentar blir rekna alle som har rett til ytingar
frå Statens lånekasse for utdanning. Dei som studerer innanfor eit
offentleg program for arbeidskvalifisering, har likevel rett til
bustøtte.
Dei som bur saman med ein person som ikkje har rett til
bustøtte etter første og andre ledd, har ikkje rett til bustøtte.
Foreldre som bur saman med eigne barn som er studentar, har likevel
rett til bustøtte.
Bebuarar i ein institusjon der det kan bli kravd vederlag
for opphaldet på grunnlag av inntekt, har ikkje rett til bustøtte.
§ 5 Krav til bustaden
Vilkår for å få rett til bustøtte er at bustaden
a) er godkjend som bustad,
b) er ein sjølvstendig bustad med eigen inngang, og
c) har eige bad og toalett og gjev høve til kvile og matlaging.
Om ein kommune har vedteke tildeling av utleigebustader
til helse- og sosialføremål, kan det gjerast unntak frå krava i
bokstav b og c dersom bustadene er organiserte som bufellesskap
eller liknande.
§ 6 Utrekning av bustøtte
Den bustøtta som skal betalast ut, blir utrekna som ein
fastsett prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og ein
eigendel. Eigendelen blir fastsett ut frå inntekta og formuen til
husstanden.
Departementet kan i forskrift gje reglar om satsar og om
utrekning og utbetaling av bustøtte.
§ 7 Finansiering og organisering
Staten dekkjer utgiftene til bustøtte.
Husbanken og kommunane administrerer bustøtteordninga.
Kommunane dekkjer sine eigne utgifter til administrasjon.
Departementet kan i forskrift gje reglar om administrasjon
og handsaming av bustøtte.
§ 8 Handsaming av personopplysningar
Husbanken kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege
styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag og eigarseksjonssameige
å gje opplysningar som har verknad for rettar eller plikter som
følgjer av denne lova eller av forskrifter gjevne med heimel i lova.
Husbanken og kommunane skal ikkje hente inn og nytte slike
opplysningar i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld.
Det gjeld ikkje dersom det er uhøveleg vanskeleg å hente inn samtykke,
og det er klart at den personopplysningane gjeld, ville ønskt slik
handsaming.
Når allmenne interesser tilseier det, kan departementet
med forskrift eller i enkelttilfelle samtykkje i at opplysningane
i bustøtteregisteret kan bli brukte av andre offentlege styresmakter.
§ 9 Overføring av krav på bustøtte
Uforfalne krav på bustøtte kan overførast til kommunar
som gjev forskot til dekking av buutgifter eller avdrag og renter
på bustadlån for det same tidsrommet. Bustøttemottakaren må på førehand
skriftleg ha gjeve eit frivillig, uttrykkeleg og informert samtykke om
at kravet kan overførast.
§ 10 Rett til å krevje for mykje utbetalt bustøtte
tilbake
Husbanken kan krevje bustøtta tilbake dersom
a) mottakaren visste eller burde ha visst at
han eller ho ikkje har hatt krav på støtte,
b) mottakaren eller nokon som har handla på vegner av mottakaren,
aktlaust har gjeve galne eller mangelfulle opplysningar,
c) Husbanken eller kommunen har gjort eit mistak og mottakaren
burde ha skjøna det, eller
d) etterkontroll syner at husstanden i perioden det er motteke
bustøtte for, har hatt inntekt og/eller formue som overstig grenser
gjevne av departementet i forskrift. Det gjeld utan omsyn til kven
som er skuld i at det er utbetalt for mykje.
Departementet kan i forskrift gje reglar om tilbakebetaling
av bustøtte.
§ 11 Tvangsgrunnlag og særleg namsstyresmakt
Vedtak om krav på tilbakebetaling av bustøtte er tvangsgrunnlag
for utlegg. Kravet kan drivast inn av Husbanken eller overførast
til Statens innkrevjingssentral som særleg namsstyresmakt.
Statens innkrevjingssentral kan drive kravet inn ved trekk
i løn og andre liknande ytingar etter dekningsloven § 2-7. Statens
innkrevjingssentral kan òg drive inn kravet ved å stifte utleggspant
for kravet dersom panteretten kan gjevast rettsvern ved registrering i
eit register eller ved melding til ein tredjeperson, jf. lov 8.
februar 1980 nr. 2 om pant kapittel 5, og utleggsforretninga kan
haldast på kontoret til Statens innkrevjingssentral etter lov 26.
juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse § 7-9 første ledd.
§ 12 Gjeldstinging og ettergjeving av krav
Krav på tilbakebetaling av bustøtte kan gjerast til ein
del av gjeldstingingar etter gjeldsordningsloven og til ein del
av utanrettslege gjeldstingingar.
Husbanken og Statens innkrevjingssentral kan ettergje krav
på tilbakebetaling av bustøtte, renter og kostnader dersom det ikkje
lèt seg gjere å drive kravet inn.
Dersom skuldnaren ikkje kan innfri kravet på grunn av dødsfall,
særleg alvorleg sjukdom eller liknande, kan kravet setjast ned sjølv
om det ikkje gjev betre dekning enn vidare innkrevjing.
Enkeltvedtak etter denne paragrafen kan ikkje påklagast.
§ 13 Klage på vedtak om bustøtte
Departementet kan i forskrift gje reglar om særskild klagenemnd
for enkeltvedtak etter denne lova.
§ 14 Ikraftsetjing og overgangsreglar
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
Departementet kan gje forskrift om overgangsordningar for mottakarar
som fekk bustøtte i same bustad i juni 2009.
§ 15 Endringar i andre lover
Frå denne lova tek til å gjelde, skal lov 29. mai 2009
nr. 30 om Husbanken endrast slik:
§ 1 andre ledd skal lyde:
Husbanken skal forvalta bustøtte og
låne- og tilskotsordningar og medverka til å utvikla og formidla kunnskap
om mål, metodar og resultat innanfor sitt saksområde.
§ 9 skal lyde:
§ 9 Ettergjeving av krav
Husbanken kan ettergje krav om å betala tilbake lån eller tilskot
dersom det ikkje lèt seg gjera å driva inn kravet.
§§ 10, 11 og 12 blir oppheva. Noverande § 13 blir
ny § 10.
Dag Terje Andersen |
president |