I Stortingets møte 9. desember 2013 ble det gjort slikt
I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande
marine ressursar blir det gjort følgjande endringar:
§ 55 skal lyde:
§ 55 Kontrollavgift og avgift til fiskeriforsking og overvaking
Departementet kan fastsetje forskrifter om kontrollavgift og
avgift til fiskeriforsking og overvaking.
Slike forskrifter kan innehalde føresegner om plikt til
å svare avgift, korleis ho skal krevjast inn og om opplysningsplikt
for den som leverer og den som tek imot fangst når dette er avgjerande
for omfanget av avgiftsplikta.
Skuldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Olemic Thommessen |
president |