År 2001 den 6. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova)
gjøres følgende endringer:
§ 44 b første og andre
punktum skal lyde:
Reisekostnadane ved samvær skal delast
mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der
foreldra ikkje blir samde om noko anna. Dersom særlege grunnar
gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadane.
§ 52 andre ledd skal lyde:
Til særlege utlegg så lenge
underhaldsplikta varer, kan foreldra påleggjast å yte
særtilskot. Det er eit vilkår at utlegga er rimelege
og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det
løpande fostringstilskotet skal dekke. Krav om
særtilskot må setjast fram innan eit år
etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet
kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot.
§ 53 andre og tredje ledd skal lyde:
Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang
som må reknast som vanleg, har det krav på pengetilskot
for den tid skulegangen varer ved. Det skal fastsetjast
ei tidgrense for krav på tilskot etter denne regelen.
Foreldra kan også påleggjast å yte
tilskot til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter
interessene og givnaden til barnet, høvet til å skaffe
seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og tilhøva
elles. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på slike
tilskot.
§ 54 første og andre ledd skal
lyde:
Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet.
Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar
av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan
dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet,
men slik at løpande tilskot berre skal endrast dersom reglane
i lova vil medføre ei endring på meir enn 10 prosent.
Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd
om fastsetjing og endring av fostringstilskot.
Nåverande åttende ledd oppheves.
Ny § 54 a skal lyde:
§ 54 a Offentleg utmåling av
fostringstilskot
Tilskotsfuten skal fastsetje tilskotet slik at
fastsette utlegg til forsyting av barnet (underhaldskostnadene) vert
delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira.
Tilskotet skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare
tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til eige
underhald mv. (bidragsevnevurderinga). Tilskotet skal som hovudregel
reduserast for skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær.
Har foreldra avtala delt bustad etter lova § 35 a, gjeld særskilte
reglar.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar
om utmåling av fostringstilskot etter lova her.
§ 56 andre ledd skal lyde:
Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som
er fastset etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 5
første stykket.
§ 58 nytt andre ledd skal lyde:
Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har
full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn
ei viss prosent av inntekta, kan avgjerdsorganet av eige tiltak
foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette
gjeld i alle typer saker der det kjem minst eit krav om førstegangsfastsetjing,
klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta
opp eitt krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har
barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar.
Lova §§ 54 andre ledd og 57 første ledd
gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande
reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.
§ 59 første, andre og tredje ledd
skal lyde:
Tilskotsfuten kan utan opphald fatsetje eit førebels
tilskot. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at motparten får
seie si meining.
Tilskotsfuten kan etter krav ta førebels avgjerd om å setje
ned tilskot utan at motparten får seie si meining. Dette
gjeld dersom tilskotsfuten finn det klårt at vilkåra
for det er til stades.
Førebels avgjerd etter første og
andre stykket gjeld frå og med den månaden
kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd
kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld
berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.
Nåværende femte ledd blir fjerde
ledd.
I lov 9. desember 1955 nr. 5 om innkreving av underholdsbidrag
mv. (bidragsinnkrevingsloven) skal § 3 første
ledd lyde:
Innkrevingssentralen skal alltid kreve
inn det samlede underholdsbidrag dersom bidragsmottakeren får utbetalt
bidragsforskott etter reglene i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott
(forskotteringsloven).
I lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven)
gjøres følgende endringer:
§ 1 skal lyde:
§ 1 Formål
Formålet med bidragsforskott er å sikre
at barn som omfattes av loven her etter nærmere
regler får utbetalt et underholdsbidrag fra
det offentlige hver måned.
§ 4 nytt tredje ledd skal lyde:
Retten til forskott faller bort dersom inntekten
til den som har rett til å motta forskott på vegne
av barnet overstiger 320 ganger fullt bidragsforskott per barn per
måned. Departementet gir forskrift om hva som skal regnes
for forskottsmottakers inntekt.
§ 5 skal lyde:
§ 5 Forskottets størrelse
Departementet fastsetter det beløp som
kan utbetales som fullt bidragsforskott per barn. Forskott gis med
100, 75 eller 50 prosent av fullt forskott, avhengig av forskottsmottakers
inntekt. I tilfeller som nevnt i § 3 tredje ledd andre
punktum gis alltid fullt forskott med mindre bortfallsregelen i § 4
tredje ledd kommer til anvendelse.
Den som setter fram krav om forskott som skal fastsettes
ut fra mottakers inntekt, eller som er tilstått slikt forskott,
skal selv dokumentere sine inntektsforhold i den utstrekning og
på den måte som bidragsfogden bestemmer. Dersom
det ikke legges fram slik dokumentasjon, kan krav om forskott avslås
eller tilstått forskott stanses.
Departementet kan gi forskrift om hva som skal regnes
for inntekt etter paragrafen her og om inntektsgrensene for å kunne
få 100 eller 75 prosent av fullt forskott. Inntektsgrensene
skal fastsettes under hensyn til antall barn som forskottsmottakeren
forsørger og under hensyn til om vedkommende er samboer eller
bor alene sammen med barna.
§ 6 tredje ledd nytt andre punktum skal
lyde:
Det kan da ytes forskott på bidrag fra
hver av foreldrene, svarende til fullt bidragsforskott fra hver
av dem.
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
gjøres følgende endringer:
§§ 15-10 og 22-9 oppheves.
I lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt
(skatteloven) gjøres følgende endringer:
§ 5-43 første ledd ny bokstav
h skal lyde:
§ 6-32 annet ledd annet punktum skal lyde:
Det gis særskilt fradrag i pensjon o.l.
til barn, og i ektefelletillegg etter folketrygdloven.
Nåværende tredje punktum oppheves.
Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan iverksette
de enkelte bestemmelser til ulik tid.
Departementet kan gi nærmere overgangsregler.
Gunnar Skaug |
Anita Apelthun Sæle |
president |
sekretær |