År 2004 den 21. oktober holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande
skolar (friskolelova) blir det gjort følgende endringer:
§ 1-4 nytt andre ledd skal
lyde:
Departementet kan etter søknad gjere
unntak frå første ledd for verksemd som er nært
knytta til skoleverksemda og som utgjer ein mindre del av den totale verksemda.
Ny § 1-5 Forsøksverksemd skal
lyde:
Departementet kan etter søknad frå ein
frittståande skole gi løyve til at det blir gjort
avvik frå lova og forskriftene etter lova i samband med
tidsavgrensa pedagogiske eller organisatoriske forsøk.
§ 2-1 nytt sjette ledd skal lyde:
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar
i samband med søknad om godkjenning av ein frittståande
grunnskole.
§ 2-2 skal lyde:
§ 2-2 Godkjenning av vidaregåande skolar
Frittståande vidaregåande skolar
som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til
godkjenning og offentlege tilskot.
Retten til godkjenning gjeld berre dersom etableringa
av skolen ikkje vil medføre vesentlege negative konsekvensar
for vertsfylket. Vertsfylket skal gi fråsegn før
departementet gjer vedtak i saka.
Retten til godkjenning, jf. første og
andre ledd, gjeld ikkje norske frittståande vidaregåande
skolar i utlandet, internasjonale frittståande vidaregåande skolar
i Noreg og frittståande vidaregåande skolar oppretta
for funksjonshemma. Departementet kan likevel, etter ei samla vurdering,
godkjenne slike skolar. Før ein internasjonal frittståande
vidaregåande skole eller ein vidaregåande skole
for funksjonshemma blir godkjend, skal vertsfylket gi fråsegn
i saka.
Frittståande skolar som har til formål å gi
vidaregåande yrkesretta opplæring som ikkje blir
gitt ved vidaregåande offentlege skolar, kan godkjennast
etter reglane i kapittel 6A.
Skolen må være registrert i Einingsregisteret,
jf. lov 3. juni 1994 nr. 15, eller i tilsvarande register.
For skolar som er godkjende etter lov 14. juni 1985 nr.
73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev
vidaregåande opplæring, tek femte ledd
til å gjelde frå det tidspunktet departementet
fastset.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar
i samband med søknad om godkjenning av ein frittståande
vidaregåande skole.
§ 2-3 skal lyde:
§ 2-3 Innhald og vurdering
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende
av departementet. Det må gå fram av planen kva
slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Frittståande skolar skal
anten følgje den læreplanen som gjeld for offentlege skolar,
eller læreplanar som på annan måte sikrar
elevane jamgod opplæring, jf. opplæringslova § 2-1
første ledd og § 3-4 første
ledd. Ellers har skolen sin undervisningsfridom.
Departementet kan gi forskrifter om
vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.
§ 2-4 andre ledd skal lyde:
Opplæringslova kapittel 9A gjeld også for
skolar godkjende etter lova her. Departementet er klageinstans.
§ 3-1 skal lyde:
§ 3-1 Inntak av elevar
Dei frittståande skolane skal ha heile landet
som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle
som fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar. Dette
gjeld òg norske skolar i utlandet og internasjonale skolar
i Noreg.
Ved inntak til frittståande vidaregåande
skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring
etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre
vaksne søkjarar med rett til vidaregåande opplæring
etter opplæringslova § 4A-3. Skolar for funksjonshemma
kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til
vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere
realkompetansen til ein vaksen søkjar før han
eller ho kan takast inn som elev ved ein frittståande vidaregåande
skole. Norske frittståande vidaregåande skolar
i utlandet kan ikkje ta inn vaksne.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa
av søkjarar, dersom søkinga er større enn
kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering
ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor
den avgrensinga som følgjer av første og andre
ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane
som skal takast inn.
Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast
til heimkommunen til eleven. Melding om inntak til vidaregåande skolar
skal sendast til heimfylket til eleven. Skolen
skal melde frå til heimfylket om behovet for læreplass
når eleven er teken inn på vidaregåande
kurs I.
Departementet kan gi forskrifter om inntak av vaksne
søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring og
om inntak av utanlandske søkjarar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova.
Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2.
Departementet er klageinstans.
Når det gjeld skolar for funksjonshemma,
kan departementet gi dispensasjon frå reglane
i andre ledd.
§ 3-2 andre ledd skal lyde:
Elevar i vidaregåande skolar som er godkjende
etter denne lova, nyttar retten sin til vidaregåande opplæring
etter opplæringslova § 3-1 og § 4A-3.
§ 3-6 femte ledd skal lyde:
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje opplæringstilbod
som er spesielt organisert for vaksne.
§ 3-7 femte ledd skal lyde:
Reglane i denne paragrafen gjeld ikkje opplæringstilbod
som er spesielt organisert for vaksne.
§ 4-2 endres slik:
§ 4-2 andre ledd blir § 6A-4 første
ledd. Nåværende tredje og fjerde ledd blir andre
og tredje ledd.
§ 4-2 fjerde ledd siste punktum skal lyde:
Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova § 54D.
§ 4-4 endres slik:
Siste punktum blir § 6A-5.
§ 5-1 første ledd skal lyde:
Som øvste ansvarlege organ skal kvar skole ha
eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast
i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter. Rett
til å vere til stades på møte i styret,
til å seie meininga si og få denne tilført
protokollen, har:
a) ein representant oppnemnd av vertskommunen når
det gjeld ein grunnskole, ein representant oppnemnd av fylkeskommunen
når det gjeld ein vidaregåande skole,
b) ein representant for elevrådet ved skolar som
har slikt råd,
c) ein representant frå foreldrerådet
ved skolar som har slikt råd,
d) ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
e) ein representant for andre tilsette ved skolen,
f) dagleg leiar av skolen.
§ 6-1 første ledd skal lyde:
Frittståande grunnskolar som er godkjende etter § 2-1
får offentleg tilskot etter reglane i denne paragrafen. Dette
gjeld likevel ikkje skolar oppretta for funksjonshemma, sjå § 6-6.
§ 6-2 tredje ledd skal lyde:
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer
alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset
storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere
inntil 15 % av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastset,
jf. § 6-1, med eit beløp fastsett av departementet
i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader.
Dersom skolen har driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået
ved ein tilsvarande offentleg skole i kommunen det er naturleg å samanlikne
seg med, men som ikkje blir dekte av tilskotsgrunnlaget, kan styret
søkje departementet om å få godkjent
høgare skolepengar. Skolen kan ikkje krevje noka form for
betaling frå elevar eller foreldre utover det som følgjer
av denne føresegna.
§ 6-3 skal lyde:
Offentleg tilskot til frittståande vidaregåande
skolar som er godkjende etter § 2-2, får offentleg
tilskot etter reglane i denne paragrafen. Dette gjeld likevel ikkje
skolar oppretta for funksjonshemma, sjå § 6-6.
1. For vidaregåande skolar som er
godkjende etter § 2-2, blir
85 % av dei utgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget,
dekte ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein
normalsats. Ved utrekninga av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene
i den offentlege vidaregåande skolen leggjast til grunn.
2. Godkjende norske vidaregåande skolar i utlandet får
statstilskot med 85 % av ein normalsats pr. elev. Ved utrekninga
av normalsatsen skal dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege
vidaregåande skolen leggjast til grunn.
Departementet kan gi forskrifter.
§ 6-4 tredje ledd skal lyde:
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer
alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset
storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere
inntil 15 % av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastset,
jf. § 6-3, med eit beløp fastsett av departementet
i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader.
Dersom skolen har driftsutgifter som svarer til utgiftsnivået
ved ein tilsvarande offentleg skole det er naturleg å samanlikne
seg med, men som ikkje blir dekte av tilskotsgrunnlaget, kan styret
søkje departementet om å få godkjent
høgare skolepengar.
Nytt kapittel 6A skal lyde:
Kapittel 6A. Vidaregåande skolar
som gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande
offentlege skolar
§ 6A-1 Godkjenning av skolar som
gir yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande
offentlege skolar
Departementet kan etter ei samla vurdering godkjenne
vidaregåande skolar i Noreg som har til føremål å gi
yrkesretta opplæring som ikkje blir gitt ved vidaregåande
offentlege skolar. For skolar godkjende etter paragrafen her, gjeld
reglane i dette kapitlet.
Departementet kan i forskrift fastsetje fristar
i samband med søknad om godkjenning av ein skole etter
reglane i denne paragrafen.
§ 6A-2 Innhald og vurdering
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende
av departementet. Det må gå fram av planane kva
slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolen
skal ha læreplanar som er på nivå med
planar for offentleg vidaregåande opplæring.
Departementet kan gi forskrifter om vurdering
av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.
§ 6A-3 Inntak av elevar
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde. Dei
skal stå opne for alle som fyller vilkåra for
inntak i offentlege skolar.
Ved inntak skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring
etter opplæringslova § 3-1 prioriterast føre vaksne
søkjarar med rett til vidaregåande opplæring etter
opplæringslova § 4A-3. Skolane kan også ta
inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande
opplæring.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa
av søkjarar, dersom søkinga er større enn
kapasiteten til skolen. Reglementet skal innehalde reglar for prioritering
ut frå saklege omsyn. Inntaksreglementet skal liggje innanfor
den avgrensinga som følgjer av første og andre
ledd. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane
som skal takast inn.
Departementet kan gi forskrifter om inntak av utanlandske
søkjarar.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova.
Avgjerd om inntak er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2.
Departementet er klageinstans.
Når det gjeld skolar for funksjonshemma,
kan departementet gi dispensasjon frå reglane i andre ledd.
§ 6A-4 Kompetansekrav til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet ved skolar godkjende
etter § 6A-1, fastset styret krav til kompetanse, dersom
departementet i det einskilde tilfellet ikkje har fastsett noko
anna.
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller
kompetansekrava etter første ledd, kan andre tilsetjast
mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode,
skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.
Ved tilsetjing gjeld arbeidsmiljølova § 54D.
§ 6A-5 Lønns- og arbeidsvilkår
Ved skolar godkjende etter § 6A-1 fastset
styret lønns- og arbeidsvilkåra.
§ 6A-6 Bortvising
Skolen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som
alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga.
Elevar kan visast bort i inntil fem dagar. Den daglege leiaren av
skolen vedtek sjølv bortvising etter å ha rådført
seg med lærarane til eleven.
Når ein elev vedvarande har vist ei framferd
som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen,
eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene
sine, kan eleven etter vedtak av styret visast bort frå resten
av det kurset eleven er teken inn på.
Manglande betaling av skolepengar kan føre
til bortvising.
Før det blir gjort vedtak om bortvising,
skal skolen vurdere andre hjelpe- eller refsingstiltak.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningslova.
Avgjerd om bortvising er enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2.
Departementet er klageinstans.
§ 6A-7 Andre føresegner
For skolar som er godkjende etter § 6A-1
gjeld
§ 1-1 om formålet med lova
§ 1-2 om verkeområdet
§ 1-4 om verksemda til skolen
§ 2-2 femte og sjette ledd om registrering
i Einingsregisteret
§ 2-4 om undervisningsrom, utstyr og
skolemiljø
§ 3-3 tredje ledd om skolegangen, jf. § 6A-6
§ 3-4 om tilpassa opplæring
§ 3-8 om om helsetilsyn
§ 3-9 om ordensreglement og liknande
§ 3-11 om rådgiving
§ 4-1 om leiing
§ 5-1 om styret, med unntak av bokstavane
a) og c)
§ 5-2 om styret sine oppgåver,
med unntak av bokstavane a) og e)
§ 5-3 om elevråd, med unntak
av første ledd første punktum
§ 7-1 om budsjett, rekneskap og revisjon
§ 7-2 om tilsyn m.m.
§ 7-3 om teieplikt
§ 7-4 om opplysningsplikt til barneverntenesta
§ 7-5 om opplysningsplikt til sosialtenesta
§ 6A-8 Offentleg tilskot
For skolar godkjende etter § 6A-1 blir
75 % av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, dekte
ved statstilskot. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats.
Føresetnaden er at elevane får undervisning som
minst svarer til eit halvt skoleår. Skolar for funksjonshemma
får tilskot etter § 6-6.
Skolar som tek imot offentlege tilskot som ikkje dekkjer
alle driftsutgifter, kan krevje inn skolepengar. Styret fastset
storleiken på skolepengane. Skolepengane kan utgjere inntil
25 % av det tilskotsgrunnlaget som Stortinget fastset,
jf. § 6-3, med eit beløp fastsett av departementet
i tillegg for dekning av utgifter til husleige/kapitalkostnader.
Styret kan søkje departementet om å få godkjend
høgare skolepengar dersom skolen har driftsutgifter som
ikkje blir dekte av tilskotsgrunnlaget.
Departementet kan i forskrift gi nærmare
reglar om offentleg tilskot.
Denne loven trer i kraft 1. desember 2004.
Departementet kan i forskrift fastsette overgangsregler for skoler
som allerede er godkjent.
Ågot Valle |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |