Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Luftfartsverkets tilbud av tjenester i det regionale flyplassnett

St.prp. nr. 61 (2001-2002), Innst. S. nr. 269 (2001-2002)

Vedtak 517

1. Stortinget går imot at lufthamnene Fagernes, Narvik og Vardø ikkje skal omfattast av systemet med anbodsruter frå 1. april 2003.
2. Stortinget ber om at det i rulleringa av Nasjonal transportplan vert innarbeidd fylgjande:
a) ein grundig informasjon og ei vurdering av situasjonen på heile luftfartsområdet i Noreg,
b) ei vurdering av den einskilde flyplass ut frå totale samfunnsmessige omsyn,
c) ei særskilt vurdering av luftfarten si rolle i distrikta.
3. Dersom Regjeringa vel å koma tilbake til Stortinget med forslag til strukturelle endringar i flyplasstrukturen, er det ein føresetnad at
a) avbøtande tiltak er på plass før eventuell nedlegging av ein flyplass dersom ikkje noko anna er akseptert i kommunar/område som er omfatta av slik nedlegging,
b) det vert lagt opp til ein tett dialog med involverte partar for å sikra løysingar alle kan leva med.