Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Endringar i statsbudsjettet 2020 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Prop. 26 S (2020-2021), Innst. 81 S (2020-2021)

Vedtak 73

I statsbudsjettet for 2020 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

1

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, blir løyvd med …................................................................................................................

479 100 000

502

71

Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med….......................................

8 900 000

frå kr 195 000 000 til kr 203 900 000

Vedtak 74

Stortinget samtykker i at det med verknad frå 16. september 2020 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 15. oktober 2020.

Vedtak 75

Stortinget samtykker i at det med verknad frå 16. september 2020 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Akademikerne i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 15. oktober 2020.

Vedtak 76

For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

Vedtak 77

Stortinget samtykker i at Kongen på vegner av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2020 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov 18. juli 1958 nr. 2 om offentlige tjenestetvister § 31 andre ledd.

Vedtak 78

Stortinget samtykker i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.