Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Kommisjonspresidentens årstale

President i Europakommisjonen, Ursuala von der Leyen, heldt 14. september si årstale i Europaparlamentet i Strasbourg. Ho brukte mykje av talen til å uttrykkje solidaritet med Ukraina og sa det er behov for tiltak for å redusere energiprisane. Dette fekk brei støtte i salen. Ho omtalte Noreg som ein påliteleg venn og sa ho hadde avtalt med statsminister Støre å etablere ei arbeidsgruppe for å sjå på gassprisen. I ein tale der ordet «krise» vart brukt ofte, varsla ho elles initiativ for å sikre Ukraina saumlaus tilgang til den indre marknaden, styrka partnarskap med likesinna europeiske land, tiltak for å sikre tilgang til og foredling av strategiske råvarer i Europa og ei pakt for å forsvare europeiske demokrati. Ho sa ja til å starte ein prosessen med sikte på traktatrevisjon i EU.

Frå Per S. Nestande, Stortingets Brusselkontor.

President i Europaparlament, Roberta Metsola, sa ved starten av møtet at invasjonen i Ukraina, energi- og klimakrise og auka levekostnadar i Europa dannar eit dystert bakteppe for årstalen. Ho ynskte spesielt velkomen til Olena Zelenska, kona til den ukrainske presidenten, som var til stades i Europaparlamentet under talen og uttykte beundring for det motet ho og det ukrainske folket har vist i krigen. Les også Europaparlamentets pressemelding og heile talen.

Von der Leyen sa –litt upresist – det var fyrste gong årstalen var heldt medan det herjar krig i Europa. Etter den russiske invasjonen i Ukraina i februar har heile kontinentet stått saman i solidaritet. Under finanskrisa brukte EU år på å finne løysingar, under covid tok det veker og nå reagerte EU samla, målretta og med ein gong. Dette kan vi vere stolte av og har demonstrert Europas indre styrke. Dette er ein styrke som vi treng i dei vanskeleg månadane som ligg framfor oss.

Det står mykje på spel for Ukraina, for Europa og for verda. Putin og andre autoritære krefter prøver å splitte demokratia i ein krig som nå også handlar om energi, mat, verdiar og framtid våra. Putin skal ikkje vinne denne kampen, sa von der Leyen som utrykke respekt for det ukrainske folkets kampvilje og mot. Europa skal også framover stå saman med Ukraina, gje våpenhjelp og finansiell støtte og hjelpe flyktningar. EU har innført dei tøffaste sanksjonane verda har sett. Desse er her for å bli.

Von der Leyen sa den indre marknaden skal utnyttast for å skape vekst og utvikling i Ukraina og lova landet det ho omtalte som saumlaus tilgang til den indre marknaden. Ukraina skal også inkluderast i EUs roamingsystem.

Det vart lagt merket til at Kommisjonspresidenten erkjente at ho og andre ikkje hadde lytta til opposisjonelle i Russland eller politikarar i dei baltiske landa og Polen som hadde åtvara mot å stole på Putin og gjere EU avhengig av Russland. EU skal ikkje vere avhengig av Russland, sa ho, og viste til at medan Russland i 2021 sto for 40 prosent av gassleveransane til EU er talet nå berre 9 prosent.

Ikkje overraskande brukte ho tid på energiprisar i talen. Dei høge prisane skapar problem både for næringsliv og innbyggjarar. Ho varsla tiltak utan å gå langt i detaljar. Det skal kome tiltak for bidra til redusert energiforbruk og tiltak for å hjelpe dei som er sårbare for dei høge prisane. Ho sa også at det i ein marknadsøkonomi er akseptabelt at selskap går med overskott, men at den superprofitten som mange energiselskap nå opplever ikkje er akseptabel. Ein slik superprofitt må delast og gis til dei som treng den mest. Ho viste også til den pågåande diskusjonen om pristak på gass. Det er viktig både å sikre leveransar og global konkurranseevne og Kommisjonen vil utvikle eit sett med tiltak som tek omsyn til det spesifikke tilhøvet til dei ulike eksportlanda. Det omfattar alt frå upålitelege land som Russland til svært pålitelege land som Noreg. Ho hadde avtalt med statsminister Støre å opprette ei arbeidsgruppe for å sjå på prisane frå Noreg og ulike undergrupper har allereie starta arbeidet med dette. Von der Leyen varsla også endra statsstøttereglar i oktober og lova ein omfattande reform av heile energimarkanden. Det er viktig at forbrukarane kan nyte godt av billig fornybar energi.

Ho la vekt på at grøn omstilling er viktig og tok til orde for rask gjennomføring av framlegga i RepowerEU. Ho varsla også mellom anna ein hydrogenbank som skal investere opp mot 3 milliardar euro for å bidra til å bygge opp den framtidige hydrogenmarknaden og sette fart i utbygginga av hydrogeninfrastruktur. Eit fleirtal i Europaparlamentet gjekk elles onsdag inn for eit fornybarmål for energi på 45 prosent – meir enn målet på 40 prosent som Kommisjonen foreslo i Fit for 55-pakken. Parlamentet og Rådet skal nå forhandle om det endelege målet.

Von der Leyen viste til at sist sommar varslar eit vendepunkt med meir tørke, skogbrannar og ekstrem varme. Dette gjev utfordringar som ingen land kan takle aleine. EU vil derfor til dømes styrke den felles brannvernkapasiteten gjennom innkjøp av nye fly og helikopter. 

Det vart også varsla ein revisjon av reglane for finansiell stabilitet. Dette vil medføre auke fleksibilitet for medlemslanda til større låneopptak, men samstundes styrke kravet om kontroll med investeringsprosessen.

EUs konkurranseevne framover vil avhenge både av rammvilkår, tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse og kritiske råvarer. Ho varsla ein støttepakke for små og mellomstore verksemder som mellom anna vil omfatte framlegg til eit felles sett av skattereglar for forretningsdrift i EU, kalla BEFIT. Det vil også bli gjort ein revisjon av direktivet om forsinka betaling. Framover vil tilgang på kvalifisert arbeidskraft bli ei aukande utfordring. Det må derfor investerast meir i etterutdanning og høgare utdanning og det må leggjast til rette for raskare godkjenning av kvalifikasjonane til arbeidsinnvandrarar. Tilgang til kritiske råvarer er essensielt. Partnarland som Chile, Mexico og New Zealand der det er frihandelsavtaler på plass og vidare forhandlingar med land som Australia og India er viktige i den samanheng. I tillegg er det viktig at foredling ikkje berre skjer i Kina. Det vil derfor kome eit framlegg om strategiske råvarer etter modell av initiativa som er tatt for batteri og mikroprosessorar. Ho varsla auka budsjett for ordninga for viktige prosjekt av felles europeisk interesse og oppretting av eit nytt European Sovereignty Fund.

Det er viktig å stå opp for den internasjonale rettsorden og rettsstat. Dette er verdiane Russland har gått til åtak på. EU vil samarbeide med alle demokratiske vener og også bidra til å styrke demokratia i Europa. Dette omfattar støtte til landa på Vest-Balkan og Moldova, Ukraina og Georgia som alle ynskjer EU-medlemskap. Desse landa er del av den europeiske familien og del av framtida, sa von der Leyen. Ho gav også støtte til ideen om eit nytt europeisk politisk fellesskap og varsla at EU ville konkretisere sitt syn på innhaldet i dette på kommande møter i Det europeiske råd.

Samstundes må også EU støtte land utanfor EU, til dømes gjennom Global Gateway-initiativet som vart lansert i fjor og som skal sikre auka investeringar blant anna i Afrika. Dette initiativet blir nå utvida mellom anna mot Latin-Amerika. EU vil samarbeide med USA og dei andre G7-landa for å sikre dette.

Ho varsla ei pakt for å forsvare demokratia i Europa for å hindre utanlandsk påverknad og spreiing av desinformasjon. Det er Kommisjonens plikt og viktigaste rolle å sikre rettssta, sa ho og sa Kommisjonen vil fortsette å insistere på uavhengige domstolar. Dersom vi skal kunne be kandidatland og andre om å styrke sin innsats mot korrupsjon, må vi også fjerne korrupsjon hos oss sjølv, sa von der Leyen og viste til rettsstatsmekanismen som vart vedteke i samband med langtidsbudsjettet.

EU skal ha eit rettferdig og raskt system for å ta i mot flyktningar og asylsøkarar og at dette systemet også må kunne takle kriser. Dette må kombinerast med effektiv grensekontroll som respekterer grunnleggjande verdiar og som er basert på at alle land bidrar. Det er viktig å få vedtatt reglane i migrasjons- og asylpakta.

Mot slutten av sin timelange tale tok ho også til orde for ein ny konferanse om reform av EU-traktaten Den vil omfatte stats- og regjeringssjefar, representantar for dei nasjonale parlamenta, Europaparlamentet og Europakommisjonen. Reform er nødvendig dersom EU skal kunne utvidast og ho sa at EU må fornye og forbetre seg.

Etter talen var det ein runde med kommentarar frå dei politiske gruppeleiarane og talen vart generelt godt motteke. Spesielt var det brei semje om solidaritet og støtte til Ukraina og behovet for solidaritet internt i EU i lys av energikrisa. Mange tok til orde for eit tak på gassprisen.

Sentrum høgre-gruppa (EPP) la vekt på styrka samarbeid med andre demokratiske land. Det var ironisk at det til og med hadde vore vanskeleg å få ratifisert handelsavtalen med Canada av alle land. Det er viktig at Europaparlamentet blir inkludert i behandlinga av krisetiltak for energi og Kommisjonen må snarleg kome med ein handlingplan for styrka europeisk forsvar.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) la vekt på behovet for grøn omstilling, tiltak for sosial utjamning, tak på gassprisar og skatt på superprofitten til energiselskap. Det er også viktig å kjempe mot autokrati i Ungarn og Polen og unngå normalisering av ytre høgre-krefter i andre land.

Den liberale gruppa (Renew) understreka at Ukraina kjemper for europeiske verdiar, rettsstat og ein avtalebasert verdsorden. Populistar i Europa kjem nå med farlege synspunkt på årsaken til krisa. EU må stå opp mot utanlandsk innblanding. Det er viktig å identifisere svake ledd i verdikjeder og gruppa tok til orde for det som vart omtalt som ein suverenitetstest for all ny lovgjeving. Gruppa støttar reform av EU og tok mellom anna til orde for å avskaffe kravet om samrøystes vedtak der det gjeld. EU har for lengje oversett den uheldige utviklinga som har vore i Ungarn, Polen og andre land dei siste åra. Det må det bli slutt på.

Den grøne gruppa sa det er nå Ukraina treng europeisk støtte mest. Det vil bli tøffe tider i EU framover og nettopp derfor er det viktig å dele byrdene. Investeringane i fornybar energi må aukast. Klimakrisa er den største testen for vår generasjon og det vil bli ein stor kostnad om vi ikkje gjer noko nå. Gruppa sa korkje Ungarn eller Polen må få pengar frå EU før dei reverserer nedbygginga av rettsstaten. Det er også viktig å unngå legitimering av ytre høgre-krefter i Europa.

Ytre høgre-gruppa (ID) gav også full støtte til Ukraina. Gruppa sa det er Russland som har hovudansvaret for problema i Europa nå, men at EU likevel også må ta ansvar for å ha handla for seint. Dei grøne og andre er skuld i ein politikk som har forsterka krisa og som nå fører til at verksemder stengjer og innbyggjarane ikkje får endane til å møtes.

Den konservative gruppa (ECR) la spesielt vekt på behovet for ytterlegare sanksjonar mot Russland og sa sanksjonar er det einaste som kan gje resultat. Det er viktig med rettsstat, men dette er ikkje tida for å sette ideologi framfor samarbeid.

Ytre venstre gruppa (The Left) meinte det er tydeleg at dagens økonomiske system ikkje fungerer og at vi nå ser ei liberal verd som kollapsar. Gruppa etterlyste tiltak som sikrar innbyggjarane og etterlyste styrka klimatiltak. Handelsavtaler løyser ikkje utfordringane.

Ein representant frå det ungarske regjeringspartiet fekk taletida til dei uavhengige representantane i denne runden. Han sa Kommisjonen hadde lova at sanksjonane mot Russland ville fungere og ikkje ville ramme europeiske forbrukarar. Resultatet var galopperande prisar og energikrise.

Von der Leyen sa i sin kommentar at rekninga for energikrisa må sendast til Moskva. Det er også viktig å få fram at Russland sprer løgner om kvifor det nå er mangel på mat og kunstgjødsel globalt. Det er ikkje EUs sanksjonar som er årsaken til dette.

Det tsjekkiske EU-formannskapet sa landet vil fortsette å vere ein sterke støttespelar for ukrainsk sjølvstende og territorial integritet. Det er viktig å både takle kortsiktige og langsiktige utfordringar. Dette omfattar tiltak for å sikre energisikkerheit, forsvarsevene, strategisk motstandskraft og demokratiske institusjonar. Grøn og digital omstilling er også del av dette.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 15.09.2022 11:15
: