Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Plenumsmøte i Strasbourg

Europaparlamentet hadde årets siste plenumsmøte i Strasbourg denne veka. Det var debatt om toppmøtet 14. – 15. desember og resultata til det spanske EU-formannskapet. Parlamentet gjorde formelt vedtak av den nye forordninga om kritiske råmateriale og er klare til å starte forhandlingar med Rådet om reglar for utveksling og bruk av helsedata og om endring av dei såkalla frukostdirektiva. Parlamentet vedtok ein resolusjon som igjen tek til orde for eit system med toppkandidatar i samband med EU-valet i juni neste år. Sakharov-prisen var utdelt til Jina Mahsa Amini og «Kvinne, liv, fridom»-rørsla i Iran. Det vart denne veka nådd politisk semje mellom Parlamentet og Rådet både om plattformdirektivet, revisjon av reglane for elektrisitetsmarknadsdesign og aktsemdsdirektivet.

Debatt om EU-toppmøtet 14. – 15. desember
Det var ein plenumsdebatt onsdag om EU-toppmøtet i Brussel 14. og 15. desember. Det spanske EU-formannskapet var representert med statssekretær Pascual Navarra Ríos og Kommisjonen med kommisjonspresident Ursula von der Leyen ved starten av debatten og visepresident Maroš Šefčovič på slutten av debatten.

Navarra viste til den omfattande dagsorden for toppmøtet inkludert Ukraina, Midt-Austen, revisjonen av langtidsbudsjettet og endringar i vekst- og stabilitetspakta. Han gjentok at EU vil støtte Ukraina så lengje det er nødvendig. Samtidig skal EU leggje til rette for at Ukraina og andre land kan bli medlemmar. Det betyr både å støtte landa i sine reformar, men også å gjennomføre nødvendige reformar internt i EU. I Midt-Austen må det vere fokus både på å handtere den aktuelle situasjonen, inkludert sikre naudhjelp, men også framover mot ei varig løysing basert på to statar. Det er eit mål at toppmøtet kan oppnå semje om det reviderte langtidsbudsjettet. Han viste til at migrasjon stadig skapar utfordringar og samstundes har EU opplevd hybridåtak på yttergrensene.

Von der Leyen fokuserte også på Ukraina, utviding og langtidsbudsjettet. Takk vere det ukrainske folket har ikkje Putin nådd målet sitt og han har heller ikkje klart å splitte EU. Ho gjentok også at EU vil støtte Ukraina så lengje det er nødvendig og at målet er EU-medlemskap for landet. Ukraina har vedteke ei rekkje nødvendige reformar, nå sist knytt til antikorrupsjonsarbeid og styrking av rettande til nasjonale minoritetar. Landet er også i ferd med å vedta nødvendig regulering av lobbyverksemd. EU må møte landets handlekraft med like stor handlekraft og fortsatt økonomisk støtte. Støtte til Ukraina er eit av elementa i Kommisjonens framlegg til revisjon av langtidsbudsjettet saman med pengar til å takle migrasjon, utvikle strategisk industri samt tekniske justeringar som er naudsynte på grunn av inflasjon og høge renter. Ho er samd med fleirtalet i Europaparlamentet i at EU nå må få eigne ressursar.

I debatten var det svært mange som understreka behovet for omfattande støtte til Ukraina og til å få fortgang i medlemskapsforhandlingane både med Ukraina og andre land. Dette er viktig for å sikre ein trygg og stabil situasjon i desse landa og dermed også i EUs eiga interesse. Samstundes var det fleire som viste til at alle kandidatland må likebehandlast. Ukraina må oppfylle dei same vilkåra for medlemskap som andre. Parlamentet vedtok onsdag med 468 mot 99 røyster og 58 som avsto, ein resolusjon som tek til orde for at toppmøtet denne veka må opne medlemskapsforhandlingar med Bosnia-Hercegovina, Moldova og Ukraina. Resolusjonen understrekar at det ikkje er noko hurtigspor for medlemskap og det er behov for å arbeide med interne reformar parallelt. Fleirtalet i Parlamentet er uroa for negative konsekvensar av at Ungarn skal ha formannskapet i EU hausten 2024. Torsdag var det også ein debatt om blokaden på grensa mellom Polen og Ungarn som polske sjåførar gjennomfører. Det har også vore aksjonar med slovakiske og ungarske sjåførar. Medan ein del meiner ukrainske sjåførar kan operere i EU på andre (og betre) vilkår enn kollegaer i EU, er andre opptatt av at blokaden rammar den hardt prøvde ukrainske økonomien kraftig.

Korkje Navarra eller von der Leyen kommenterte den ungarske statsministeren Orban som har truga med å blokkere både pengar til Ukraina og medlemskapsforhandlingar. Det gjorde derimot mange i debatten som sa Kommisjonen og medlemslanda ikkje må la seg presse av Orban til å frigje støtte til landet. Dette vil vere eit svik mot prinsippa i EU og fine ord om rettsstat. Det vil også opne for at andre statsleiarar kan bruke liknande metodar for å presse EU. Det er derfor behov for å vise handlekraft overfor Orban. Enkelte viste til at artikkel 7-prosedyren må fortsette og at Ungarn må miste stemmeretten i Rådet. Det vart peika på at Rådet har vist kreativitet i samband med andre situasjonar der det ikkje har vore mogleg å få til samrøystes vedtak og bør kunne vise likande kreativitet nå. Leiarane for dei fire største gruppene i Europaparlamentet (EPP, S&D, Renew og Den grøne gruppa) skreiv onsdag eit brev til Kommisjonen og åtvara mot å gje etter for press frå Orban. Same dag kom meldinga om at Kommisjonen frigjer 10,2 milliardar euro til Ungarn.

Mange understreka i debatten behovet for semje om revisjonen av langtidsbudsjettet og om reform av vekst- og stabilitetspakta. Spesielt var det medlemmer frå venstresida på den politiske aksen som understreka at det er behov for reform av denne pakta for å komme vekk frå ein sparepolitikk dei meiner er skadeleg. Ein del representantar frå den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre (ID) meinte på si side at EU gapar over for mykje. Svaret på budsjettutfordringane er at EU må gjere mindre og det kom mellom anna framlegg om å kutte i landbruks- eller regionalstøtta.

På slutten av debatten takka Šefčovič for den breie støtta og solidariteten med Ukraina. Han viste til at Kommisjonen støttar landet på alle dimensjonar – økonomisk, militært, materielt og politisk. Den vil også hjelpe landet i å førebu EU-medlemskap. Manglande reformar internt i EU må ikkje blokkere for utviding av unionen. EU må derfor arbeide parallelt med interne reformar og Kommisjonen er open for at dette også kan omfatte traktatendringar om nødvendig. Han tok avslutningsvis til orde for behovet for revisjonen av langtidsbudsjettet og at forhandlingane om migrasjons- og asylpakta må sluttførast. Statssekretær Navarra la også vekt på støtta til Ukraina og revisjonen av langtidsbudsjettet i sitt sluttinnlegg.

Resultata til det spanske EU-formannskapet
Den spanske statsministeren Pedro Sánchez deltok onsdag i ein debatt om resultata frå det spanske EU-formannskapet saman med kommisjonspresident Ursula von der Leyen. I utgangspunktet skulle han møtt europaparlamentarikarane ved starten av formannskapet, men på grunn av nyvalet og tida det tok å danne ny regjering i Spania, skjedde møtet fyrst nå. I eit 20 minutt langt innlegg slo han fast at det spanske formannskapet har vore vellykka og la mellom anna vekt på at det dei siste månadene er nådd semje om ei rekkje viktige saker inkludert kunstig intelligens og ulike klima- og miljøsaker. EUs relasjonar med tredjeland er styrka mellom anna gjennom viktige toppmøte og inngåtte frihandelsavtaler. På slutten av innlegget sa han tida nå er inne for å utvide EU, inkludert med landa på Vest-Balkan. Han tok også til orde for at EU må vere like tydelege og prinsipielle i konflikten i Midt-Austen som i krigen i Ukraina.

Kommisjonspresidenten viste til at trass krigen i Ukraina og situasjonen i Midt-Austen, har EU klart å arbeide med andre ting også. Von der Leyen har vorte kritisert for ikkje å vere balansert i krisa i Midt-Austen. Onsdag sa ho at sjølv om Israel har rett til å gjere alt landet kan for å hindre at terroren 7. oktober gjentek seg, har Israel også plikt til å gjere alt det kan for å hindre at sivile blir offer for krigen i Gaza sjølv om Hamas bruker sivile om menneskelege skjold. Vald mot palestinarar på Vestbredden av ekstreme busetarar må straffast og det må arbeidast for å hindre at konflikten blir regional.

Ho la elles i innlegget sitt vekt på at EU har klart å stabilisere energisituasjonen trass at Russland har stansa sin gasseksport og på det positive resultatet frå Cop28 i Dubai. Til slutt viste ho til utfordringar på migrasjonsområdet, men også positive resultat. Frontex har bistått Finland i samband med hybridåtaket på grensa, EU har trappa opp kampen mot menneskesmuglarar og styrka returarbeidet. Det er nå viktig at forhandlingane med migrasjons- og asylpakta blir sluttført.

Debatten etterpå vart prega av harde ord for eller i mot den nye regjeringa i Spania og spesielt amnestiet for katalanske separatistar. Det var ikkje uventa mange spanske medlemmer som deltok i debatten. Dette inkluderte den katalanske sjølvstendeleiaren Carles Puigdemont som mellom anna tok opp at han ikkje kan snakke katalansk i Europaparlamentet. Frå høgresida kom det skuldingar om at Sánchez byggjer ned rettsstaten og har prøvd seg på statskupp. Sentrum høgre-gruppa (EPP) skulda også Sánchez for å ha bidratt til å splitte EU mellom anna i samband med konflikten i Midt-Austen. Sentrum venstre-gruppa (S&D) kom ikkje uventa med støtte til den nye regjeringa og sa det er positivt at den vil sikre vidare arbeid for mellom anna sosial rettferd og kvinnerettar i landet. Frå dei som snakka om resultata på EU-nivå kom det ros for at det var oppnådd resultat på viktig område og dessutan var god framgang knytt til mellom anna migrasjons- og asylpakta og revisjon av elektrisitetsmarknadsdesignet. Torsdag kom meldinga om at det også var nådd politisk semje om denne reforma, jf. omtale nedanfor.

Vil ha toppkandidatsystem og felles reglar for EU-valet i 2024
Europaparlamentet vedtok tysdag ein rapport med tiltak som det meiner vil fremje den demokratiske dimensjonen i samband med EU-valet i juni neste år. Parlamentet vil ha eit system med europeiske toppkandidatar og ein bindande avtale med Rådet om korleis kommisjonspresidenten skal veljast. Parlamentet meiner at kommisjonspresidenten må bli vald inn i Europaparlamentet og ha klart å samle eit fleirtal bak seg der. Samstundes vil Parlamentet ha ei ny, europeisk vallov med felles reglar i alle land og felles valdag. Det vil også ha nye reglar for europeiske parti.

Rapporten vart vedteke med 365 mot 178 røyster og 71 som avsto. I debatten måndag var ytre høgre (ID) og den konservative gruppa (ECR) kritiske til mange av framlegga i rapporten. Dei meinte at systemet med toppkandidatar er i strid med EU-traktaten og vil svekke medlemslanda. Tilhengjarar av framlegga framheva at dei er viktige for å auke oppslutninga om valet og sikre at veljarane ser ein samanheng mellom valresultatet og kven som får toppjobben i Kommisjonen. Økonomikommissær Paolo Gentiloni som representerte Kommisjonen i debatten, gav støtte til mange av framlegga. Han la mest vekt på pakken som Kommisjonen skulle komme med 12. desember som skal bidra til å styrke demokratiet i Europa.

Formelt vedtak av forordninga om kritiske råmateriale
Eit stort fleirtal på heile 549 mot 43 røyster og 24 som avsto, røysta 12. desember for semja med Rådet om forordninga om kritiske råmateriale. Parlamentet har i prosessen vore spesielt opptatt av å auke måla for resirkulering av råmateriale, leggje til rette for rask godkjenning og mindre byråkrati i samband med utvinningsprosjekt og å sikre miljømessige og sosial berekraft i samband med utvinning av slike råmateriale. Parlamentet er også opptatt av å etablere strategiske partnarskap med tredjeland om mineral.

I debatten var det brei semje blant dei mange som hadde ordet om det nye regelverket, og mange framheva at EU her har vist evne til å vedta eit nytt regelverk raskt. Mange understreka at det er nødvendig å sikre at EU blir mindre avhengig av import og å sikre at den importen som skjer kjem frå fleire land. Dei nye reglane er viktige for å fremje innovasjon. EU må utvikle fleire strategiske partnarskap om utvinning og desse må gje sosial og økonomisk gevinst også i dei landa utvinninga skjer. Det vart vist til at kritiske råmateriale er sentrale både for det grøne skiftet og den digitale omstillinga. Det er derfor heilt nødvendig å redusere godkjenningstida for nye prosjekt – det er nå ikkje uvanleg at det tek 15 år frå idé til oppstart og ofte må aktørane søke godkjenning hjå ei rekkje ulike instansar. Det er derfor svært positivt at det nye regelverket vil sikre eitt kontaktpunkt, mindre byråkrati og raskare godkjenning. 

Jamvel om det altså var brei støtte, kritiserte representantar frå den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre gruppa (ID) EU for at dette kjem for seint. Dei var også redde for at EU i iveren etter å fremje den grøne omstillinga går frå å vere avhengig av Russland til å vere avhengig av Kina. Den grøne gruppa og ytre venstre-gruppa (The Left) la vekt på at dei i forhandlingane hadde fått gjennomslag for auka vekt på berekraft og sosiale omsyn og omsynet til urfolk. Mellom anna framheva representantar frå desse gruppene at det er viktig at fortalen til den endelege forordninga understrekar at det må gjelde eit føre-var-prinsipp for utvinning av mineral frå havbotn. Det betyr inga utvinning så lengje effektane for marine økosystem og biomangfald ikkje er avklarte og så lengje det ikkje er vitskapleg semje om at utvinning frå havbotn kan skje utan å påverke økosystem og biodiversitet.

Klar for forhandlingar om helsedata
Med eit stort fleirtal på 516 mot 95 røyster og 20 som avsto, vedtok Parlamentet sin forhandlingsposisjon for ei forordning om reglar for helsedata. Målet er at pasientar skal få tilgang til mellom anna reseptar og prøveresultat frå andre medlemsland og at aggregerte helsedata skal kunne delast til forskings- og analyseformål. Parlamentet legg til grunn at det skal vere strenge krav til personvern for kva og korleis persondata kan delast. Medlemslanda har vedteke ein felles posisjon i Rådet og det er nå dermed klart for forhandlingar om den endelege ordlyden.

Betre merking av honning, fruktjuice og syltetøy
Europaparlamentet er klart til å forhandle med Rådet om eit direktiv som vil endre fire direktiv som ofte blir omtalt som frukostdirektiva. Eit svært stort fleirtal slutta seg til endringane som er foreslått for mellom anna å sikre betre informasjon om geografisk opphav, mindre juks med honning og betre merking av sukkerinnhald i syltetøy.

Tiltak mot digital avhengigheit
I ein ikkje-bindande rapport tek eit stort fleirtal i Europaparlamentet til orde for å innføre regulering som skal sikre forbrukarane mot produkt som gjev digital avhengigheit. Rapporten viser mellom anna til at både online spel, sosiale media, strøymetenester og nettbaserte marknadsplassar kan utformast på ein måte som utnyttar svakheiter hjå brukarane, skaper avhengigheit og tener pengar på personlege data. Parlamentet vil derfor ha meir etisk design av digitale tenester og er spesielt opptatt av at slike tenester må vere trygge å bruke for barn og unge. (Rapporten er nærmere omtalt i EU/EØS-nytt 7. november 2023)

Resolusjon om Frontex
Med 366 mot 154 røyster og 15 som avsto vedtok Parlamentet torsdag ein resolusjon om EUs grensebyrå, Frontex, EUs byrå for kontroll og samordning av EUs yttergrenser. Parlamentet vil ha eit effektivt byrå som respekterer EUs grunnleggjande rettar. Fleirtalet vil ha mindre aktivitet i medlemsland der det har kome skuldingar om mangle på respekt for EUs verdiar. Parlamentet er urolege for situasjonen i Hellas, Litauen og Ungarn.

Politisk semje om plattformdirektivet
Rådet og Europaparlamentet vart onsdag morgon samde om den endelege ordlyden i plattformdirektivet som skal betre arbeidsvilkåra for personar som arbeider via digitale plattformer. Blant spørsmåla som har vore vanskeleg er kriteria for presumpsjon om at plattformarbeidaren er arbeidstakar. Semja medfører at to av fem definerte kriterium må vere oppfylte for slik presumsjon. Den arbeidande skal ha tilgang til informasjon om korleis algoritmar fungerer og korleis åtferda påverkar utfallet til automatiserte system. Det er også krav om at det skal vere menneske som fattar ein del sentrale avgjerder knytt til arbeidstilhøvet og det kjem krav om korleis persondata skal handterast. Semja må formelt vedtakast av dei to institusjonane.

Semje om direktiv om elektrisitetsmarknadsdesign
I morgontimane torsdag var Rådet og Parlamentet samde om endringar i reglane for elektrisitetsmarknadsdesign. Institusjonane er mellom anna samde om betre forbrukarvern og at forbrukarane skal få tilgang til betre informasjon og meir fleksible kontraktar. Parlamentet fekk gjennomslag for at sårbare kundar skal få betre vern mot å bli kopla av nettet. Reglane skal også leggje til rette for at verksemder lettare skal kunne inngå langsiktige og stabile kontaktar.

Aktsemdsdirektivet
Det vart også nådd politisk semje om aktsemdsdirektivet om verksemders aktsemd overfor berekraft og menneskerettar. Direktivet vil gjelde for verksemder med omsetning på meir enn 150 millionar euro og dessutan for mindre verksemder i utvalde sektorar inkludert tekstil, landbruk, mineral og bygg. Medlemslanda har ansvar for å overvake at reglene blir følgd og verksemder kan få bøter på inntil 5 prosent av omsetninga.

Utdeling av Sakharov-prisen
I ein sermoni 12. desember vart Sakharov-prisen utdelt til Jina Mahsa Amini and «Kvinne, liv, fridom»-rørsla i Iran. Familien til Jina Masha Amini vart stoppa på flyplassen i Teheran på veg til Frankrike for å motta prisen og passa deira vart konfiskert. Parlamentspresidenten har kritisert dette og bad styresmaktene i Iran om å reversere dette.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 15.12.2023 12:45
: