Røysterettsfeiring på Stortinget 11. juni

Stortinget feira 100 år med kvinneleg røysterett 11. juni med retorikkseminar, utstillingsopning og jubileumsmøte i stortingssalen.
Skodespelar Petronella Barker frå Nationaltheatret på seminaret i lagtingssalen.
Skodespelar Petronella Barker frå Nationaltheatret på seminaret i lagtingssalen.

Sjå bilete frå arrangementa på Flickr.

Tysdag 11. juni 2013 var det 100 år sidan Stortinget vedtok å innføra allmenn røysterett ved ei endring av § 50 i Grunnlova der det vart presisert at røysteføre norske borgarar er både «Mænd og Kvinder».

– I dag feirar me den største utvidinga av demokratiet vårt i historia, uttala stortingspresident Dag Terje Andersen (A).

– Me lever i eit av dei mest likestilte samfunna i verda, men folkestyret er ikkje reelt før alle grupper av folket er representerte, same kva kjønn, etnisitet eller funksjonsevne dei har. Lat oss jobba for å få med oss alle, for å sikra representativitet og deltaking, og lat oss gjera det i ånda etter dei kvinnelege pionerane.

Krafta i kvinners argument

Jubileumsfeiringa på Stortinget starta med retorikkseminaret «Kraften i kvinners argument». Med innslag av skodespelarar frå Nationaltheatret som framførde originale tekstbolkar frå personar som deltok i ordskifta om kvinneleg røysterett frå 1880 og fram til 1913, vart ein kvinnesterk lagtingssal teken inn i retorikken i kampen for røysterett.

Det var menn som debatterte kvinneleg røysterett i Stortinget. Kvinnene sat på galleriet. Usemja i dette spørsmålet var radikal, det gjekk til rota. Motstanden var religiøst, biologisk og statsvitskapleg grunngjeven. Kvinneleg røysterett var mot Guds ordning og bod, det var i strid med den kvinnelege naturen og det var ikkje til gagn for staten. Ei slik oppløysing av kjønnsroller ville òg løysa opp heimane, noko som ikkje var føremålstenleg for staten.

Medan dei fleste menn tala med ein sjølvsagd etos, med tillit og truverde, kom kvinnene inn på eit felt der dei ikkje hadde nokon etablert posisjon. Kvinnene som tala for røysterett måtte finna ein balansegang, dei måtte kritisera mennene, men ikkje så dei vart for skremde. Dei måtte vera som omsorgspersonar. Kvinnene var kloke og rike på referansar frå engelsk, fransk og amerikansk filosofi, og talane deira vitnar om stor internasjonal kunnskap, sa professor Berit von der Lippe.

Gina Krog var den krassaste av alle. Ho sa at motstandarane var reinsa for sunn sans og rasjonalitet. Med slike karakteristikkar kunne ho vera nære å falla ut av balansen og verta sedd på som berre frekk. Men Gina Krog hadde tyngre argument: Anten er dei kvinnelege verdiane grunnfeste og vil vara ved, eller så er dei det ikkje og er uekte vare som gjerne må forsvinna. For kva er vel ei uekte vare?

Kvinnene var svært gode på slike analogiar, meinte von der Lippe. I analogien til den amerikanske debatten om slaveriet fortalde dei ikkje at dei vart handsama som slavar, dei viste berre til USA, så fekk lydaren draga samanlikninga til endes.

Professor Anders Johansen la vekt på at røysterett ikkje tydde at kvinna dermed fekk ei røyst i ålmenta. Kvinnene måtte prova styrken sin i ord og framferd, og nokre modige kvinner var ein føresetnad for røysterett, men fram til siste krigen var det smått med kvinner på Stortinget, og langt inn i etterkrigstida var det som Camilla Collett hadde sagt: Nokon måtte brodera fana utan å ha særleg meining om kva som stod på henne.

«Stemmeberettigede ere de norske Borgere»

Jubileumsutstillinga «Stemmeberettigede ere de norske Borgere» i historisk sal vart opna av tredje visepresident på Stortinget, Marit Nybakk (A). Ho heldt fram at me markerte at eit samrøystes storting i 1913 krona 23 års kamp for kvinneleg røysterett med siger. Ho heidra kvinner som Fernanda Nissen, Gina Krog, Fredrikke Marie Qvam, Camilla Collett og alle dei andre som me ikkje skal gløyma, men la til at røysterettsjubileet òg set eit søkjeljos på kvinners rettar globalt.

Med Anna Rogstad som fyrste kvinna som møtte på Stortinget i 1911 og allmenn røysterett for kvinner i 1913, vart det ingen kvinnerevolusjon. Fyrst på 70-talet kom kvinner for alvor inn i politikken. Nybakk gjorde òg merksam på at det ikkje var full røysterett for alle frå 1913. Det var ikkje før i 1919 personar som levde på sosialkassa, dei offentleg fattigunderstøtta, fekk rett til å røysta. Denne eksklusjonsregelen råka særleg kvinner. Fleire enn 30 000 kvinner vart ekskluderte frå røysteretten i stortingsvalet i 1915.

Utstillinga i historisk sal vert frametter del av omvisingstilbodet for publikum på Stortinget.

Medlemer av stemmerettskomiteen vert viste rundt i den nye utstillinga i historisk sal.
Medlemer av stemmerettskomiteen vert viste rundt i den nye utstillinga i historisk sal.

Jubileumsmøte i Stortinget

Stortingsmøtet på jubileumsdagen var eit jubileumsmøte med talar ved stortingspresident Dag Terje Andersen, dei parlamentariske leiarane og statsminister Jens Stoltenberg. Temaet for møtet var «demokrati, likestilling og deltaking» og møtet vart overført på storskjerm på Eidsvolls plass.

Sjå møtet i videoarkivet.

Les referatet frå møtet.

Bursdagsfest på Eidsvolls plass

På ettermiddagen inviterte regjeringa og stemmerettskomiteen til bursdagsfest i strålande sommarvêr på Eidsvolls plass. Der var presidentskapen og dei parlamentariske leiarane på Stortinget med og delte ut bursdagskake til frammøtte og forbipasserande. Det var talar, opptog og faner, og song og musikk. Linn Skåber var konferansier og barne-tv-figuren Fantorangen intervjua mellom andre vår fyrste og til no einaste kvinnelege statsminister Gro Harlem Brundtland (A).

Jubileumsdagen for kvinneleg røysterett i og utanfor Stortinget vart avslutta med ein gratiskonsert på Eidsvolls plass med Sisi & Nosizwe, Mari Boine og Bigbang.

Gro Harlem Brundtland vert intervjua av Fantorangen.
Gro Harlem Brundtland vert intervjua av Fantorangen.


Sist oppdatert: 14.06.2013 13:26