5. Drøfting av omgrepet postrøysting

       I høringsnotatet peikar departementet på at det finst to hovudalternativ for korleis ein kan forstå omgrepet:

       Alternativ 1 er førehandsrøysting på postkontoret etter mønster av den svenske ordninga, dvs. at veljaren møter fram på postkontoret og gir røysta si til ein postfunksjonær som er oppnemnd som røystmottakar. Dette er i prinsippet den same ordninga som den vi har i dag. Skilnaden er at førehandsrøystinga blir gjennomført på postkontoret og til ein postfunksjonær i staden for til ein kommunal røystmottakar.

       Alternativ 2 er førehandsrøysting etter mønster av vallova § 34 a, som gjeld ved førehandsrøysting i land som ikkje aksepterer førehandsrøysting til røystmottakar. Etter denne regelen går førehandsrøystinga føre seg ved at veljaren heime hos seg sjølv legg ein røystesetel i ein røystesetelkonvolutt, stikk denne konvolutten i ein omslagskonvolutt og sender førehandsrøysta i posten til valstyret.

       Etter at veljaren har skrive under omslagskonvolutten, skal opplysningane stadfestast av eit vitne over 18 år. Vitnet skal samtidig stadfeste at veljaren er den vedkomande hevdar å vere. Også adressa og fødselsdatoen til vitnet skal førast på omslagskonvolutten.

       Departementet peikar på at fleire prinsipielle innvendingar taler imot å innføre prinsippet i vallova § 34 a som den allmenne ordninga for førehandsrøysting innanriks:

1. Det er eit hovudprinsipp i norsk vallovgiving at veljaren skal møte fram personleg for å røyste.
2. Det er vidare eit prinsipp at veljaren skal røyste med ein offentleg representant til stades for å sikre notoritet omkring valhandlinga.
3. Det er eit viktig prinsipp at kvar veljar berre har ei røyst. Postrøysting - der veljaren utfører sjølve valhandlinga heime - vil ikkje i same grad som reglane i dag sikre at ingen røystar fleire gonger ved å røyste for andre.
4. Det vil bryte med prinsippet om hemmeleg val ved at ein ikkje i same monn som i eit offentleg vallokale der veljaren utfører sjølve valhandlinga aleine i eit røysteavlukke, kan vere trygg for at veljaren ikkje blir utsett for utilbørleg press med omsyn til kva vedkomande skal røyste.

       Departementet konkluderer i høringsnotatet med at ein bør byggje på alternativ 1. Det blir ikkje opna for ordningar der veljaren kan røyste utan at det skjer i nærvær av ein offentleg tenestemann som er oppnemnd som røystmottakar (postfunksjonær ved postkontor eller landpostbod).