1. Samandrag

       Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til ny lov om opningstider for utsalsstader (opningstidslova). Forslaget vart fremja for Odelstinget i førre sesjon, som Ot.prp.nr.75 (1996-1997).

       I den proposisjonen som no ligg føre er det teke inn likelydande lovutkast som i Ot.prp.nr.75 (1996-1997). Når det gjeld lovmotiva, viser departementet til den ovanfor nemnde proposisjonen.

       Forslaget stadfestar i hovudsak det opningstidsmønsteret som gjeld i dag og tilgjenge for forbrukarane. Ein tek sikte på å halda oppe ein avgrensa handelsaktivitet på søn- og helgedagar, samstundes som forbrukarane skal kunna kjøpa einskilde typar varer på slike dagar og på kveldstid etter ordinær stengetid.

       Den opningstidslova som gjeld i dag fører til avgrensings- og handhevingsproblem. Fyrst og fremst skuldast dette at lova har unnatak for kioskar og bensinstasjonar m.v., som opprinneleg var basert på det tradisjonelle og avgrensa vareutvalet til desse utsala. I dei seinare åra har likevel desse gjennom sitt utvida vareutval utvikla seg til å likna tradisjonelle daglegvareutsal.

       Føremålet med forslaget er i korte trekk å:

- sikre forbrukarane sine interesser i det store og heile gjennom romslege opningstidsrammer og sikre frie opningstider for nærare faste handelsaktivitetar
- få klåre og meir eintydige reglar om kva for utsalsstader som kan vere opne utanom dei alminneleg tilletne opningstidene
- medverka til like konkurransevilkår for mindre utsalsstader som sel same type varer
- innføra einsarta opningstidsrammer over heile landet
- sikre arbeidstakarane ved utsala eit betre vern enn i dag mot uhøvleg arbeidstid
- gjera handhevinga av regelverket meir tenleg

       Opningstidslova vil som i dag berre regulere den tilletne opningstida. Regulering av arbeidstida skjer i medhald av anna regelverk. Etter framlegget vil dei tilsette ved utsalsstadene bli omfatta av arbeidsmiljølova § 42 og § 44 om natt-, søn- og helgedagsarbeid. Det vert gjort framlegg om at den alminnelege lovlege opningstida skal setjast lik normalarbeidstida i arbeidsmiljølova. Opningstida vil då på kvardagane bli frå kl. 06.00 til kl. 21.00, og på dagar før søn- og helgedagar frå kl. 06.00 til kl. 18.00. Jule-, påske- og pinseaftan blir opningstida frå kl. 06.00 til kl. 15.00. På søn- og helgedagar og på 1. og 17. mai skal utsalsstadene som hovudregel vere lukka. Alle utsalsstadene kan likevel vere opne mellom kl. 14.00 og kl. 20.00 dei tre siste søndagane før juleaftan. Når særlege grunnar ligg føre kan ein søkja fylkesmannen om dispensasjon for å halde utsalsstader opne utover lova sine alminnelege opningstider.

       For å sikre forbrukarane at varene er laglege å få tak i, vil kioskar og daglegvarebutikkar med ei salsflate under 100 kvm, og bensinstasjonar m.v. med ei salsflate under 150 kvm, vere unnatekne frå dei alminnelege opningstidene. Ved å knytte desse unnataka til areal og ikkje til vareslag, vil ein søkje å unngå det problematiske skiljet mellom kiosk- og daglegvarer som ein finn i den opningstidslova som gjeld i dag. Det vert gjort framlegg om at dei andre unnataka i nogjeldande lov skal førast vidare.

       For å få einsarta rammer for opningstidene over heile landet, og på denne måten skape like konkurransevilkår, legg ein opp til at det høvet kommunane har til å fastsetje lokale opningstidsføresegner vert fjerna. Opphevinga av unnataket for utsalsstader i arbeidsmiljølova sine føresegner om natt-, søn- og helgedagsarbeid inneber at Arbeidstilsynet sine alminnelege tilsynsoppgåver vert utvida når det gjeld arbeidstakarane ved utsalsstader. Brot på opningstidslova sine føresegner vert handheva av politiet.