2. Nærmere om forslaget

       Forslaget var sendt på høyring i 1997 og 93 instansar kom med uttale. Av desse er det 13 som ikkje har merknader til lovforslaget og 11 som er samde eller sluttar seg til hovudlinene i forslaget. Desse er Askøy kommune, Fauske kommune, Forbrukerutvalget i Hedmark, Holtålen kommune, Lenvik kommune v/kommunestyret, Lyngdal kommune, Norges Bilbransjeforbund Bensinforhandlergruppen, Oppegård kommune og Sørum kommune v/økonomiutvalget, Trysil kommune og Tysnes kommune.

       11 av høyringsinstansane har formulert eit klårt standpunkt mot forslaget. Dette er Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) og kommunane Bømlo, Flatanger, Hol, Mandal, Modum, Nittedal, Sandefjord, Sauda og Søgne.

       Andre av høyringsinstansane er ikkje samde i ei eller fleire sider av forslaget.

       Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) går mot forslaget med den grunngjevinga at forslaget ikkje gjev like konkurransevilkår for alle utsalsstadene. Forslaget vil forsterka og sementera ulike konkurransevilkår.

       Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) går mot forslaget, og meiner forslaget er eit monaleg tilbakesteg. Både næringsliv - og ikkje minst forbrukarane - har sett på utvida opningstider som positivt.

       Landsorganisasjonen (LO) og Handel og Kontor (HK) er nøgde med at dei tilsette i varehandelen etter forslaget vert omfatta av arbeidsmiljølova sine føresegner om nattarbeid og søn- og helgedagsarbeid. På den andre sida vert det peikt på at forslaget ikkje vil medverka til like konkurransevilkår. Det vert òg gjort framlegg om at unnatak frå lova skal grunnast på vareutval.

       Fleirtalet i Forbrukerrådet meiner det ville vere særs uheldig om det auka tilgjenget som praktiseringa av opningstidslova har ført til skulle innskrenkjast. Dersom ein no ønskjer endringar i lovverket kring opningstidslova, vil fleirtalet gjera framlegg om at ein opphevar opningstidslova og held på den noverande reguleringa i arbeidsmiljølova, slik at forretningane sjølve kan velje når dei vil halde ope, alt etter kundegrunnlaget og utsiktene til inntening.

       Planleggings- og samordningsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet er samde i at det konkurransemessig sett er riktig å innføre like opningstidsføresegner over heile landet. På den andre sida vert det peikt på at forslaget vil halde oppe og forsterke konkurransevridinga både mellom utsalsstader innan same bransje, og mellom ulike bransjar.

       To høyringsinstansar ønskjer ikkje å uttale seg. Dette gjeld Norsk Petroleumsforening (NPF) og Samvirkeforetakenes Forhandlingsorganisiasjon.

2.1 Endringar i arbeidsmiljølova

Departementet si vurdering

       Forslaget tek sikte på å presisere at arbeidstakarane ved alle utsalsstadene i utgangspunktet skal omfattast av forbodet mot natt-, søn- og helgedagsarbeid i arbeidsmiljølova § 42 og § 44, og inneber at desse arbeidstakarane får det same vernet mot ulagleg arbeidstid som andre arbeidstakarar. Dette er etter departementet si vurdering eit nødvendig tiltak for å motverke ei uheldig utvikling.

       Behovet for å avgrense høvet til nattarbeid i størst mogleg grad knyter seg først og fremst til dei negative helsemessige konsekvensane slikt arbeid har.

       Når det gjeld arbeid på søn- og helgedagar er det ikkje haldepunkt for å hevde at dette er direkte helseskadeleg. Føremålet med arbeidstidsføresegnene omfattar likevel også omsynet til arbeidstakarane sitt sosiale velvære. Dette tilseier at arbeidstida skal vere på slike tider av døgeret at arbeidstakaren får høve til samvær med familie, vener, og til fritidsaktivitetar av ymse slag.

       Etter departementet sitt syn verkar dei skilnadene som i dag eksisterer når det gjeld opningstider mellom dei ulike kommunane negativt for arbeidstakarane. Dette gjeld særleg for arbeidstakarar som bur i nærleiken av grensa mellom to kommunar med store skilnader i opningstidsreglane. Det kan vere noko vilkårleg kva for kommune arbeidstakarane arbeider i, og kva for kommunale føresegner som til eikvar tid gjeld for opningstidene i kommunen. Opningstider fastsette på nasjonalt nivå vil sikre like vilkår, uavhengig av geografisk plassering.

       For å sikre at visse forbruksvarer er lette å få tak i er det nødvendig å fastsetje einskilde unnatak frå arbeidsmiljølova. Dette er det gjort lovteknisk framlegg om å gjennomføre ved at det i opningstidslova vert fastsett reglar om når utsalsstadene kan vere opne, og at det i ei ny føresegn i arbeidsmiljølova vert fastsett at natt-, søn- og helgedagsarbeid ved utsalsstader berre er lov « innanfor dei opningstidsrammene som er fastsette i eller i medhald av anna lovgjeving ».

       Dette inneber at det etter arbeidsmiljølova § 42 andre ledd l) og § 44 andre ledd k) er lov å arbeide når det i eller i medhald av opningstidslova er fastsett føresegner om opningstider for utsalsstader. Unnataket frå arbeidsmiljølova § 42 første ledd og § 44 første ledd gjeld berre på dei tidspunkta og for dei typar av utsalsstader som det er fastsett slike reglar for. Som døme kan nemnast det høvet mindre kioskar har til å halde ope om natta etter framlegg til ny opningstidslov § 3. Når ein utsalsstad fell utanfor opningstidsreglane, anten på grunn av tidspunktet på døgeret eller på grunn av typen eller storleiken på utsalsstaden, vil arbeidstakarane vere verna av arbeidsmiljølova sine reglar om natt-, søn- og helgedagsarbeid.

       I forslaget til ny føresegn om alminnelege opningstider i opningstidslova § 2 er det fastsett opningstider som svarar til arbeidstidsrammene i arbeidsmiljølova § 42 andre ledd l) og § 44 andre ledd k). Arbeid ved utsalsstader som ikkje er knytta til opningstida kan utførast så lenge arbeidet vert utført i samsvar med arbeidsmiljølova elles.

       Omsynet bak forslaget til endringar i arbeidsmiljølova er at vernet til arbeidstakarane først og fremst skal liggje i arbeidsmiljølova. Føresegnene om unnatak i opningstidslova vil likevel ha stor verdi for dei arbeidstakarane som fell inn under desse føresegnene. Omsynet bak lovendringane tilseier likevel at det ved praktiseringa av opningstidslova også bør leggjast vekt på omsynet til arbeidstakarane, t.d. ved vurderinga av dispensasjon etter forslaget til ny opningstidslov § 4.

2.2 Opningstidslova sitt verkeområde

Departementet si vurdering

       Spørsmål når det gjeld lova sitt verkeområde er omtala under pkt. 5 i dei særskilte merknadene til dei einskilde føresegnene. Det same gjeld kombinasjonar av tenesteytande verksemd og sal av varer.

       Det vert gjort framlegg om at dei alminnelege opningstidene skal setjast lik normalarbeidstida i arbeidsmiljølova. Opningstidene vil gjelde for alle utsalsstader, anten det er sysselsette arbeidstakarar som arbeidsmiljølova femnar om eller ikkje.

       Opningstidene kan t.d. ikkje utvidast ved å nytte dei moglegheitene som arbeidsmiljølova opnar for når det gjeld utviding av arbeidstida, ved å organisere arbeidet i to skift, eller ved å inngå avtale som inneber at hovudreglane i § 42 og § 44 ikkje gjeld. Forslaget tek likevel ikkje sikte på å gjere innskrenkingar i arbeidstakarane sitt høve til å arbeide på natt-, søn- og helgedagar i medhald av andre føresegner i arbeidsmiljølova. Sjølv om ein utsalsstad ikkje kan vere open etter kl. 21.00 på kvardagar, kan arbeidstakarane til dømes utføre lagerarbeid, kasseoppgjer eller liknande etter at utsalsstaden er stengt, når dette vert gjennomført i samsvar med arbeidsmiljølova. Arbeidsmiljølova set likevel rammer for når ei slik utviding av arbeidstida kan skje, jf. pkt. 3.1.

2.3 Opningstider på kvardagar

Departementet si vurdering

       Etter det departementet er kjend med er det særleg dei store daglegvarekjedene som er opne etter kl. 21.00. SIFO-rapporten peikar på at om lag 6 % av daglegvarebutikkane på landsbasis er opne etter kl. 21.00 på kvardagar. For dei store byane Oslo, Bergen og Trondheim er talet om lag 16 %.

       Behovet for at butikkane er opne etter kl. 21.00 må etter departementet si vurdering seiast vere lite. Dette gjeld både med omsyn til behovet til forbrukarane for å handle etter dette tidspunktet, og interessene til dei næringsdrivande til å halde ope. Ei opningstidsramme frå kl. 06.00 til kl. 21.00 er etter departementet si meining ei rimeleg avveging mellom forbrukarane sine interesser, ønsket til utsalsstadene om å halde ope om kveldane, og omsynet til arbeidstakarane ved desse utsalsstadene.

2.4 Opningstider på dagar før søn- og helgedagar

Departementet si vurdering

       Etter departementet si meining er dei nemnde maksimumsrammene ei rimeleg avveging mellom omsynet til forbrukarane sitt behov for å handle, dei næringsdrivande sine interesser i å halde ope og det naudsynlege av å gje arbeidstakarane eit tilstrekkjeleg vern mot ulagleg arbeidstid, også på dagar før søn- og helgedagar.

       Av omsyn til ei harmonisering av opningstidene med normalarbeidstida i arbeidsmiljølova, er det nødvendig med kortare opningstider også på dagar før glidande helgedagar. Dette gjeld ikkje for dagar før 1. og 17. mai, jf. pkt. 2.5.1.

2.5 Opningstider på søn- og helgedagar

Departementet si vurdering

       Departementet finn det riktig å lovfeste opningstidsrammer som gjev lov til å halde ope om søndagane mellom kl. 14.00 og kl. 20.00 dei tre siste søndagane før juleaftan. Tradisjonen med søndagsopne utsalsstader før jul er vorte meir og meir vanleg dei seinare åra, og forbrukarane tykkjer å setja stor pris på at dei kan få gjere unna julehandelen på søndag i ei elles travel og hektisk førjulstid. Departementet si spørjeundersøking mellom kommunane i desember 1996 syner at ei rekkje kommunar i dag gjev løyve til dette. Ved å ta inn rammer for denne praksisen i lova vil ein etter departementet si meining sikre like rammer for søndagsopne utsalsstader før jul over heile landet, og redusere trongen for dispensasjon frå lova monaleg.

       Departementet meiner at moglegheitene for å halde ope dei tre siste søndagane før juleaftan er tilstrekkjeleg for å ta i vare forbrukarane sitt behov.

2.6 Første mai og syttande mai

       Lovframlegget legg opp til at det på same måten som i dag skal vere stengd på høgtidsdagane 1. og 17. mai.

       Lov av 26. april 1947 nr. 1 om 1. og 17. mai som høgtidsdagar § 1 andre ledd, inneheld ei føresegn om at dersom 17. mai fell på pinseaftan eller første pinsedag, skal dagen med omsyn til lukkingstida for utsalsstader reknast som om den fall på høvesvis ein vanleg laurdag eller ein søndag. Føresegna fører til at utsalsstader år om anna, m.a. i 1997, får lov til å halde ope tilsvarande ein vanleg laurdag på 17. mai. Føresegna kom til ved ei lovendring 29. april 1959 nr. 3, for å løyse dei komplikasjonane som reglane om heilagdagsfreden den gongen skapte for feiringa av nasjonaldagen.

       Lov om 1. og 17. mai som høgtidsdagar § 1 andre ledd refererer til lov 25. juli 1913 nr. 5 om lukkingstid for utsalsstader, som vart oppheva då opningstidslova vart vedteke i 1985. Ved ei utegløyming vart § 1 andre ledd i lov om 1. og 17. mai som høgtidsdagar ikkje oppheva samstundes, og departementet gjer framlegg om at § 1 andre ledd no vert oppheva.

2.7 Same opningstider over heile landet

Departementet si vurdering

       Sterke grunnar talar etter departementet si oppfatning for eit sams regelverk om opningstider over heile landet. Dette vil både sikre at tilgjenget for forbrukarane vert likt, og hindre at ulike kommunale føresegner fører til konkurransevriding pga. handelslekkasje over kommunegrensene. Mange utsalsstader, særleg dei større daglegvarebutikkane, har dei seinare åra utvida opningstidene sine. Dette har ført til at arbeidstakarane ved desse utsalsstadene har fått eit større arbeidspress. Innlemming av arbeidstakarane ved utsalsstader under arbeidsmiljølova sine føresegner, og ei harmonisering av arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid med opningstidslova sine føresegner om opningstid, gjer det nødvendig at kommunane sitt høve til å fastsetje lokale føresegner fell bort. Også omsynet til eit einsarta vern om søn- og helgedagar over heile landet tilseier eit sams regelverk på dette området.

2.8 Utsalsstader som er unnatekne frå regelverket

Utsalsstader som er unntak etter ei arealgrense

Departementet si vurdering

       Departementet vil først peika på at uansett kva for ein modell som blir valt, vil utforminga av unnataka by på vanskelege avvegingar, og det er neppe mogleg å kome fram til kriterium som heilt vil fjerne grensedragingar og tvilstilfelle. Etter departementet sitt syn, og som omtalt under pkt. 2.4.3.3 eit fleirtal av befolkninga sitt syn, er likevel dei omsyna som talar for å avgrensa handleaktiviteten på søn- og helgedagar så sterke at dei klart bør vere avgjerande.

       I denne samanhengen er ulike modellar for avgrensinga av kva for eit utsal som skal haldast utanfor, vorte vurdert. Ei mogleg løysing er å halde utanfor utsalsstader med ei årsomsetjing under ei viss beløpsgrense, slik det er gjort i Danmark. Eit klart problem med ei slik løysing er at årsomsetjinga kan føreseiast, og at ein utsalsstad som reknar med ei omsetjing under grensa og held ope deretter, paradoksalt nok kan få problem dersom den slår an blant kundane. I Danmark har dette ført til at enkelte søndagsopne utsal har måtte stengje andre vekedagar for å unngå å sprengje omsetjingsgrensa.

       Fleire omsyn talar etter departementet si meining klart mot ei vidareføring av ei avgrensing basert på eit skilje mellom kiosk- og daglegvarer, sjølv om produktlista i forhold til dagens regelverk utvidast t.d.til å omfatta enkelte daglegvarer. Erfaringane med dagens opningstidslov har ført til store kontroll- og handhevingsproblem med eit slikt skilje.

       Det tradisjonelle kioskbegrepet, og ei lovgiving basert på dette, er etter departementet si oppfatning lite framtidsretta. Utviklinga i varehandelen har langt på veg utviska sortimentsskiljeliner. I tillegg skjer det ei tydeleg produktutvikling innanfor det ein kan kalle det samla daglegvare/kiosksortiment. Å splitta utsal innanfor dette sortimentet ved hjelp av varesortar vil representere kontinuerlege problem når nye vareslag dukkar opp. Ei effektiv kategorisering av produkta vil dessutan krevja tydelege administrative ressursar.

       Ei vareavgrensing i retning av det gamle kiosksortimentet, slik som foreslått av Handel og Kontor, vil innebere ei vesentleg innskrenking i forhold til dagens faktiske situasjon. Meiningsmålingar tyder på at forbrukarane set stor pris på moglegheita til å handle daglegvarer utanom ordinær opningstid. Det er òg vanskeleg å forsvare ei vareliste som hovudsakleg tillet usunne varer ut frå eit ernæringsmessig og helsemessig synspunkt.

       Andre land har gått vekk frå å skilje mellom kiosk- og daglegvarer. I Danmark blei det i 1994 fremja ei opningstidslov som lista opp kva for daglegvarer som kunne seljast utanfor dei alminnelege opningstidene. I 1995 blei det vedteke ny lovgiving på dette området, fordi folk flest ikkje hadde forståing for om ein til dømes kunne kjøpe kaffe utanom alminneleg opningstid, men ikkje dei kaffefiltra som stod ved sida av i butikkhylla.

       Etter departementet si meining er det eit klart ynske for meir objektive og handhevbare avgrensingskriterium. Framlegget om ei arealavgrensing har sitt utspring mellom anna i at ei avgrensing etter varesal har synt seg vanskeleg å praktisere. Eit arealprinsipp har klare føremon som avgrensingskriterium særleg med tanke på kontroll og handheving. Det kan fastslåast om eit utsal har ein storleik over eller under ei arealgrense, mens varesortimentet i prinsippet kan variere frå dag til dag. Arealprinsippet får heller ikkje følgjer av produktutviklinga og av om nye vareslag skal definerast som dagleg- eller kioskvarer. Departementet er difor kome til at ei arealgrense alt i alt er det mest føremålstenlege kriteriet.

       Tobakk- og Kioskhandelens Landsforbund og Norsk Rikstoto har merka seg at areal som går med til spel bør vere unnateke frå utrekninga av salsflata. Etter departementet si meining er dette ein så integrert del av utsalsstaden sitt lokale, at det må reknast inn i utrekninga av salsflata.

Andre unnatak

Departementet si vurdering

       Departementet vil først streka under at intensjonen med lovframlegget § 3 nr. 3 til nr. 11 er å vidareføre desse unnataka frå den opningstidslova ein har i dag. Departementet ser difor ikkje grunn til å stramme inn i forhold til dagens situasjon. Einskilde mindre redigeringar er likevel sette i verk. Ei nærare utgreiing av innhaldet i unnataka er gjeve i dei spesielle merknadene i pkt. 5. Utgreiinga er ei vidareføring av praksis som har utkrystallisert seg i samband med gjeldande og tidlegare lover.

       Mange av høyringsinstansane har uttalt seg om unnataket for typiske turiststader. I høyringsnotatet var det lagt opp til at fylkesmannen i tvilstilfelle skal ha kompetanse til å avgjere kva som er ein « typisk turiststad ». Departementet er samd med fylkesmannen i Nord-Trøndelag som peikar på at det kan knytte seg ein del tvil til når fylkesmannen skal fatte slike vedtak. Med omdøme til ein einsarta bruksmåte av omgrepet « typisk turiststad » bør det derfor vere ei absolutt avgjerdsmynde i desse sakene. Departementet føreslår derfor ei fastlegging om at fylkesmannen etter søknad frå ein kommune avgjer om eit område skal kallast « typisk turiststad ». Kommunar eller område som i dag går under omgrepet « typisk turiststad » må òg søkje om godkjenning frå fylkesmannen.

       Departementet har forståing for synspunktet frå Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) om at kioskar knytta til helseinstitusjonar og sjukehus vil kunne ha eit legitimt behov for å haldast utanfor ei kvadratmetergrense. Departementet er likevel etter ei samla vurdering komme fram til at det ikkje er tilstrekkeleg krav for eit særskilt unnatak for slike utsalsstader.

2.9 Dispensasjon frå regelverket

Departementet si vurdering

       Departementet vil peike på at ein dispensasjon frå lova om opningstider gjeve av fylkesmannen etter § 4 kan føra med seg ei utviding av tilgjenge til natt-, søn- eller helgedagsarbeid etter arbeidsmiljølova, fordi dette omfattar formuleringa « fastsatt (...) i medhald av anna lovgjeving », jf. framlegg til endringar av arbeidsmiljølova § 42 og § 44. Fylkesmannen vil trass i dette ikkje ha kompetanse til å gje dispensasjonar frå reglane frå arbeidsmiljølova om natt-, søn- og helgedagsarbeid for arbeid som ikkje knyter seg til opningstider på utsalsstaden. Slike dispensasjonar må eventuelt gjevast av Arbeidstilsynet innanfor rammene til arbeidsmiljølova. Dispensasjonar gitt av Arbeidstilsynet vil i samband med dette ikkje få følgjer for utsalsstadene sitt høve til å halde ope, då dette følgjer av lov om opningstider. Departementet er på grunn av dette ikkje einig med Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH), som i høyringsfråsegna seier at framlegget vil gjere det vanskeleg for dei næringsdrivande fordi søknader om dispensasjonar som gjeld opningstidene må leggjast fram for to ulike forvaltingsorgan. Dersom vilkåra for dispensasjonen ikkje vert følgd, og dette fører til brot på arbeidsmiljølova, er det likevel ein tilstand som hører til Arbeidstilsynet si tilsynsmynde. Det vert elles vist til dei særskilte merknadene til endringane i arbeidsmiljølova § 42 og § 44 under pkt. 5.

       Departementet er av den forståing at fylkesmannen bør ha dispensasjonsmynde, og at dette bør sjåast i samband med at det er foreslått innført felles opningstider over heile landet. Bruk av dispensasjonsmynde inneber utøving av skjønn. Med fylkesmannen som fyrste instans vil ein sikre at dispensasjonspraksisen blir utøvd likt innan fylket og unngå ulik dispensasjonsutøving kommunane i mellom. Barne- og familiedepartementet vil vurdere om det er behov for å gjera ferdig og sende ut retningsliner for dispensasjonspraksisen for å sikra at denne blir lik over heile landet. Intensjonen om eit meir einsarta og konsekvent vern av dei tilsette i varehandelen tilseier òg i denne samanhengen at dispensasjonspraksisen blir lagt til eit nivå over kommunane. Det same gjeld omsynet til lik praktisering av å halde ope på søn- og helgedagar.

       Fylkesmannen fører i dag ein generell legalitetskontroll med kommunale føresegner om opningstider, og er ankeinstans for kommunale dispensasjonsvedtak. Fylkesmannen reknast på denne bakgrunnen å ha godt kjennskap til tilhøva i den enkelte kommune.

2.10 Konkurransetilhøve

Departementet si vurdering

       Med dei valde arealgrensene vil lovforslaget etter departementet sitt syn i store trekk for landet sett under eitt oppretthalde situasjonen i dag i varehandelen med omsyn til opningstider. Mindre daglegvareforretningar, kioskar og bensinstasjonar m.v. vil kunne halde ope når dei vil, mens større utsalsstader framleis må sjå på dei alminnelege opningstidsrammene, som i dei fleste høve er identisk med faktisk opningstid i dag. På kvardagar og på dag før søn- og heilagdagar vil rett nok større daglegvareforretningar, særleg i byar og tettstader, få innskrenka løyve til opningstid samanlikna med i dag. Dei arealgrensene departementet har vald for utsalsstader som skal stå fritt m.o.t. opningstid, fører til at utsalsstader av nokolunde same storleik og med same vareutval får like løyvingar til å halde ope. Etter departementet si meining er det ikkje rimeleg, slik situasjonen mange stader er i dag, at namnet « kiosk » eller « storkiosk » gjer det mogleg for ein utsalsstad å halde ope på kvelden og i helgene, når vareutvalet langt på veg er det same som i ein alminneleg daglegvarebutikk som ikkje kan halde ope.

       Når departementet gjer framlegg om ulike kvadratmetertal for kioskar/daglegvarebutikkar og bensinstasjonar m.v. for å kome inn under unnataka i lovframlegget § 3 nr. 1 og nr. 2, er dette på grunn av at bensinstasjonar i tillegg til kiosk/daglegvarer òg sel bensin- og bilrelaterte produkt. Departementet har forståing for argumentet om at arealgrensa på bakgrunn av konkurransemessige tilhøve bør bli trekt opp likt for kioskar/daglegvarebutikkar og bensinstasjonar. Ei lik arealgrense for desse ville nok betre kunne motvirke ei utvikling der kioskar og bensinstasjonar meir og meir satsar på å bli lik vanlege daglegvareforretningar m.o.t. storleik og sortiment. Departementet har lagt avgjerande vekt på at eit større kvadratmetertal for kioskar/daglegvarebutikkar vil kunne føre til ein uheldig vekst av daglegvarehandel på søn- og heilagdagar. Eit lågare kvadratmetertal for bensinstasjonar m.v. vil på den andre sida føre til at mange bensinstasjonar som i dag er unnatekne frå opningstidslova må stenge, fordi ein stor del av bensinstasjonane er plassert i intervallet mellom 100 og 150 kvm.

       Departementet meiner det kan vere ønskeleg med ei evaluering av opningstidslova etter at ho har verka eit par år. I ei slik evaluering vil arealstorleiken og eventuelle tilpassingar til regelverket stå sentralt.

2.11 Tilsyn og handheving

Departementet si vurdering

       Sjølv om utsalsstader har vore unnateke frå reglane om natt-, søn- og heilagdagsarbeid, har arbeidstakarane vore verna av reglane i arbeidsmiljølova ut over dette. Dette gjeld m.a. krava til eit fullt forsvarleg psykisk og fysisk arbeidsmiljø, og her medrekna dei krava som vert stilt til vern av arbeidstakarane ved bruk av maskiner og kjemikaliar i arbeidet, lengda på arbeidstida, pausar etc. « Utsalsstader » er såleis ikkje eit nytt område for Arbeidstilsynet.

       Når reglane i arbeidsmiljølova om natt-, søn- og heilagdagsarbeid vert gjort gjeldande for arbeidstakarar ved utsalsstader vil Arbeidstilsynet, som eit ledd i tilsynet med at arbeidsmiljøet er tilfredsstillande, òg kunne kontrollere om arbeidstida er i samsvar med lova. På bakgrunn av at framlegget til ny opningstidslov tillet natt-, søn- og heilagdagsarbeid m.a. ved mindre kioskar og bensinstasjonar, campingplassar, auksjonar m.v., må Arbeidstilsynet med si tilsynsverksemd ta stilling til om den konkrete utsalsstaden kjem inn under hovudreglane i arbeidsmiljølova, eller om det er femna om av unnataka i opningstidslova. For kioskar og bensinstasjonar vil dette enkelt kunne bli gjort ved å sjå til at utsalsstaden fyller dei krava som opningstidslova set til slike utsalsstader når det gjeld å ha tilfredsstillande dokumentasjon på at utsalsstaden har ei salsflate under det lova krev, jf. opningstidslova § 3 første ledd nr. 1 og 2 og tredje ledd. Dersom utsalsstaden ikkje har slik dokumentasjon tilgjengeleg, vil det normalt ikkje vere høve til natt-, søn- og heilagdagsarbeid ved verksemda, og Arbeidstilsynet vil kunne gje pålegg for brot på arbeidsmiljølova. Tilsynskompetansen til Arbeidstilsynet knyter seg på denne bakgrunnen berre til dei rettane arbeidstakarane har når det gjeld arbeidsmiljøtilhøve i høve til arbeidsmiljølova.

       Brot på opningstidslova skal handhevast av politiet på lik måte som etter gjeldande opningstidslov. Eventuelle meldingar til politiet av ei verksemd for brot på opningstidslova vil på denne bakgrunn bli etterforska og følgt opp av politiet på vanleg måte. Som ein ledd i etterforskinga av ei meldt sak til politiet kan det t.d. vere nødvendig å kontrollere om utsalsstaden kan halde natt-, søn- og heilagdagsope i medhald av framlegget til ny opningstidslov § 3. I samband med etterforsking av verksemder som driv kioskar, daglegvareforretningar og bensinstasjonar m.v. kan det i spesielle høve bli nødvendig å sjekke at det faktiske salsarealet stemmer med dokumentasjonen som er lagt fram.

       Framlegget fører til at eit eventuelt brot på reglane kan vere straffbart både etter arbeidsmiljølova og etter opningstidslova.

       Når det gjeld handheving av gjeldande opningstidslov, viser erfaringane at dette er problematisk å gjennomføre på ein effektiv måte. Problema knyter seg i første rekkje til grensa mellom kiosk og daglegvarer, som etter framlegget vil falle bort. Samanlikna med framlegget om at daglegvarebutikkar og bensinstasjonar m.v. som held ope utover den alminnelege opningstida i lova må dokumentere at salsflata ikkje overstig den lovlege kvadratmetergrensa, går ein ut frå at framlegget fører til ein markant reduksjon av handhevingsproblema.

       For dei utsalsstadene som det er gjort framlegg om særreglar for i § 3 nr. 3 til nr. 11, tyder røynslene med gjeldande opningstidslov ikkje på store avgrensings- eller handhevingsproblem, og det blir ikkje gjort framlegg om endringar i denne samanhengen.

       Det er heller ikkje gjort framlegg om endringar når det gjeld det administrative ansvaret for dei lovene som er femna om av framlegget. Dette fører til at det er Barne- og familiedepartementet som har det administrative ansvaret for opningstidslova. Den endelege avgjerda av korleis ein skal forstå reglane er det domstolane som må ta. På bakgrunn av at det er fleire forvaltingsorgan som må ta omsyn til regelverket for å kunne utføre sine oppgåver, ser departementet det som naturleg at det blir etablert ymse administrative rutinar for kunngjering av vedtak som er knytta til opningstidslova. Dette gjeld i første rekkje mellom Arbeidstilsynet og fylkesmannsembeta.

2.12 Vernet om søn- og heilagdagar

Departementet si vurdering

       Nokre høyringsinstansar peikar på at lovframlegget og dei foreslåtte arealgrensene vil føre til ein vekst av handel på søn- og heilagdager, og dermed kome i konflikt med intensjonen om å skjerme søndagen som handledag. Departementet deler ikkje dette synet. Det er grunn til å tru at den totale marknaden for sal av daglegvarer er nokolunde konstant. Spørsmålet blir såleis om det at ein gjer daglegvaresal i kioskar og bensinstasjonar m.v. lovleg vil føre til ei vriding av daglegvaresalet frå kvardagar til søn- og heilagdagar.

       Sjølv om ein ikkje kan sjå bort frå at lovframlegget fører til ei auking av daglegvaresal på søn- og heilagdagar, særleg i større byar, kan fleire faktorar peike i motsett retning. Det er meir kostnadskrevjande å halde ope på søndagar enn elles i veka, m.a. på grunn av høgare lønsutgifter. Det er òg dyrare å etablere utsalsstader i byar og tettstader der ein finn den presumptivt største marknaden for sal av daglegvarer. Å drive med vinst under desse vilkåra krev eit visst volum av handelen, og ei arealgrense vil i seg sjølv vere ein hemmande faktor. I Sverige kan det sjå ut som om det er dei store einingane, som varehus og enkelte daglegvarebutikkar, som finn det rekningssvarande å halde ope på søndagar.

       Ein markant auke av daglegvarehandelen på søndagar krev òg at forbrukarane er viljuge til å endre sitt handlemønster i retning av meir daglegvarehandel på søndag. Røynslene frå Sverige, og frå daglegvaresalet i Noreg i dag, viser at søndagsopne kioskar og bensinstasjonar i stor grad vert brukt til suppleringskjøp og at storhandel av daglegvarer framleis vert lagt til kvardagar. SIFO-rapporten peiker dessutan på at det er tradisjonelle kioskvarer, og eit aukande sal av såkalla ferdigmat som i dag dreg kundar og som gjer det tenleg å halde ope på søndagar.

       Departementet har ikkje grunnlag for å tru at lovframlegget vil føre til ein vesentleg vekst av daglegvarehandel på søndagar. Departementet vil òg sjå nøye på dette elementet ved ei eventuell evaluering av lova etter nokre år.

2.13 Tilhøvet til alkohollova

Departementet si vurdering

       Det er gjort greie for tilhøvet mellom opningstidslova og alkohollova under pkt. 2.5.5.

       I tilknyting til eventuelle endringar i alkohollova syner departementet til fråsegna frå Sosial- og helsedepartementet:

       « Sosial- og helsedepartementet ønsker av alkoholpolitiske grunner at det fortsatt bare skal være salgssteder som enten er rene spesialbutikker (som f.eks. kommunale ølmonopol) eller som har et bredt spekter av dagligvarer, som skal kunne få bevilling til å selge øl, og at f.eks. bensinstasjoner ikke også skal kunne selge øl. Hvis åpningstidsloven går over til å bruke areal som avgrensningskriterium, vil Sosial- og helsedepartementet i sin forskrift for kioskbegrepets vedkommende, ikke lenger kunne henvise til åpningsloven. Departementet tar, for det tilfelle at åpningstidsloven blir endret, sikte på å endre forskriften. »