3. Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringer i lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer

I

I lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer, vert det gjort følgjande endringar:

Overskrifta til lova skal lyde:

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

§ 7 tredje ledd skal lyde:

Skadelidaren kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller let seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han visste at vogna var fråvend rette innehavaren med brotsverk.

§ 7 fjerde ledd skal lyde:

Skadeliden vognførar som køyrde den vogna som gjorde skaden, kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det dersom han visste eller måtte vita at

a) vogna vart nytta i samband med eit brotsverk, eller

b)han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder. Særregelen her gjeld likevel ikkje i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Hadde vognføraren større alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,5 promille eller ei alkoholmengd i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon i utandingslufta enn 0,25 milligram per liter luft, vert han i alle tilfelle rekna for påverka av alkohol i høve til regelen her.

§ 10 første ledd andre punktum skal lyde:

Dette gjeld likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna som gjorde skaden endå skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg trygda.

§ 12 første ledd bokstav c skal lyde:

c) sjølv hadde valda at han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder medan han køyrde vogna og gjorde skade, eller medverka til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka. Dette kravet fell bort i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Regelen i § 7 fjerde leden bokstav b tredje punktumet gjeld tilsvarande.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.