1.1 Samandrag

Samferdselslova 4. juni 1976 nr. 63 løyveregulerer yrkesmessig vegtransport og persontransport i rute med fartøy.

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram utkast til ny lov om samferdsel. Tittelen på lova er endra til "lov om yrkestransport med motorvogn og fartøy" (yrkestransportlova), som er ei meir presis og sjølvforklarande formulering av verkeområdet for lova enn "lov om samferdsel".

Samla sett har utviklinga ført til at samferdselslova er blitt uoversiktleg og vanskeleg tilgjengeleg. Det er ønsket om ei klarare framstilling av dei prinsipp som ligg til grunn for lova som har vore avgjerande for at det vert fremja eit utkast til ny lov, framfor å tilpasse ytterlegare endringar i den gamle lovstrukturen. Behovet for materielle endringar i lova har såleis vore mindre, etter som naudsynte tilpasningar har vorte gjort etter kvart, anten i lova eller i forskrifter med heimel i lova.

Likeeins som gjeldande lov er den nye lova i stor grad utforma som ei fullmaktslov, ut frå behovet for tilpassingar til endringar i transportmarknaden.

Om det nye lovutkastet

Strukturen i lovutkastet er endra i høve til gjeldande lov for å gjere lovverket meir brukarvennleg. Lova er såleis delt opp i ulike underkapittel, om løyve, om kven som er løyvestyresmakt, om tilskot til rutetransport mv.

Når det gjeld turvogn og gods, gjev løyvet direkte tilgang til marknaden, men for rute- og drosjetransport må ein i tillegg ha eit behovsprøvd løyve. Rutetransport til sjøs vert løyvemessig i store trekk handsama som rute på veg.

Dei viktigaste materielle endringane i lovutkastet er:

  • virkeområdet for lova vert utvida til å gjelde transport med luftputefartøy

  • transport med beltebil vert ikkje lenger omfatta av lova

  • ein noko utvida rett til transport av rutekarakter med buss utan krav om ruteløyve, særleg innretta på fritidsreiser

  • høve for tilsette i det offentlege omsorgsapparatet til å utføre persontransport med personbil, som har naturleg tilknyting til utføring av arbeidet

  • høve til å nytte anbod også for ferjeruter

  • ansvaret for handsaming av løyve for godstransport vert overført til fylkeskommunen, tilsvarande som for andre løyve

  • heimlane til å kunne gje fritak frå løyvekravet er samla på departementsnivå

  • det vert gitt klar heimel for omlasting på staden ved transport av gods utan påbode løyve

  • retten til å krevje at rettssubjekt med ruteløyve skal slutte seg saman og til å krevje omgjort aksjeoverdragingar vert tatt bort

  • avgrensinga på retten til å drive utleige av buss registrert for meir enn 17 personar til berre å gjelde mellom innehavarar av ruteløyve vert tatt bort

  • teieplikta er overflødig ved sidan av forvaltningslova sine reglar om teieplikt

  • transportselskapa sine kontrollørar får i visse høve rett til å halde tilbake personar som ikkje kan syne gyldig billett i kontroll

Høyringa av lovutkastet er nærare omtala i kap. 3 i proposisjonen.

Felles transportmarknad i EØS-området

Gjennom EØS-avtala er Noreg ein del av den indre transportmarknaden i EØS-området. Såleis har EØS-avtala ikkje berre hatt verknad for internasjonal transport, men har òg ført til store endringar i rammevilkåra for utøving av yrkestransport generelt, t.d. gjennom fastsetjing av felles reglar som skal gjelde for å etablere seg i transportyrket.

Regelverket for tilgang til marknaden er gjeve som forordningar, som har karakter av forskrift med lite spelerom for tilpassingar i det nasjonale regelverket.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjørgulv Froyn, Martin Kolberg, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans R. Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til merknader i etterfølgjande kapittel.