1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I budsjettproposisjonen for 2002 vart det orientert om at departementet ville kome tilbake til ei samla vurdering av gebyrpolitikken for Brønnøysundregistra i statsbudsjettet for 2003. I statsbudsjettet vart det gitt ei generell framstilling av dei problemstillingane departementet arbeidde med, og vist til at saka skulle sendast på høyring same haust. Allmenn høyring vart gjennomført i perioden desember 2002 til februar 2003.

Departementet går inn for at gebyra for tenester frå Brønnøysundregistra ikkje lenger skal vere kopla til rettsgebyret. Dette vil gi større fleksibilitet når ein skal fastsetje gebyr for dei enkelte tenestene, uavhengig av om ein held fast ved inntektskrava til Brønnøysundregistra. Det vert foreslått å ta inn alternative gebyrheimlar i dei lovene som regulerer tenester dei ulike registra i Brønnøysund utfører, dvs. føretaksregisterlova og tinglysingslova. og at dagens heimlar i rettsgebyrlova blir oppheva. I etterkant vil det bli fastsett ei felles gebyrforskrift for alle registra i Brønnøysund.

Departementet foreslår òg at ein går bort frå dagens kunngjering i Norsk lysingsblad, og i staden kunngjer selskapsrelaterte saker elektronisk. Elektronisk kunngjering gir betre tilgang til kunngjeringane, mellom anna gjennom utvida søkjemoglegheiter og enkle abonnementsordningar. Registra kan òg spare store kostnader ved ei slik omlegging, sidan ein i dag bruker 32 mill. kroner på kunngjering i Norsk ly­singsblad. Departementet foreslår ei omlegging til elektronisk kunngjering på Internett ved hjelp av Brønnøysundregistra sine databasar. Departementet vil sørgje for at informasjonen er tilgjengeleg på Internett med gode søkjemoglegheiter i så lang tid som det er praktiske behov for det, sett i høve til lagringskapasitet. Seinare må informasjonen kunne hentast fram frå historiske arkiv i samsvar med vanlege arkivreglar.

1.2 Bakgrunnen for lovforslaget

I tillegg til forslag om endringar av gebyrheimlar og endringar i kunngjeringsreglane omfatta høyringa generelle spørsmål knytte til prinsippa for gebyrfastsetjing i Brønnøysund og den konkrete gebyrstrukturen i Føretaksregisteret. Departementet ville sjå nærmare på heimelsgrunnlaget for gebyra i dei ulike registra innanfor Brønnøysundregistra. Dei fleste av gebyra for registrering, tinglysing og informasjonsavlevering er forankra i lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr (rettsgebyrlova), primært av historiske grunner. Brønnøysundregistra har sidan 80-talet vakse ved at stadig fleire register har kome til. Dette har ført til ei oppsplitting av reglane om gebyrfastsetjing og innkrevjing av gebyr. Det er derfor behov for ei opprydding. Rettsgebyret blir primært fastsett etter kva inntektsbehov domstolane har. Auken i gebyra har dei siste åra vore høgare enn den generelle kostnadsutviklinga i samfunnet. Frå eit brukarsynspunkt er det òg mest formålstenleg at heimlane for gebyr går fram av den lovgivinga som regulerer dei aktuelle tenestene registra utfører.

I høyringsbrevet gjekk departementet inn for at gebyrfastsetjinga i framtida skal følgje eit prinsipp om at inntektene skal dekkje kostnadene ved drift og utvikling, og at registra blir vurderte gruppevis etter kva for kundar dei yter tenester til. I tillegg kan det bli gjort eit påslag for å møte eit eventuelt inntektskrav frå Stortinget, fastsett i samband med dei årlege budsjettbehandlingane i Stortinget.

Innspela frå høyringsrunden er positive til forslaget om nytt prinsipp for gebyrpolitikken. Departementet vil leggje dette til grunn for forskriftsutforminga i etterkant av lovendringane, og komme tilbake til saka i budsjettforslaget for 2004.

For å kome behova i næringslivet i møte og redusere gebyra i Føretaksregisteret, ønskte departementet også å sjå nærmare på om det var mogleg å redusere kostnadene.

Dei siste åra har Brønnøysundregistra, og i første rekkje Føretaksregisteret, vorte kritiserte for at gebyra er for høge. Det gjeld særleg gebyra for nyregistrering av føretak. Det syner seg at dagens overskot i Brønnøysundregistra stort sett stammar frå gebyr som er knytte til tinglysing/registreringar i Lausøyreregisteret, ikkje registreringar i Føretaksregisteret.

Departementet foreslo i høyringsnotatet ein overgang frå dagens kunngjering i Norsk lysingsblad til elektronisk kunngjering i selskapsrelaterte saker. Elektronisk kunngjering gir betre tilgang til kunngjeringane, mellom anna gjennom utvida søkjemoglegheiter og enkle abonnementsordningar, og gjer at ein kan spare store kostnader.

1.3 Administrative og økonomiske konsekvensar

Endringane i kunngjeringssystemet inneber ei innsparing i kostnadene for registrering, fordi kostnadene til kunngjering i Norsk lysingsblad fell bort. Det gir ei innsparing på ca. 32 mill. kroner. Inntektene til Norsk lysingsblad vert reduserte tilsvarande. Kostnadene for Norsk lysingsblad vert redusert med ein noko mindre sum. Departementet legg opp til at dei innspara kostnadene for kunngjering skal gi tilsvarande reduksjon av registreringsgebyra. Totalt sett blir forslaga derfor provenynøytrale.

Den føreslåtte overgangen til elektronisk kunngjering i regi av Brønnøysundregistra krev ei viss vidareutvikling av den noverande kunngjeringssida til Brønnøysundregistra. Dette er berekna til ein eingongskostnad på ca. 400 000 kroner. Dette kan dekkjast over det ordinære budsjettet til Brønnøysundregistra. Drift av kunngjeringsbasen vil ikkje verte meir kostnadskrevjande enn dagens arbeid med oppfølging av kunngjeringane i Norsk lysingsblad.