1.1 Samandrag

I proposisjonen legg Arbeids- og sosialdepartementet fram forslag til ei ny lov om supplerande stønad for personar med kort butid i Noreg og tilsvarande redusert rett til ytingar frå folketrygda. Dersom dei manglande ytingane frå folketrygda ikkje vert kompenserte av ytingar frå utlandet, vert desse personane i regelen varige mottakarar av økonomisk sosialhjelp når dei når pensjonsalderen. Formålet med den nye lova er å garantere ei minste samla inntekt for denne gruppa.

Minstekravet for å få alderspensjon frå folketrygda er ei butid i Noreg på 3 år mellom fylte 16 og 67 år. For å få full pensjon, må ein ha ei butid på minst 40 år. Med kortare butid vert pensjonen tilsvarande redusert. Dei som kjem hit etter at dei har fylt 67 år, kan ikkje få alderspensjon. På den andre sida kan personar med tilleggspensjon få ytingar på nivå med eller høgare enn minstepensjon, sjølv om tida i Noreg er kortare enn 40 år.

Personar som vert rekna som flyktningar eller statslause etter FN-konvensjonane får full minstepensjon sjølv om dei ikkje fyller butidsvilkåra.

Personar frå EØS-landa og frå andre land som vi har trygdeavtale med, er sikra ytingar frå Noreg og frå heimlandet etter reglane i avtalane om trygdekoordinering.

Dei fleste tilfella med sosialhjelp vil vere innvandrarar frå land i den tredje verda med lite utbygde sikringssystem. Problemet er synleg alt i dag, sjølv om førstegenerasjonsinnvandrarane har ein låg gjennomsnittsalder. Venteleg vil det vere om lag dobbelt så mange som treng sosialhjelp som supplement til trygdeytingar i år 2020.

Økonomisk sosialhjelp er meint som ei mellombels og unntaksvis yting. Når sosialhjelpa må supplere pensjonar frå folketrygda, er dette av langvarig karakter. Mange vil oppleve det som vanskeleg personleg å vere sosialklient over lengre tid. Kommunane får på si side auka utgifter over sosialhjelpsbudsjettet, og vert varsame med å ta imot personar i denne gruppa, som ofte blir verande urimeleg lenge i asylmottak i påvente av busetjing i ein kommune.

Ei stønadsordning for dei som får liten eller ingen pensjon frå folketrygda på grunn av kort butid i yrkesaktiv alder har vore oppe i Stortinget i samband med handsaminga av St.meld. nr. 50 (1998-1999) (Utjamningsmeldinga) og St.meld. nr. 6 (2002-2003) (Fattigdomsmeldinga).

Ved handsaminga av Storbymeldinga (St.meld. nr. 31 (2002-2003) bad kommunalkomiteen om ei snarleg løysing og viste til merknaden i Budsjett-innst. S. nr. 5 (2003-2004).

Arbeids- og sosialdepartementet har sett på ulike alternative løysingar, mellom anna ei ordning med refusjon til kommunane for sosialhjelp til einskilde grupper, men meiner at ei ny stønadsordning vil vere den beste løysinga.

Eit notat med ei skisse til stønadsordning vart sendt på høyring ved brev frå Sosialdepartementet 23. april 2004.

Arbeids- og sosialdepartementet konstaterer at det ikkje er nokon som kjem dårlegare ut etter innføringa av ei supplerande stønadsordning. Den supplerande ordninga må vurderast for seg, slik ein òg må gjere med folketrygda. Det kan ikkje vere diskriminering at det gjeld ulike reglar i dei to ordningane, der folketrygda byggjer på oppteningskrav og den andre ordninga byggjer på eit individuelt behov for ytingar. Det er heller ikkje slik at innvandrarar er stengde ute frå folketrygda, tvert om vil det store fleirtalet i Noreg få heile eller mesteparten av den norske ytinga si derifrå. Samanlikna med økonomisk sosialhjelp, vil den nye stønadsordninga innebere viktige føremoner. Ytingane får eit sterkare preg av rettskrav, og stønadstakarane kan i større grad få ytingar i utlandet enn når det gjeld sosialhjelp. Dette inneber til dømes betre sjansar til å utøve retten til eit familieliv etter Menneskerettskonvensjonen artikkel 8.

1.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, og frå Senterpartiet, leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, vil understreke behovet for at personar med lovleg opphald i Noreg vert sikra eit økonomisk fundament. Fleirtalet viser til at ei ordning med supplerande økonomisk stønad ved kort butid i Noreg vart varsla i Utjamningsmeldinga våren 1999. Ordninga var meint å gjelde eldre som ikkje hadde tent opp fulle rettar i folketrygda. Fleirtalet har ved fleire høve etterlyst ei oppfølgjing og seier seg nøgd med at forslaget no føreligg. Fleirtalet er samd med Regjeringa i at økonomisk sosialhjelp skal vere ei mellombels og unntaksvis yting og at ein difor må finne andre ordningar for dei som er avhengige av stønader på lang sikt.

Fleirtalet registrerer at Arbeids- og sosialdepartementet har vurdert ulike løysingar og har kome fram til at ei varig stønadsordning er den beste løysinga. Fleirtalet er samd med departementet i dette.

Fleirtalet merkar seg også at forslag til ny lov har vore ute på høyring, og at Regjeringa har teke omsyn til nokre av innvendingane som har kome. Fleirtalet er samd i at nivået på stønaden vert på linje med minstepensjonen i folketrygda og at ordninga vert iverksett frå 1. januar 2006.

Fleirtalet vil slå fast at dette skal vere ei ordning av varig og føreseieleg karakter for dei den gjeld. Ordninga må difor utformast på ein slik måte at den liknar ei trygdeordning.

Fleirtalet vil òg understreke at kommunane til no har hatt ekstrakostnad til sosialhjelp som ikkje er godtgjort frå staten. Dette har medført at fleire kommunar har vegra seg for å busetje eldre flyktningar. Fleirtalet ser det som positivt at ordninga både vil gi ei meir føreseieleg inntekt for den einskilde dette gjeld, samstundes som ordninga også vil fjerna eit hinder for raskare busetjing. Fleirtalet vil elles påpeike at det er viktig å vurdere erfaringane med ordninga når det har gått ei viss tid. Fleirtalet føreslår difor at ordninga vert evaluert etter 2 år.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa leggje fram ei vurdering av følgjene av lov om supplerande stønad to år etter iverksetjing."

Fleirtalet viser elles til utfyllande merknader under dei respektive kapitla.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, viser til at utlendinger med opphold på humanitært grunnlag, arbeidsinnvandrere og nordmenn med lengre utenlandsopphold, og som ikke har 40 års botid i landet, ikke har rett til full alderspensjon fra folketrygden. Disse medlemmer viser videre til at dersom botiden er under 3 år i aldersperioden 16-67 år gis det ingen stønad fra folketrygden. Disse personkretsene vil derfor være avhengig av sosialhjelp, noe disse medlemmer finner akseptabelt og rettferdig.

Disse medlemmer registrerer at flyktninger (etter FN-konvensjonen) har rett til minstepensjon etter folketrygdens regler uavhengig av botid.

Disse medlemmer konstaterer at Regjeringens forslag innbefatter en egen "pensjonsordning" for personer med kort botid i landet. Videre registrerer disse medlemmer at "særordningen" skal være en behovsprøvd ekstraytelse som skal representere differansen mellom en fastsatt minimumsinntekt (90 pst. av minstepensjon) og den reelle inntekten, og at dersom den reelle inntekten overstiger minimumsinntekten ytes det ingen pensjonsytelser. Videre skal inntekt eller pensjon fra utlandet regnes med i den reelle inntekten.

Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets merknader i Innst. S. nr. 222 (1999-2000), hvor Fremskrittspartiet allerede på det tidspunkt avviste en særskilt ordning for pensjonister med kort botid i Norge.

Disse medlemmer viser til at begrunnelsen den gang som nå, ligger i at det vil være urettferdig at denne personkretsen skal motta ytelser fra folketrygden, som nordmenn har brukt 40 år på å tjene opp. Disse medlemmer mener forslaget fra Regjeringen om at eldre innvandrere som kommer til Norge skal få tilnærmet minstepensjon, uten å ha botid, vil virke svært urettferdig på nordmenn som har lang botid (opptjening) i Norge, men som kan få mindre pensjon enn innvandrere uten opptjening. Dette vil særlig gjelde minstepensjonister, men vil sannsynligvis også skape sterke reaksjoner fra personer med tilleggspensjon.

Disse medlemmer vil igjen vise til at for å oppnå fulle ytelser kreves det 40 års botid/opptjening i Norge både for minstepensjonister som ikke har vært yrkesaktive og for personer med yrkesaktiv bakgrunn.

Disse medlemmer vil i tillegg vise til at både utlendingeloven og EØS-avtalen regulerer at far eller mor til en person som er i Norge, bare får komme til Norge dersom de kan bli forsørget av personen som er her.

Disse medlemmer viser til at Arbeids- og sosialdepartementet har sett på ulike løsninger, bl.a. en ordning med refusjon til kommunene for sosialhjelp til bestemte grupper. Disse medlemmer viser videre til at Fremskrittspartiet har hatt et ønske om å fjerne den økonomiske byrden det er for kommunene å ha innvandrere uten pensjon på sosialbudsjettene.

Disse medlemmer vil i denne sammenheng vise til at Stortinget i løpet av vårsesjonen sannsynligvis vil behandle egen sak vedrørende "ny velferdsetat".

Disse medlemmer finner det imidlertid naturlig å behandle stønadsordning til grupper med kort botid i Norge og andre grupper når denne etaten er etablert.

Disse medlemmer vil med denne bakgrunn avvise hele proposisjonen.