2.1 Samandrag

2.1.1 Spørsmålet om ei aldersgrense

Departementet foreslår at den supplerande stønadsordninga får ei aldersgrense på 67 år, dvs. den same aldersgrensa som for alderspensjon frå folketrygda. Det skal likevel ikkje vere noko vilkår at ein stønadstakar har rett til slik pensjon. Dette ville stengje ute dei som kjem til Noreg så seint i livet at dei ikkje vil kunne få ei butid på 3 år før pensjonsalderen, og som difor aldri kan få ein vanleg alderspensjon. Det er denne gruppa som kanskje har mest bruk for ei supplerande ordning.

Ein viser til § 3 første leddet i lovforslaget.

2.1.2 Bustad i Noreg

Departementet foreslår at "busett i Noreg" skal innebere å vere registrert i folkeregisteret og ha opphaldsløyve etter utlendingslova som gir grunnlag for busetjing i Noreg.

Ein viser til § 3 første leddet i lovforslaget.

2.1.3 Forsørgde familiemedlemer i oppstigande linje

Av utlendingslova og EØS-avtalen følgjer at far eller mor til ein person som er i Noreg berre får kome hit dersom dei kan bli forsørgde av personen som er her. Reglane tek sikte på å unngå at desse familiemedlemene i oppstigande linje vert ei belastning for velferdsordningane.

Departementet meiner det er vesentleg i desse sakene at underhaldskravet i utlendingslova er ein realitet i det minste i den første tida i Noreg. Det ville vere uheldig dersom ein kunne ta far eller mor til Noreg og utan vidare overføre ansvaret for underhaldet til det offentlege.

Det vil liggje nærare å gi supplerande stønad når familiemedlemen i oppstigande linje har vore i Noreg i lengre tid. Ikkje minst gjeld dette når personen har fått løyve til å busetje seg i Noreg fast. I denne samanhengen vil ein kunne byggje på ordninga i utlendingslova med opphaldsløyve som gir grunnlag for busetjing i Noreg etter tre år. Departementet foreslår difor at forsørgde familiemedlemer i oppstigande linje skal kunne få supplerande stønad når dei har fått løyve til å busetje seg fast i Noreg.

Ein viser til § 3 andre leddet i lovforslaget.

2.1.4 Opphald i institusjon

Departementet foreslår etter dette at supplerande stønad ikkje vert gitt under langvarige opphald i institusjon der opphaldet vert dekt av det offentlege. I tråd med forslaget frå Rikstrygdeverket, foreslår ein at ytingane skal falle bort frå same tid som ytingane frå folketrygda etter folketrygdlova § 3-27, dvs. når opphaldet i institusjonen varar utover ein kalendermånad etter den månaden då vedkomande vart innlagt.

Ein viser til § 12 i lovforslaget og til merknadene til denne paragrafen.

2.1.5 Opphald i utlandet

Departementet foreslår at retten til supplerande stønad skal falle bort dersom ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn tre månader i samanheng eller i meir enn tre månader i alt i eit kalenderår.

Vidare foreslår departementet at lova får eksplisitte reglar om når retten til stønad skal falle bort på grunn av for langt opphald i utlandet. Ved eit utanlandsopphald som er meint å vare i meir enn tre månader, bør ytinga bli stoppa frå og med månaden etter den månaden då utanlandsopphaldet tok til. I andre tilfelle bør ytingane bli stoppa frå og med månaden etter den månaden då utanlandsopphaldet har vara i tre månader eller summen av utanlandsopphalda i eit kalenderår utgjer tre månader. Resultata vil i og for seg svare til resultata etter dei vanlege reglane om verknaden av endringar, sjå lovforslaget § 11 første og andre leddet, men det kan oppstå tvil om korleis ein skal forstå desse reglane nett i denne samanhengen, særleg i situasjonen med utanlandsopphald som er meint å vare i meir enn tre månader. Lova bør vere heilt klår på dette punktet.

Departementet foreslår vidare at lova får ein heimel som gjer det mogleg å gi ytingar i lengre tid dersom heimreisa til Noreg vert forseinka på grunn av eigen sjukdom. Slik forlenging bør berre bli gitt dersom stønadstakaren legg fram fullgod dokumentasjon. Det vil kunne vere andre tilfelle der det kan framstå som rimeleg å gi ytingar i lengre tid enn lova opnar for, men ein generell heimel for dette vil vere vanskeleg å praktisere. Ein foreslår difor at unntaket nå vert avgrensa til sjukdomstilfella, og at ein i tilfelle supplerer lova med andre konkrete tilfelle dersom røynslene i praksis gir grunnlag for det.

Ein viser til § 4 i lovforslaget.

2.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er samd med Regjeringa i at den supplerande stønadsordninga no skal avgrensast til å gjelde personar over 67 år. Fleirtalet meiner likevel at det vil vere behov for å vurdere ytterlegare utviding av personkrinsen, t.d. til å gjelde uføre over 60 år og yngre psykisk eller fysisk funksjonshemma. Dette er spørsmål som også er reiste i høyringsrunden. Fleirtalet føreslår difor at Regjeringa vurderer om ordninga også skal gjelde desse gruppene.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa vurdere om lov om supplerande stønad skal utvidast til å gjelde andre grupper enn personar over 67 år."

Fleirtalet er elles samd med Regjeringa i at ein med busett i Noreg legg til grunn at personen er registrert i folkeregisteret og har opphaldsløyve etter utlendingslova med grunnlag for busetjing i Noreg.

Fleirtalet støttar også Regjeringa si vurdering av at forsørgde familiemedlemmer i oppstigande linje skal kunne få supplerande stønad når dei har fått løyve til å busetje seg fast i Noreg.

Fleirtalet meiner at ved opphald i institusjon skal supplerande stønad handsamast på same vis som for ytingar frå folketrygda.

Fleirtalet viser til at Regjeringa ved opphald i utlandet føreslår ein strammare praksis enn det som gjeld ved ytingar frå Folketrygda. Fleirtalet ser at det er naudsynt å sikre at ordninga skal gå til utgifter til opphald her i landet og støttar Regjeringa sitt forslag.