9.1 Samandrag

Etter rådsforordning 1408/71 artikkel 10 kan ein ikkje stogge utbetalinga av pensjonsytingar og andre ytingar av di pensjonisten flyttar til eit anna EØS-land. Tilsvarande har ein arbeidstakar krav på pensjon utan omsyn til nasjonale krav om bustad, sjølv om vedkomande bur i eit anna EØS-land når spørsmålet om å tilstå ytinga oppstår.

Etter forordninga artikkel 10a kan ytingar i visse tilfelle avgrensast til busette personar.

Ei ny supplerande stønadsordning vil i prinsippet vere omfatta av EØS-avtalen og eksportreglane der. Ytinga er likevel av ein slik art at Noreg kan rekne med å få eksportunntak.

Spørsmålet om eksportunntak i EØS er vesentleg i høve til om ein bør etablere ei supplerande ordning. Dersom stønadstakarane skulle få ytinga utbetalt til seg etter at dei har flytta frå Noreg, ville dette snu om på heile grunnlaget for ordninga.

Formelt sett kan ikkje eit eksportunntak tingast inn i EØS-avtalen før etter at ordninga er etablert i lov. Departementet finn på bakgrunn av dette at ei ny lov om supplerande stønad i utgangspunktet ikkje bør tre i kraft før ein har fått på plass eit unntak frå eksportplikta etter rådsforordning 1408/71.

Sak om unntak frå eksportplikta kan takast opp ved dei relevante EØS-organa med ein gong lova er på plass og medan den praktiske implementeringa i trygdeetaten vert førebudd. Kor lang tid det tek å tinge inn eit eksportunntak vil kunne variere. Spørsmålet om unntak for den tilsvarande svenske ordninga tok ca. eitt år.

Departementet foreslår etter dette at den nye lova trer i kraft frå det tidspunktet Kongen bestemmer. Etter tilhøva kan det vere vanskeleg å få iverksett lova før 1. januar 2006.

9.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, legg til grunn at Regjeringa syter for at lov om supplerande stønad vert gjeve unntak frå eksportplikta etter EØS-avtalen. Fleirtalet legg vidare til grunn at lova vert iverksett frå 1. januar 2006.