8.1 Samandrag

8.1.1 Utvidinga av EØS-området og ei supplerande stønadsordning

Trygdereglane i EØS-avtalen vil styrke retten til ordinære trygdeytingar for personar frå dei nye EU-landa. Fleire vil få alderspensjon frå folketrygda, og fleire vil få ytingar frå heimlandet under opphald i Noreg. Styrkinga av pensjonsrettane for dei nye EØS-borgarane i Noreg vil vere mest markert når det gjeld uførepensjon, der ein kan få saker som ikkje kvalifiserer for ytingar i dag, men som kan få samla ytingar godt over minstenivået når EØS-reglane slår inn. Dette vil sjølvsagt etter kvart verke inn på ytingane som alderspensjonistar i Noreg.

Styrkinga av den ordinære pensjonsretten for personar frå dei nye EU-landa har til konsekvens at det gjennomsnittlege behovet for sosialhjelp og/eller supplerande stønad vert redusert for denne delen av innvandrarbefolkninga. Utan vesentlege endringar i migrasjonen mellom Noreg og desse landa vil resultatet av det utvida EØS-området bli at utgiftene til sosialhjelp og til ei ny supplerande stønadsordning går ned. Auka migrasjon vil i tilfelle redusere denne effekten.

Slik det ser ut i dag, med den overgangsordninga på arbeidsmarknaden som Noreg har etablert, vil utvidinga av EØS-området først og fremst auke utgiftene til dei ordinære trygdeordningane. Den supplerande stønadsordninga vert venteleg billegare å etablere. I denne samanhengen må ein òg vere merksam på forslaget om at eldre personar med opphaldsløyve i Noreg som forsørgde familiemedlemer, ikkje skal få tilgang til den supplerande stønadsordninga før dei har løyve til varig busetjing her. I dei første åra ville det mest vere denne gruppa som ville kunne innebere eit auka press mot den nye ordninga, som etter forslaget skal få ei aldersgrense på 67 år.

8.1.2 Utgiftene til supplerande stønad

Utgangspunktet er ein personkrins på om lag 4 900 personar i 2002, som det reknast med vil auke til om lag 5 900 personar i 2005 og 6 400 personar i 2006.

Den gjennomsnittlege butida i Noreg som gir rett til pensjon vert rekna å auke frå 12,84 år i 2002 til 13,66 år i 2005 og 14,47 år i 2006. Årsaka til auken er ei høgare gjennomsnittleg butid hos dei nye årskulla som når pensjonsalderen i 2005/2006 enn gjennomsnittet i 2002.

Det er lagt til grunn at 43,6 pst. av populasjonen ikkje vil vere aktuelle for supplerande stønad på grunn av full grunnpensjon og/eller tilleggspensjon utover særtillegget.

Utgiftene til supplerande stønad på årsbasis vert rekna til 150 mill. kroner i 2006. Talet er usikkert. Dette gjeld mellom anna i høve til korleis dei nærare vilkåra for ytingar etter lovforslaget vil verke inn på utgiftene, til dømes forslaga om at ein skal ta omsyn til sambuarskap på same måten som ekteskap (sjå lovforslaget § 2 andre leddet) og at personar under lengre opphald i institusjon ikkje skal få ytingar (sjå lovforslaget § 12). Ein har ikkje data som gir grunnlag for å rekne på dette. Tilsvarande er det usikkert kor mange stønadstakarar ein får i ordninga. Talet dei næraste åra vil venteleg utgjere ein stad mellom 1 700 og 2 500 personar.

8.1.3 Reduserte utgifter til sosialhjelp

Etableringa av ei supplerande stønadsordning vil innebere reduserte utbetalingar frå sosialkontora. Totalutgiftene til sosialhjelp i 2006 utan ei supplerande stønadsordning og utan reduksjonar på grunn av EØS-utvidinga frå 1. mai 2004 kan reknast til 164 mill. kroner. Utgangspunktet er utgiftene i 2002 oppjusterte med ein årleg auke i mottakarane av sosialhjelp på 5 pst. og ein auke i utbetalingane per person på 2 pst. per år. Innsparinga i sosialhjelp i 2006 på grunn av innføringa av den supplerande stønadsordninga vert rekna å utgjere i gjennomsnitt 70 000 kroner per sak, 135 mill. kroner i alt. Talet vil bli revidert i samband med budsjettframlegget for 2006.

8.1.4 Administrative konsekvensar

Ressursbehov i trygdeetaten vil dels gjelde utgifter til utvikling av IT-støtte, dels ressursar til det kontinuerlege arbeidet med sakene, inkludert kontrolltiltak.

Eingongskostnadene ved å innarbeide den foreslåtte supplerande stønadsordninga i IT-opplegget for trygdeetaten reknar Rikstrygdeverket til 6 mill. kroner, med ein utviklingsperiode på 16 månader. I tillegg kjem opplæringskostnader på om lag 0,5 mill. kroner.

Dersom ein legg til grunn at det kjem 2 500 søknader i innføringsåret, vil arbeidet med handsaminga av søknadene ifølge Rikstrygdeverket utgjere om lag 12 årsverk. Ein kan leggje til 3-4 årsverk for kontrollarbeid i dette året. Ressursbehovet tilsvarar i alt om lag 7 mill. kroner.

I åra etter innføringsåret vil kontrollarbeidet vere den vesentlegaste delen av arbeidet. Talet personar med supplerande stønad vil dei to første påfølgjande åra venteleg liggje mellom 2 000 og 3 000, og arbeidet med kontroll vil då i følgje Rikstrygdeverket utgjere 12-15 årsverk, tillagt 2-3 årsverk for handsaming av nye søknader (venteleg mellom 300 og 600 dei første to åra), tilsvarande om lag 7,5 mill. kroner.

Innføringa av ei supplerande stønadsordning vil innebere mindrearbeid for sosialkontora. Den administrative innsparinga som det er mogleg å ta ut, vert rekna til 4 mill. kroner.

8.1.5 Dekning av utgiftene til utbetalingar og administrasjon

Utgiftene til utbetaling og administrasjon av ytingar etter den nye stønadsordninga er tenkt inndekte ved ein reduksjon i rammeoverføringa til kommunane tilsvarande innsparinga i økonomisk sosialhjelp og administrativ innsparing på sosialkontora, og ved andre omdisponeringar på budsjetta til Arbeids- og sosialdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet. I åra etter innføringsåret vil stønads- og administrasjonsutgiftene gå over Arbeids- og sosialdepartementet sitt budsjett på vanleg måte.

8.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, registrerer at Regjeringa legg opp til å finansiere ordninga ved å redusere rammeløyvingane til kommunesektoren. Fleirtalet viser til at departementet grunngjev dette med mindre behov for sosialhjelp. Fleirtalet er usamd i ei slik vurdering. Fleirtalet vil understreke at dette er ein kostnad som kommunane aldri burde hatt og som dei no i fleire år har hatt grunn til å tru vart endra. Fleirtalet viser til at noko av bakgrunnen for denne saka er å avlaste dei kommunale sosialhjelpsbudsjetta med utgifter til varige stønadsmottakarar. Då kan ein ikkje på same tid leggje til grunn at ordninga skal finansierast gjennom reduserte inntekter til kommunane. Fleirtalet går såleis imot at ordninga skal finansierast ved ein reduksjon i rammeoverføringane til kommunane.

Fleirtalet fremjar følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa iverksetja lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg utan å gjere uttrekk i rammeoverføringane til kommunane."

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti stiller seg bak departementets forslag om å kutte i kommunerammene til finansiering av den nye ordningen. Disse medlemmer vil fremheve hvor viktig denne ordningen er for de det gjelder, og ønsker ikke å forsinke behandlingen av saken.

Disse medlemmer vil fremheve at den foreslåtte ordningen på sikt vil være lønnsom for kommunesektoren. Begrunnelsen for dette er at utgiftene til supplerende stønad ventes å stige sterkt i årene etter 2010. Det samme vil gjelde utgiftene til sosialhjelp, dersom den supplerende ordningen ikke gjennomføres. Disse medlemmer vil presisere at kuttet i kommunerammene er begrenset til de langt mer beskjedne virkningene i innføringsåret. Det er ikke meningen at økningen i utgiftene til supplerende stønad i kommende år skal føre til nye kutt i kommunerammene. Disse medlemmer viser i så henseende til proposisjonens punkt 11.5.