Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre, Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til proposisjonen der departementet legg fram forslag til lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn.

Komiteen viser til at bakgrunnen for endringsforslaga er at gjeldande lov har vist seg å vere uklar og lite formålstenleg på enkelte punkt, tidkrevjande å praktisere og at det har mangla ein del viktige føresegner. Evalueringar og høyringsrundar har vist at det er brei semje blant kommunar, fylkeskommunar, departement og andre institusjonar om at ein ønskjer ei forenkling av regelverket knytt til stadnamn. Komiteenhar merka seg dette og sluttar seg difor til intensjonane i proposisjonen om å få til ei forenkling og forbetring av stadnamnloven.

Generelle problemstillingar

Komiteen vil understreke kor viktig det er å ta vare på den delen av kulturarven som stadnamna utgjer, ikkje berre som grunnlagsmateriale for kultur- og busetjingshistorisk gransking, men også ved å gi stadnamn ein formålstenleg skrivemåte på kart, skilt, i register og i andre offentlege samanhengar.

Komiteen viser til at opp gjennom åra har det vore mykje diskusjon om skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Avhengig av korleis ein vektlegger eigenskapane knytt til skriftformene, har synspunkta variert frå ønsket om ein mest mogeleg dialektnær skrivemåte til skrivemåtar som ligg nær opp til skriftspråket.

Innsamling av stadnamn

Komiteen er kjent med at det gjennom åra er samla inn mange stadnamn, men at det ikkje finst noka oversikt over desse samlingane. Før behovet for innsamling kan vurderast, trengst det ei oversikt over dei stadnamna som alt er samla inn. Komiteen er samd med departementet i at det bør vurderast om det nye kompetansesenteret for norsk språk kan koordinere oppgåvene med å greie ut behovet for innsamling og organisering av stadnamnarbeidet.

Bunden eller ubunden form

Komiteen har registrert at spørsmålet om bruk av bunden eller ubunden form har fått stor merksemd. Frå stadnamnloven tok til å gjelde, har om lag 25 pst. av klagesakene dreia seg om val av bunden eller ubunden form. I gjeldande forskrift er det fastsett at grammatisk kjønn, eintals- eller fleirtalsform og bunden eller ubunden form som hovudregel skal rette seg etter målføret.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, har merka seg at denne regelen har vore praktisert svært strengt, og er samd med departementet i at ei oppmjuking av regelverket på dette punktet vil kunne spare systemet for mange klagesaker som ikkje er viktige for namneverket. Fleirtalet sluttar seg vidare til følgjande presisering i proposisjonen: Bunden form skal gjennomførast i alle naturnamn dersom den bundne forma er i levande bruk i talemålet. Bunden eller ubunden form kan nyttast i gards- og bruksnamn, tettstadsnamn, administrasjonsnamn og kommunikasjonsnamn. Bunden form skal nyttast dersom ho er i levande bruk i talemålet i dag. Den ubundne forma skal nyttast dersom ho er i levande bruk i dag, og dessutan er godt innarbeidd i skrift. Dersom det er vakling i bruken og lokal usemje, skal fråsegna frå eigaren for namn på privat eigedom, eller frå kommunen og andre med uttalerett for andre namn tilleggjast stor vekt.

Finsk og kvensk

Komiteen er samd med departementet i at dei skogfinske stadnamna ikkje skal følgje finske rettskrivingsprinsipp og i at det ikkje vert lagt opp til endringar i den praksis som hittil har vore følgt, dvs. at desse namna kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp.

Formål og verkeområde

Komiteen er samd med departementet i at det bør takast inn ein formålsparagraf i lova som skal regulere både formålet med lova, verkeområdet og reg­lar for når lova gjeld. Komiteen meiner dette vil kunne hjelpe brukarane til betre å forstå kva det skal leggjast vekt på i saksbehandlinga.

Komiteen er vidare samd med departementet i at det geografiske verkeområdet for lova ikkje skal endrast.

Reglar om namnevern og namnsetjing

Komiteen støttar forslaget til nye reglar for namnevern og namnsetjing. Komiteen viser til at formålet med dei nye reglane er å ta vare på eksisterande namnetradisjonar og samtidig sikre at gamle namn ikkje urettmessig blir brukte i kommersiell verksemd. Komiteen har merka seg at dette er eit samrøystes ønske frå det namnefaglege miljøet.

Reglar om skrivemåten

Komiteen viser til at departementet i § 4 foreslår at det ved fastsetjing av skrivemåten skal takast utgangspunkt i "den lokale talemålsforma" av namnet og ikkje som no, "den nedervde lokale uttalen". Vidare blir det foreslått at skrivemåten for namnet i primærfunksjonen skal vere retningsgivande for skrivemåten i de andre funksjonane når namnet er brukt om fleire namneobjekt på same staden.

Komiteen meiner ein må halde på "nedervd lokal uttale" som normeringsgrunnlag for skrivemåten, og går imot endringsforslaget frå Regjeringa på dette punktet. Medan det er relativt uproblematisk å normere namn etter "nedervd lokal uttale", vil formuleringa "den lokale talemålsforma" opne opp for ei rad tolkingar. Påstand vil stå mot påstand, og det vil truleg opne for fleire konfliktar. Komiteen meiner formuleringa "nedervd lokal uttale" tek større omsyn til stadnamn som verneverdige kulturminne enn det som er tilfelle med "den lokale talemålsforma". Den nedervde dialektuttalen ber òg i seg tradisjonar og minne som i sterkare grad gir ein historisk identitet. "Nedervd lokal uttale" er dessutan ein innarbeidd og eintydig term i stadnamngransking og -normering.

Komiteen fremjar følgjande framlegg:

"§ 4 første punkt skal lyde:

Dersom ikkje anna er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen."

Saksbehandlingsreglar for fastsetjing av skrivemåte

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, merkar seg forslaga frå departementet når det gjeld sakbehandlingsreglar for fastsetjing av skrivemåte. Talet på vedtaksorgan blir etter dette redusert til kommune, fylkeskommune, Statens kartverk og dei som etter lov eller forskrift skal fastsetje skriftformer. Kommunane skal fastsetje skrivemåte for namn på tettstader, grender, bydelar, gater, vegar, bustadfelt mv. og namn som skal brukast som offisiell adresse. Fylkeskommunen gjer vedtak om skrivemåte for namn på fylkeskommunale anlegg, medan Statens kartverk skal gjere vedtak om skrivemåten for andre stadnamn dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift, og for alle namn i statleg samanheng. Flertallet meiner dette vil kunne føre til forenkling og betre samordning og støttar forslaga.

Flertallet merkar seg innvendingane som har kome mot at synspunkta til eigar/festar ifølgje forslaget til § 6 skal tillegast særleg vekt ved normering av stadnamn. Flertallet har forståing for innvendinga fordi det er viktig med vern av stadnamn som kulturminne og felleseige. Dette har samfunnet både rett og plikt til å ta vare på. Samtidig er namn på privat eigedom ikkje berre offentleg felleseige, men noko som ofte er svært viktig for eigaren og slekta hans, personleg så vel som kulturelt. Fleirtalet meiner kulturminneomsynet er ivareteke i og med at det er teke atterhald om at skrivemåten skal liggje innanfor regelverket og støttar Regjeringa sitt forslag på dette punktet.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti går mot endringa i § 6 i lovframlegget og går inn for at reglane i § 7 i lova framleis skal gjelde:

"§ 7. Nærmare om saksbehandlinga

Eigar eller, dersom eigedommen er festa bort, festar har rett til å uttale seg i saker som gjeld bruksnamn. Kommunane har rett til å uttale seg før det blir gjort vedtak om skrivemåten av stadnamn i kommunen. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har særleg ei tilknyting til.

Dei som har rett til å uttale seg i saka, skal få varsel når saka blir teken opp. Dei skal få kopi av tilrådinga frå stadnamnkonsulentane, og dei har rett til å få sjå fråsegner frå dei andre partane. Dei skal få melding om vedtaket i saka.

Det organet som gjer vedtak etter § 6 andre til fjerde ledd, skal på førehand leggje saka fram for stadnamnkonsulentane. Når vedtaksorganet krev det, eller når stadnamnkonsulentane finn det nødvendig, skal stadnamnkonsulentane gi tilråding om skrivemåten.

Alle kan få innsyn i tilrådinga frå stadnamnkonsulentane.

Når vedtaket skal gjerast av slike organ som er nemnde i § 6 tredje og fjerde ledd, skal stadnamnkonsulentane sende saka til vedkommande kommune til fråsegn. Kommunane skal også syte for varsling om at saka er teken opp, til eigar eller festar i saker som gjeld bruksnamn, og til lokale organisasjonar i saker dei har særleg tilknyting til. Kommunen skal samordne innhenting og utsending av fråsegner og gi melding om at det er gjort vedtak.

Med mindre anna er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningslova kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter stadnamnlova."

Gjenopptaking

Komiteen viser til at gjeldande regelverk ikkje har føresegner om gjenopptaking av saker. Komiteen er samd med departementet i at det bør takast inn ein slik regel for å gi enklare tilgang til ny behandling av ei sak dersom det kjem fram nye opplysningar som vil kunne påverke vedtaket.

Reglar om bruk av stadnamn

Komiteen har merka seg at mange offentlege organ ikkje tek i bruk dei fastsette skriftformene. Komiteen støtter derfor forslaget til ny § 9 der det er teke inn ei føresegn om at alle organ for stat, fylkeskommune, kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut, av eige tiltak skal ta i bruk fastsette skriftformer.

Komiteen støttar òg endringsforslaget knytt til dei særlege reglane for samiske og kvenske namn, der det i forslaget heiter at samiske og kvenske namn skal brukast av det offentlege dersom dei er nytta av folk som bur fast på staden, eller har næringsmessig tilknyting til han.

Reglar om klage

Komiteen støttar forslaga frå departementet om at klageretten i tillegg til eigar/festar og det offentlege også skal omfatte lokale organisasjonar med særleg tilknyting til stadnamnet.

Andre problemstillingar

Komiteen har merka seg at det i forslaget til § 12 tas inn ein heimel for at departementet i forskrift kan gi reglar om betaling for informasjon frå det sentrale stadnamnregisteret ved Statens kartverk.

Komiteen støtter ikkje forslaget om at ein kan bli nøydd til å måtte betale for informasjon frå Sentralt stadnamnregister. Komiteen viser til at registeret er offentleg og meiner av den grunn at gratisprinsippet skal gjelde. Komiteen meiner følgjeleg at opplysningar frå registeret skal vere gratis for brukarane.

Komiteen gjer framlegg om at siste ledd i forslaget til § 12 strykes og at § 12 skal lyde:

"§ 12 Stadnamnregister

Det skal førast eit sentralt stadnamnregister.

Alle skriftformer som er endeleg fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket.

Opplysningane i registeret er offentlege."

Forholdet til internasjonale konvensjonar

Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, er samd med departementet i at samiske, kvenske og skogfinske stadnamn treng eit særleg vern og eit incitament til å vare på og nytte desse namna i samsvar med regelverket. Fleirtalet støttar derfor at det i § 1 blir foreslått tatt inn ei føresegn som legg vekt på det ansvaret det offentlege har for slike namn.