1.1 Innledning

I proposisjonen legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram forslag til endringar i lov 13. juni 1997 nr. 53 (medieeierskapsloven).

§ 10 i lova gjeld nasjonale eigarskapsgrenser og presiserer vilkåret om monaleg eigarposisjon. Bokstav a, b og c i paragrafen inneheld reglar om eigarskapskonsentrasjon innan dagspresse, fjernsyn og radio. Reglane slår fast at ein aktør normalt har ein monaleg eigarposisjon når han eller ho har 40 prosent eller meir av marknadsdelane innanfor ein av desse mediesektorane.

Grensene i lova gjeld berre tilfelle der ein dominerande aktør veks gjennom å erverve andre medieføretak. Lova gir ikkje grunnlag for å gripe inn dersom ein aktør får høgare marknadsdelar gjennom nyetableringar, gjennom auka oppslutning om eigne medieverksemder (organisk vekst), eller dersom andre aktørar forsvinn.

1.2 Departementets vurdering

1.2.1 Grensen for nasjonalt eierskap

Dei nasjonale grensene for eigarskapskonsentrasjon er eit sentralt verkemiddel for å fremje lovas formål om å fremje ytringsfridomen, dei reelle høvene folk har til å ytre seg, og eit allsidig medietilbod. Grensene skal m.a. sikre at vi her i landet har ein eigarstruktur på feltet som tåler innslag av nye eigarar. Dersom ein skulle tillate høg eigarkonsentrasjon, vil det i praksis ikkje vere mogeleg å reversere utviklinga i ettertid. Framlegget til lovendring er såleis ikkje eit uttrykk for mistillit til dei noverande medieeigarane i Noreg. Framlegget må sjåast i samanheng med den potensielle påverknadskrafta media har.

Dagens grense på 40 prosent opnar for at ein stor aktør kan få stor dominans i mediemarknaden og i annonsemarknaden. Dette kan på sikt underminere posisjonen til andre aktørar. Ein mediemarknad med ein så dominerande aktør gjer det også mindre truleg at det vil vekse fram andre eigarmiljø i Noreg. Dette gjeld både nasjonalt og regionalt. Ei slik utvikling vil både føre til at ytrings- og informasjonsfridomen reelt blir svekka, og at dynamikken i mediemarknaden blir mindre. Ei grense på 40 prosent vil vidare innebere at ein permanent sementerer ein situasjon der det ikkje er likevekt mellom aktørane.

Regelverket i dei europeiske landa departementet har oversikt over, viser at ei grense på 1/3 ligg på gjennomsnittsnivå.

Eit stort og dominerande mediekonsern vil vere eit meir interessant oppkjøpsobjekt for utanlandske mediekonsern enn eit selskap som er ein del av ein mediemarknad med mangfald og konkurranse. Difor er det viktig at reguleringa av medieeigarskap har eit langsiktig perspektiv, der ein tek omsyn til at mediemarknaden stadig blir meir internasjonal, og at eigarskapen i store mediekonsern raskt kan endre seg.

Kultur- og kyrkjedepartementet kan ikkje sjå at høyringsinstansane har framført så vektige argument at det er grunnlag for å endre framlegget frå høyringsrunden. Departementet gjer såleis framlegg om at lova blir endra, slik at den øvre grensa for nasjonalt eigarskap blir redusert frå 40 prosent til 1/3.

Departementet gjer også framlegg om at dersom det skjer erverv som gir nokon ein nasjonal eigardel på meir enn 1/3 før lova trer i kraft, skal fristen for inngrep etter § 9 i lova gjelde frå det tidspunkt lova trer i kraft. I praksis inneber dette at dersom nokon gjennom erverv får kontroll over meir enn 1/3 av den nasjonale mediemarknaden før lova trer i kraft, kan Medietilsynet gripe inn.

1.2.2 Andre spørsmål

Dersom vilkåra for inngrep er oppfylte, har Medietilsynet etter § 9 i lova valet mellom å forby eit erverv, å påby avhending av eigardelar, eller å tillate ervervet på visse vilkår. Lovteksten og forarbeida gir i dag ikkje noko klårt svar på om tilsynet kan nedleggje forbod også etter at ervervet er gjennomført. Departementet meiner at fleire grunnar talar for å tolke lova slik at Medietilsynet har høve til dette.

Medieeigarskapslova § 13 tredje ledd gir Medietilsynet heimel til å gi einkvar "stående pålegg om å sende melding om eventuelle erverv av aksjer eller andeler i foretak".

Slike pålegg kan gjelde for opptil tre år om gongen. Det har vore reist spørsmål om regelen opnar for gjentekne fornyingar av meldeplikta, eller om grensa på tre år inneber at meldeplikta berre skal nyttast i særskilte høve. Føremålet med meldeplikta er å sikre at tilsynet får dei opplysningane dei treng for å kunne vurdere om vilkåra for inngrep er til stades. Departementet meiner difor at Medietilsynet må kunne fornye meldeplikta etter § 13 tredje ledd så lenge den aktuelle eigaren/aktøren ligg i nærleiken av eigarskapsgrensene i lova.