15.1 Samandrag

Utviding av kommunane sitt høve til å skrive ut eigedomsskatt

Kommunane kan i dag skrive ut eigedomsskatt i "klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang", jf. eigedomsskattelova § 3 første punktum. Innanfor område som vert rekna som utbygd på byvis kan kommunen skrive ut eigedomsskatt på alle typar fast eigedom, som til dømes bustadhus, forretningsbygg, tomter, fritidshus og næringseigedom.

Den geografiske avgrensinga for eigedomsskatten til "område utbygd på byvis" er ikkje nærmare presisert i eigedomsskattelova. Heller ikkje forarbeida til lova inneheld noko omtale av dette omgrepet. Avgrensinga er uklar og har gitt opphav til usemje og ei rekkje rettstvistar mellom kommunar og skatt­yta­rane. Ei nærmare utgreiing av rettspraksis er omtala i punkt 14.2.1 i proposisjonen.

Departementet viser òg til NOU 2003:9 Skatteutvalget punkt 12.4.4.3:

"Dagens avgrensning til eiendommer i strøk som er bymessig utbygd og på verk og bruk utenfor slike områder, er svakt begrunnet og reiser dessuten ofte tvil og tvist, slik også eiendomsskatteutvalget pekte på."

Vidare kan einskilde kommunar ha latt vere å skrive ut eigedomsskatt på grunn av tvil om kvar grensa for eigedomskatten skal trekkjast, eller fordi avgrensinga vert oppfatta å innebere forskjellsbehandling mellom eigedomar av same slag innanfor same kommune.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om å gje dei kommunane som ynskjer det, høve til å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen som eit alternativ til den gjeldande avgrensinga til område som er utbygd på byvis. Dette inneber til dømes at kommunen kan skrive ut eigedomsskatt på alle næringseigedomar, forretningsbygg, bustad- og fritidshus og ubebygd grunn i heile kommunen dersom den vel å skrive ut eigedomsskatt. Sjå likevel nedanfor om obligatorisk fritak for driftsdelen av jord- og skogbrukseigedom.

Endringa vert fremma som eit tiltak for å minske avgrensingsproblema ved utskriving av eigedomsskatt og for å skape større likskap i skattelegginga i den einskilde kommunen. Ved å gje moglegheit for kommunane til å velje bort omgrepet klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang , vil det ikkje lenger vere naudsynt å trekkje ei grense innanfor kommunen ved utskriving av eigedomsskatten. Framlegget gir klarare reglar ved at alle eigedomar skal ileggjast eigedomsskatt i kommunar som vel å skrive ut skatten etter dette alternativet. Alternativet til vilkåret om utbygd på byvis vil etter departementet sitt syn kunne redusere usemje om utskrivinga, og redusere talet på tvistar mellom kommunane og skattytarane. Framlegget inneber òg ein moglegheit til skattemessig likestilling av eigedom i same kommune.

Kvar i kommunen eigedomen ligg eller andre forhold som har innverknad på verdien av eigedomen, vil elles bli reflektert i grunnlaget for eigedomsskatten (taksten). Tilsvarande vil bustadeigedomar i pressområdar normalt ha høgare verdi enn eigedom av same standard og storleik i mindre sentrale område.

Gjeldande rett når det gjeld omfanget av skatteplikta for den einskilde eigedom vert vidareført uendra. Det gjeld til dømes kva for bygningar o.a. som inngår i berekningsgrunnlaget for eigedomsskatten.

Departementet foreslår at kommunane, som i dag, kan velje å berre skrive ut eigedomsskatt på verk og bruk, jf. prinsippet i eigedomsskattelova § 3 andre punktum. Innhaldet av "verk og bruk" , slik det er definert i eigedomsskattelova § 4 andre ledd andre og tredje punktum med tilhøyrande praksis, endrast heller ikkje. Departementet viser til omtalen av verk og bruk i punkt 14.2.2 i proposisjonen. Dersom kommunen vel å skrive ut eigedomsskatt berre på verk og bruk, må alle verk og bruk i kommunen påleggjast eigedomsskatt, også dei som ligg i områder av kommunen som er utbygde på byvis, slik som i dag.

Etter framlegget vil kommunane kunne velje mellom å skrive ut eigedomsskatt anten i heile kommunen, berre innanfor område som er utbygd på byvis, og/eller (berre) på verk og bruk.

Departementet viser til forslag til endring av eigedomsskattelova § 3. Ved utviding av eigedomsskattelova sitt geografiske verkeområde må det gjerast ei teknisk tilpassing av reglane i eigedomsskattelova § 4 første ledd og § 13 første ledd første punktum, jf. lovforslaget.

Fritak for eigedomsskatt

Eigedomskattelova § 5 inneheld reglar om eigedomar som skal vere fritekne for eigedomsskatt. Vidare opnar eigedomsskattelova § 7 for at kommunestyret kan gjere vedtak om heilt eller delvis fritak for særskilde eigedomar. Sjå punkt 14.2.3 i proposisjonen for ein omtale av fritaksreglane etter gjeldande rett.

Departementet gjer framlegg om, i all hovudsak, å vidareføre fritaksreglane i eigedomsskattelova § 5 og § 7.

Høvet for kommunestyret til å gjere fritak for driftsdelen av jord- og skogbrukseigedom vert foreslått gjort om til eit obligatorisk fritak. Fritaket vil ha same omfang som gjeldande regel. Mellom anna er ikkje våningshus omfatta av unntaket for jord- og skogbrukseigedomar i eigedomsskattelova § 7 bokstav e, jf. punkt 14.2.3 i proposisjonen. Slike eigedomar vert omfatta av eigedomsskatten i område der det vert skriven ut slik skatt. Dei særskilde satsreglane for jord- og skogeigedom vert oppheva.

Etter eigedomsskattelova § 15 første punktum skal eigedomsskattekontoret føre ei "eigedomsskatteliste der alle faste eigedomar i kommunen vert førde opp og like eins verdet deira anten dei er skattskyldige eller ikkje". I tredje punktum heiter det vidare at i "ei tilleggsliste skal dei eigedomane førast opp som er fritekne for eigedomsskatt heilt eller i nokon mon". På bakgrunn av dette har det blitt lagt til grunn at det ikkje er høve til å la vere å taksere eigedomar som er friteke for eigedomsskatt etter § 5 i lova innanfor område der kommunen har vedteke å skrive ut skatten. Med innføring av eit obligatorisk fritak for driftsdelen av landbrukseigedom finn departementet at eit slikt krav kan verke urimeleg ressurskrevjande. Ein viser her til at taksering av landbrukseigedom kan vere ein særs omfattande prosess. Departementet legg difor til grunn at det i samband med lovendringa ikkje lenger vil vere naudsynt å taksere landbrukseigedom i slike høve. Når kommunen vel å skrive ut eigedomsskatt berre i område utbygd på byvis, vil det same gjelde.

Våningshus er ikkje omfatta av fritaket og må difor takserast både når det vert skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen, og etter alternativet med utbygd på byvis når dei ligg innanfor slikt område. Finansdepartementet har i brev 10. mars 2006 til Norges Bondelag mellom anna uttalt:

"Departementet antar at det ved fastsettelse av eiendomsskattegrunnlaget for våningshus med en naturlig arrondert tomt på gårdsbruk skal tas hensyn til delingsforbud og konsesjonsplikt. Delingsforbud og konsesjonsplikt utgjør tyngende offentligrettslige plikter som markert påvirker markedsverdien i forhold til alminnelige boligeiendommer. Ved eiendomsskattetakseringen vil en tenkt pris for omsetning av våningshuset måtte ta hensyn til de restriksjoner som gjelder ved omsetning av denne type eiendom."

Departementet vil seinare vurdere om dei elles gjeldande reglane om plikt til listeføring og verdsetjing også av skattefrie eigedomar i kommunar som har eigedomsskatt, bør førast vidare eller ikkje.

Seinare vurdering av andre endringar i eigedomsskattelova

Departementet tek sikte på å kome tilbake med ein gjennomgang og vurdering av reglane om saksbehandling og klage ved utskriving av eigedomsskatt. Departementet vil òg seinare gjere ei nærmare vurdering av fritaksreglane, satsstruktur og kommunane sitt høve til å differensiere eigedomsskatten på ulike skatteobjekt.

Ikraftsetjing og overgangsreglar

Departementet gjer framlegg om at endringane i eigedomsskattelova blir sette i kraft straks med verknad frå og med skatteåret 2007. Sjå forslag til føresegn om ikraftsetjing.

Etter eigedomsskattelova § 14 andre ledd skal eigedomsskatten "så langt råd er, vera utskriven før 1 mars i skatteåret". Lova byggjer på at takseringa av dei eigedomsskattepliktige eigedomane er ferdigstilt på eit tidspunkt som gjer det mogleg å skrive ut eigedomsskatten innan 1. mars i skatteåret. Reglane i eigedomsskattelova § 8 om verdsetjing etter likningsverdi er berre sette i kraft med verknad for kraftproduksjonsanlegg og overførings- og distribusjonsanlegg for elektrisk kraft, jf. kgl. res. 17. juli 1998 nr. 613 med seinare endringar. Taksering av all annan fast eigedom for eigedomsskatteføremål skal utførast etter dei gamle reglane i skattelov for byane 18. august 1911 nr. 9, jf. eigedomsskattelova § 33 andre ledd. Etter byskattelova § 4 første ledd første punktum skal "[a]lmindelig taksering foregå hvert 10de år, med mindre bystyret under særegne forhold beslutter, at ny taksering tidligere skal finne sted" . Det er kommunen som har ansvaret for takseringa, jf. byskattelova § 4 første ledd første punktum og § 4 andre ledd.

Kommunar som skriv ut eigedomsskatt for skatteåret 2007, og som vil nytte alternativet om eigedomsskatt i heile kommunen, må etter dei gjeldande formelle reglane ha taksert dei nye eigedomane som blir eigedomsskattepliktige som følgje av framlegget om at kommunen kan skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen før 1. mars 2007. For mange kommunar kan det bli vanskeleg å gjennomføre takseringa av eigedomane i tide. Departementet foreslår difor ein overgangsregel for skatteåret 2007 om at eigedomsskatten må vere utskriven før 1. juni 2007 for dei kommunane som nyttar alternativet om utskriving i heile kommunen. Departementet legg til grunn at forslaget gir tilstrekkeleg tid til å fullføre takseringa i tide for kommunar som ønskjer utvida eigedomskatt i skatteåret 2007.

Forslaget om utviding av eigedomsskattelova sitt verkeområde er etter departementet sitt syn eit sær­egent forhold , jf. byskattelova § 4 første ledd første punktum sitert like ovanfor. Det betyr at kommunane kan gjennomføre ei alminneleg taksering av alle dei eigedomsskattepliktige eigedomane sjølv om det er mindre enn 10 år sidan førre alminnelege taksering vart halden i kommunen.

Departementet legg likevel til grunn at kommunar som ønskjer det, kan bruke eksisterande takstar på eigedom som er eigedomsskattepliktige i dag, jf. byskattelova § 4 og eigedomsskattelova § 33 tredje ledd, og avgrense den nye takseringa til dei eigedomane som vert eigedomsskattepliktige som følgje av utvidinga av verkeområdet til eigedomsskattelova.

Departementet understrekar at eigedomsskattepliktige objekt av same type i kommunen skal skattleggjast likt. Likskapsomsynet betyr at eigedomane i kommunen for eigedomsskatteføremål skal takserast etter same prinsipp, og at utskriving av eigedomsskatten skal utførast på like premissar. Ei avgrensa taksering av eigedomane som vert eigedomsskattepliktige som følgje av utvidinga av verkeområdet til eigedomsskattelova må difor i rimeleg grad vere tilpassa det eksisterande takstnivået i kommunen.

Eigedomsskattelova vert tolka slik at eigedomsskatten skal ytast i minst to terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd og Utkast til skattetakstvedtekter av 20. desember 2000 § 14 siste ledd (fastsett av Finansdepartementet). Der utskriving av eigedomsskatt i skatteåret 2007 vert utsett, må kommunestyret forskyve fristane for betaling av eigedomsskatten tilsvarande.

Sjå forslag til overgangsregel.

Om val av eigedomsskattesatsar ved utskrivinga

Kommunestyret fastset kvart år i samband med budsjettet kva satsar og reglar som skal nyttast ved utskriving av eigedomsskatt for det komande skatteåret. I samsvar med eigedomsskattelova § 11 skal eigedomsskatten vere minst 2 promille og maksimum 7 promille av takstverdien.

Det første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune eller ein del av kommunen, må skatten ikkje vere større enn 2 promille av takstverdien, jf. eigedomsskattelova § 13.

Seinare kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn 2 promille. For huslause eigedomar og bustaddelen i eigedomar med sjølvstendige bustaddelar kan skatten likevel aukast med 3 promille.

Desse reglane gjeld som nemnd når det ikkje vert skriven ut eigedomsskatt året før i kommunen. Departementet har lagt til grunn at det ikkje vert rekna som slik første gongs utskriving når kommunen utvidar området for eigedomsskatten. Eit døme på dette er når kommunen tidlegare berre har skreve ut eigedomsskatt i einskilde delar av kommunen, men seinare vel å skrive ut eigedomsskatt også på nye område som har utvikla seg til å vere utbygd på byvis. Departementet legg difor til grunn at kommunane vil kunne nytte same skattesats på dei eigedomane som kjem til som følgje av at alternativet med å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen vert nytta. Dette er også i samsvar med prinsippet i siste ledd i § 13, som fastsett at kommunen kan bruke same sats som tidlegare også i område som kjem til gjennom ei utviding av kommunegrensene. Departementet ser difor ikkje behov for å fastsette noko særskild overgangsregel om dette. Om kommunen til dømes skriv ut eigedomsskatt med høgaste sats i dag, jf. eigedomsskattelova § 11, vil dette òg gjelde eigedom i det nye geografiske verkeområdet, dersom kommunen vel å ta dette nye verkeområdet inn i skatteutskrivinga. Generelt lågare sats kan likevel veljast, om kommunen skulle finne det ønskjeleg i samband med val av utvida verkeområde.

15.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, sluttar seg til framlegget frå Regjeringa til lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at eiendomsskatt er en uheldig dobbeltbeskatning som disse medlemmer ønsker å fjerne, og disse medlemmer går derfor sterkt imot forslaget om å utvide denne skatten til også å gjelde hus og hytter som ligger i områder som ikke er "utbygd på byvis". Disse medlemmer vil derfor stemme imot lovendringen som vil gjøre det mulig å utvide det geografiske området for eiendomsskatt. Disse medlemmer vil i tillegg til dette fremme forslag om at lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane blir opphevet med virkning fra 1. januar 2007. Dersom dette forslaget går igjennom, forventer disse medlemmer at det i forbindelse med statsbudsjettet for 2007 blir foreslått overgangsordninger med kompensasjon for kommuner som kommer spesielt dårlig ut på grunn av bortfallet av eiendomsskatt. Disse medlemmer viser ellers til sine merknader i Budsjett-innst. S. II (2005-2006).

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"I lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endring:

I

Lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane oppheves.

II

Endringen under I trer i kraft straks med virkning fra 1. januar 2007."

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til at sentrum-Høyre-regjeringen avskaffet fordelsbeskatningen på egen bolig og senket formuesskatten på boliger og fritidsboliger som første etappe mot målet om å avvikle formuesskatten. Disse medlemmer peker på at forslaget om å utvide kommunenes muligheter til å ilegge eiendomsskatt, vil påføre norske boligeiere, og ikke minst eiere av hytter, en betydelig skatteøkning. Disse medlemmer understreker at eiendomsskatt også er en beskatning som rammer skjevt og slik sett slår usosialt ut. Dessuten vil en ny taksering i kommunene innebære betydelige kostnader som i seg selv kan bidra til å øke nivået på eiendomsskatten. Disse medlemmer vil peke på at særlig eiendomsskatt på hytter utgjør et demokratisk problem ved at hytteeierne ikke har stemmerett ved valget av lokalpolitikere som ønsker å øke beskatningen av deres formuesverdier i hyttekommunen. Disse medlemmer viser til at Høyre er imot eiendomsskatt og vil arbeide for at eiendomsskatt ikke innføres i kommunene. I kommuner som har eiendomsskatt, vil Høyre arbeide for at den trappes ned og helst avvikles på boliger, fritidsboliger, primærnæringer og annen vanlig næringsvirksomhet.

Disse medlemmer mener at det må være mulig for en kommune å begrense eiendomsskatten til den grunnrentebeskatning som ligger i eiendomsskatt på utbygde anlegg for vannkraftproduksjon og demningsanlegg.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti vil innledningsvis gi sin tilslutning til at eiendomsskatten skal være en frivillig kommunal skatt.

Dette medlem viser til at spørsmålet om virkeområde til eiendomsskatteloven har vært vurdert i ulike sammenhenger og at særlig spørsmålet om hva som inngår i områder "utbygd på byvis" har gitt vanskelige avgrensninger. Dette medlem vil peke på at det også lokalt må være et visst samsvar mellom de skatter/avgifter som innbetales og de tjenester av teknisk karakter som kommunen yter. I mange kommuner kan det være betydelige forskjeller mellom tjenester i tettbygde strøk kontra grisgrendte strøk. Dette medlem savner en nærmere vurdering av dette i det fremsatte lovforslaget og vil understreke at dette er forhold som har betydning for om eiendomsskatten fremstår som rimelig for befolkningen.

Inntil slik vurdering foreligger, vil dette medlem avvente de fremsatte forslag fra Regjeringen. Dette medlem viser til at Regjeringen vil fremme ytterligere endringer i loven på et senere tidspunkt og vil be om at en vurdering av eiendomsskatt kontra tjenestenivå legges frem i en slik sammenheng. På denne bakgrunn vil dette medlem nå avvise Regjeringens forslag.

Dette medlem gir sin tilslutning til at dagens frivillige fritak for jord- og skogbrukseiendom gjøres obligatorisk.