3.1 Samandrag

Innleiing

Eit hovudformål ved lovforslaget er å sikre nødvendig helsehjelp til pasientar som manglar samtykkekompetanse, og dermed hindre vesentleg helseskade. Formålet med lovforslaget er òg å førebyggje og avgrense bruk av tvang. Departementet understrekar at føresegner som opnar for bruk av tvang, aldri må brukast for å løyse ressurs- og personellbehov i helsetenesta.

Det blir peika på at for mange kjem det å yte helsehjelp til ein person som motset seg det, i konflikt med etiske grunnverdiar og respekten for integriteten og verdigheita til pasienten. Men dilemmaet er ofte at pasienten ikkje forstår konsekvensane av å motsetje seg helsehjelp, og helsetenesta kan oppleve å stå overfor valet mellom omsorgssvikt eller ulovleg bruk av tvang. Problemstillinga er knytt til all form for helsehjelp, også tannhelseteneste. Spørsmålet i denne samanhengen blir kor langt samfunnet ved rettsleg regulering skal ha høve til å setje i verk helsehjelp utan samtykke frå pasientar som manglar samtykkekompetanse, når det etter ei fagleg vurdering er eit stort behov for helsehjelp.

Å gi helsehjelp som pasienten motset seg, krev heimel i lov. Det blir uttala at dagens rettstilstand er mangelfull og uklar. Departementet legg fram forslag til lovregulering av omsyn til både pasientar og pårørande og helsepersonellet som dagleg står overfor vanskelege dilemma.

Dersom pasientar motset seg helsehjelp, er det i dag heimel for å gi helsehjelp når det er maktpåliggjande i akutthjelptilfelle. Det gjeld både pasientar som har og pasientar som ikkje har samtykkekompetanse. I desse situasjonane har helsepersonell plikt til å yte helsehjelp.

Kartlegging av bruk av tvang og tilsynserfaringar

Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens la i 2002 fram ei kartlegging av bruk av tvang og andre rettsavgrensande tiltak i tenesteytinga til personar med demens. Kartlegginga viser at både institusjonane og heimetenesta i relativt stor grad nyttar tiltak som krev rettsleg grunnlag. Rapporten viser at mange inngripande tiltak blir sette i verk for å yte nødvendig pleie og medisinsk behandling og for å verne mot fall og skade. Det stemmer overeins med dei tilbakemeldingane departementet har fått frå helsetilsynet i fylka. Ifølgje desse tilbakemeldingane er mangel på tilstrekkeleg og kvalifisert personell og kultur/haldningar andre faktorar som kan vere avgjerande for om tenesteytarane tyr til tvang og andre inngripande tiltak i tenesteytinga overfor demente.

Kartlegging og innspel frå fagmiljøet viser at departementet har betre dokumentasjon om bruk av tvang i kommune- og tannhelsetenesta enn i spesialisthelsetenesta. Det blir uttala at situasjonsbeskrivingane òg avdekkjer eit behov for å trekkje tydelegare grenser for kva den enkelte pasient, med eller utan samtykkekompetanse, sjølv må kunne avgjere, og kva som skal kunne gjennomførast av tiltak trass i at pasienten yter motstand. Dette kjem klart til uttrykk i tannhelsetenesta, der dilemmaet mellom omsorgssvikt og ulovleg tvangsbruk blir hyppig framheva.

Helsetilsynet gjennomførte i 2001 eit landsomfattande tilsyn med helsetenester til aldersdemente der det mellom anna blei fokusert på bruk av tvang. Av oppsummeringsrapporten frå 2002 går det fram at mange kommunar har lita oversikt over bruk av retts­innskrenkingar/tvang og dermed manglar styring med i kor stor grad dei klarer å sikre grunnleggjande rettsvernverdiar for aldersdemente brukarar.

Forholdet til anna lovgiving om bruk av tvang

I sosialtenestelova kapittel 4 A er det gitt reglar om rettsvern ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming. Det lovforslaget som no blir fremja, kan òg nyttast overfor psykisk utviklingshemma som manglar samtykkekompetanse. Dersom vilkåra i forslaget er oppfylte, kan reglane til dømes gjelde for psykisk utvik­lingshemma som motset seg tannbehandling eller anna medisinsk behandling.

Lovforslaget kan òg bli brukt overfor rusmiddelmisbrukarar som manglar samtykkekompetanse, og som motset seg helsehjelp. Det inneber at lovforslaget gjeld ved somatisk helsehjelp til personar som blir omfatta av kapittel 6 i sosialtenestelova om særlege tiltak overfor rusmiddelmisbrukarar. I sosialtenestelova § 6-2 er det gitt reglar om inntak og tilbakehalding av rusmiddelmisbrukarar i helseinstitusjon utpeikt av regionalt helseføretak.

Det blir gjort greie for lovgivinga på dette området i Finland, Danmark, Sverige og Island.

Innhaldet i lovforslaget

Lovteknisk plassering av reglane

Departementet foreslår at regelverk om helsehjelp til pasient som manglar samtykkekompetanse og motset seg det, blir plassert som eit nytt kapittel i pasientrettslova, kalla kapittel 4 A.

Departementet vil arbeide vidare med sikte på ein samordning av dei ulike lovreglane om bruk av tvang.

Formål med lovforslaget

Slik departementet ser det, er det behov for å klargjere formålet med lovforslaget om helsehjelp som pasienten motset seg, ut over det generelle formålet i pasientrettslova, og det blir foreslått at kapittel 4 A skal ha ei eiga formålsføresegn i tillegg til den generelle føresegna i § 1-1 i pasientrettslova. I føresegna i § 4 A-1 blir det presisert at formålet med reg­lane er å hindre vesentleg helseskade og å førebyggje og avgrense bruk av tvang. Vidare blir det understreka at helsehjelpa skal leggjast til rette med respekt for den fysiske og psykiske integriteten til den enkelte og så langt som mogleg vere i samsvar med sjølvråderetten til pasienten.

Verkeområde

Lovforslaget i proposisjonen gjeld når helsepersonell yter helsehjelp til pasientar over 16 år som ikkje har samtykkekompetanse, og som motset seg helsehjelpa. Reglane er knytte til den helsehjelpa pasienten får, og ikkje til kvar helsehjelpa blir gitt. Føresegnene skal gjelde same kva diagnose pasienten har, men undersøking og behandling av psykiske lidingar er unnateke.

Når det gjeld barn som motset seg somatisk helsehjelp, meiner departementet at ein må følgje hovudregelen i pasientrettslova § 4-4 om at det er foreldra eller andre med foreldreansvar som skal samtykkje til helsehjelp. Frå barnet er 12 år, skal det likevel få høve til å seie meininga si i alle spørsmål som har med eiga helse å gjere, og ein skal leggje aukande vekt på kva barnet meiner, jo eldre og modnare det er.

Slik departementet ser det, er det ikkje alle former for helsehjelp ein kan gi til ein pasient utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelpa. Helsehjelpa må vere av ein slik karakter at ho kan forsvare at sjølvråderetten til pasienten blir sett til side. Etter lovforslaget må helsehjelpa vere nødvendig i den forstand at pasienten risikerer vesentleg helseskade dersom ein ikkje gir henne. I tillegg må ein vurdere behovet for å gi helsehjelpa opp mot mellom anna graden av motstand.

Grunnvilkår for å gi helsehjelp til ein pasient som motset seg hjelp og manglar samtykkekompetanse

Det blir understreka at departementet foreslår strenge grunnvilkår for at det skal vere høve til å gi helsehjelp til pasient utan samtykkekompetanse som motset seg helsehjelp, og at bruk av tvang skal vere siste utveg. Det blir derfor stilt vilkår om at tillitsskapande tiltak som hovudregel skal vere prøvde først. Fordi det er konsekvensane av å ikkje få gitt helsehjelp som skal rettferdiggjere tiltaket, foreslår departementet at det må stillast krav om at det kan føre til vesentleg helseskade for pasienten dersom helsehjelp ikkje blir gitt. Vidare blir det stilt vilkår om at helsehjelpa må reknast som nødvendig og stå i forhold til behovet som skal skjøttast. Endeleg skal ein gjere ei samla vurdering av om dette klart står fram som den beste løysinga for pasienten.

Tiltak for å kunne gjennomføre helsehjelpa

Departementet foreslår at helsehjelp skal kunne gjennomførast med tvang eller andre tiltak for å omgå motstand hos pasienten dersom vilkåra i lovforslaget er oppfylte. Det blir foreslått at høvet til innlegging, tilbakehalding og bruk av varslingssystem med tekniske innretningar og rørslehindrande tiltak blir presisert særskilt i lovforslaget. Det blir understreka at opplistinga om kva slags tvangstiltak som kan nyttast, ikkje er uttømmande.

Lovforslaget opnar for å gi medisinar som pasienten motset seg, dersom vilkåra i forslaget er oppfylte. Etter forslaget skal det berre vere høve til å gi medisinar som er skjulte for pasienten, i situasjonar der alternativet kan sjå ut til å vere meir belastande for pasienten enn brotet på retten til informasjon og openheit som den skjulte medisineringa representerer.

Etter § 4 A-6 i lovforslaget skal pasienten som hovudregel informerast om alle vedtak. For å unngå at til dømes vedtak om helsehjelp som inneber at medisin blir skjult for pasienten, ikkje kan gjennomførast (fordi pasienten veit om tiltaket), er det høve til å gjere unntak frå informasjonskravet.

Saksbehandlingsreglar

Departementet foreslår eigne saksbehandlings­reg­lar, medrekna reglar om kven som skal ha vedtakskompetanse, og om underretning og klage. Det blir òg foreslått at tilsynsstyresmakta av eige tiltak kan overprøve vedtak om helsehjelp. For helsehjelp som blir rekna som eit alvorleg inngrep for pasienten, skal vedtaket treffast av helsepersonell først etter samråd med anna kvalifisert helsepersonell.

Departementet foreslår i § 4 A-9 at forvaltingslova skal gjelde for vedtak etter § 4 A-5. Fordi lovforslaget inneheld ein del særreglar, blir det likevel presisert at forvaltingslova skal gjelde så langt ho passar.

Det blir foreslått at helsetilsynet i fylket på eige initiativ skal gjennomføre ein etterkontroll av vedtak som strekkjer seg over tre månader, og som ikkje blir påklaga.

Departementet foreslår at det skal innhentast informasjon frå pasientens nærmaste pårørande der det er råd, for å få opplysningar om kva pasienten ville ha ønskt, før ein treffer avgjerd om helsehjelp.

Departementet meiner at det er behov for å lovfeste at pasientens nærmaste pårørande skal orienterast om alle vedtak om helsehjelp som pasienten motset seg. Underretninga skal opplyse om retten til å klage og uttale seg. Dersom underretninga vil medføre fare for at helsehjelpa ikkje kan gjennomførast, vil det vere nok med etterfølgjande underretning til pasienten.

For at den som har det overordna faglege ansvaret for helsehjelpa, skal ha kunnskap om når det blir brukt tvang, foreslår departementet at det skal sen­dast kopi av avgjerdene til vedkommande.

Departementet foreslår at alle vedtak etter § 4 A-5 skal kunne klagast på til helsetilsynet i fylket. Ettersom pasienten i dei aktuelle tilfella manglar samtykkekompetanse og derfor ofte er ute av stand til å ta vare på eigne interesser, er også pasientens nærmaste pårørande gitt høve til å klage på vedtak etter § 4 A-5. Til liks med det som gjeld i pasientrettslova elles, foreslår departementet at fristen for å klage til helsetilsynet i fylket skal vere tre veker frå ein fekk eller burde ha fått kjennskap til vedtaket. I tillegg til desse føresegnene gjeld reglane i forvaltingslova om klage så langt dei passar.

Departementet foreslår at pasienten eller pasientens nærmaste pårørande kan bringe vedtak som inneber innlegging eller tilbakehalding i institusjon eller helsehjelp som strekkjer seg over tre månader, inn for retten. Det same skal gjelde for vedtak om helsehjelp som inneber innlegging/tilbakehalding, eller som strekkjer seg ut over tre månader, og som ikkje er påklaga.

Gjennomføring/fortløpande vurdering

Departementet foreslår at det skal gå tydeleg fram av lova at tiltaket skal vurderast fortløpande og avbrytast straks dersom vilkåret i lova ikkje lenger er til stades. Det skal særleg leggjast vekt på om helsehjelpa viser seg å ikkje ha ønskt verknad, eller har uføresette negative verknader. For å unngå vedtak om tidsubestemt helsehjelp og sikre at det òg blir gjennomført ei ny formell saksbehandling etter visse intervall, foreslår departementet at vedtak berre kan treffast for inntil eitt år om gongen.

Høve til å gi forskrift

Det blir foreslått ein heimel for departementet til å gi forskrift til utfylling og gjennomføring av reglane i kapittel 4 A. Departementet reknar med at det blir gitt nærmare reglar om avgrensing og gjennomføring av helsehjelp som pasienten motset seg, medrekna kva krav som skal setjast til dokumentasjon av vedtak om helsehjelp.

Forholdet til menneskerettane

Den norske stat er som part til internasjonale menneskerettskonvensjonar og gjennom Grunnlova og menneskerettslova forplikta til å respektere og sik­re menneskerettane og å styrkje stillinga deira i norsk rett. Ein del sentrale menneskerettskonvensjonar er gjennom § 2 i den menneskerettslova gjorde gjeldande som norsk lov i den utstrekning dei er bindande for Noreg. Konvensjonsføresegnene går ved motstrid føre føresegner i anna lovgiving. Dette dreier seg om Den europeiske menneskerettskonvensjonen, FNs internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, FNs internasjonale konvensjon om sivile og politiske rettar og FNs internasjonale konvensjon om barns rettar.

Det blir gjort ei drøfting av forholdet mellom dei foreslåtte føresegnene i kapittel 4 A og relevante føresegner i dei nemnde menneskerettskonvensjonane, og det blir konkludert med at forslaga oppfyller krava som føresegnene i konvensjonane sett.

Etterkontroll og anna oppfølging

Departementet vil vurdere om det bør utarbeidast rettleiingsmateriell for dei reglane som er foreslått, og vil sørgje for at reglane i lovforslaget blir evaluerte.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet reknar med at personar med demens og personar med psykisk utviklingshemming er blant brukargruppene regelverket i første rekkje kjem til å gjelde for. Til saman legg departementet til grunn at regelverket vil kunne gjelde for om lag 6 000 personar.

Departementet anslår dei kommunale kostnadene knytte til rettsvernsgarantiane i lovforslaget til om lag 24 mill. kroner. Det blir forutsett at kommunesektoren får kompensasjon for meirkostnadar lovendringane medfører for sektoren.

Det er ikkje gjennomført kartlegging av faktisk bruk av tiltak som pasienten motset seg, i tannhelsetenesta eller spesialisthelsetenesta. Også i tannhelsetenesta og spesialisthelsetenesta vil hovudgruppene av pasientar som blir omfatta av regelverket, vere demente og utviklingshemma. Departementet legg til grunn at regelverket kjem til å gjelde for om lag like mange pasientar her som i primærhelsetenesta, og at meirkostnadene for spesialisthelsetenesta ikkje overstig 10 prosent av meirkostnadene for kommunane. Departementet ventar at konsekvensane for tannhelsetenesta blir om lag halvparten av kostnadane for spesialisthelsetenesta.

Departementet legg til grunn at det i ein oppstartfase over 2 år er behov for omlag 10 mill. kroner til opplæring og anna implementering av regelverket.

Departementet reknar med at om lag 5 prosent av sakene kjem til å gjelde klagar eller saker som krev overprøving. Det vil typisk dreie seg om fagleg krevjande saker, og departementet legg til grunn at forslaget i forhold til desse oppgåvene vil føre til meirarbeid for helsetilsynet i fylket. Departementet reknar med at forslaget fører til ein del fleire tilsynsoppgåver for Helsetilsynet. Departementet legg til grunn at det blir behov for å styrkje helsetilsyna i fylka med om lag ni årsverk til saman. Departementet vurderer dei årlege meirkostnadene knytte til tilsynsoppgåver etter lovforslaget til å vere om lag 6 mill. kroner. I tillegg kjem utgifter til meirarbeid i oppstartsfasen på om lag 900 000 kroner.

Departementet reknar med at nokre saker vil bli prøvde for domstolane, men erfaringar frå andre samanliknbare lovområde, til dømes sosialtenestelova kapittel 4 A, viser at det truleg ikkje er snakk om mange saker. Sjølv om lovforslaget omfattar nokre fleire personar, meiner departementet det er snakk om små økonomiske konsekvensar for domstolane.

3.2 Merknader frå komiteen

Innledning

Komiteen viser til de foreslåtte endringene i pasientrettighetsloven som innebærer at det på nærmere bestemte vilkår kan gis helsehjelp til pasienter uten samtykkekompetanse selv om vedkommende motsetter seg dette. Komiteen understreker at det som klar hovedregel skal foreligge samtykke fra pasienten før helsehjelp gis. Det er avgjørende at dette respekteres for å verne det enkelte menneskets integritet i møte med offentlige helsemyndigheter. Slik komiteen ser det, er det imidlertid også nødvendig å sikre at personer som er ute av stand til å ivareta egne interesser, får nødvendig helsehjelp.

Komiteen påpeker at det foreliggende lovforslaget innebærer en nærmere avveining mellom hensynet til integritetsvern på den ene siden og hensynet til samfunnets omsorgsplikt overfor mennesker som er ute av stand til å ivareta egne interesser, på den andre. Hensynet til vern av den enkeltes integritet tilsier at det bare unntaksvis, og på strenge vilkår, skal kunne gis helsehjelp uten pasientens samtykke.

I lys av sakens prinsipielle karakter er komiteen tilfreds med at det har vært en omfattende og grundig prosess i forkant av det foreliggende lovforslaget.

Erfaringer fra tilsynsmyndighetene viser at det i dag foregår en relativt utstrakt bruk av tvang i deler av helsetjenesten, uten at dette er hjemlet i lov. Komiteen vurderer at det foreliggende forslaget sikrer en klargjøring av vilkårene for når helsehjelp kan gis uten pasientens samtykke. Videre vil de foreslåtte endringene sikre en større åpenhet og en bedre kontroll med bruk av tvang i helsetjenesten. På bakgrunn av dette og erfaringene med praktiseringen av kap. 4 A i lov om sosiale tjenester legger komiteen til grunn at de foreslåtte endringene i pasientrettighetsloven vil føre til redusert bruk av tvang i helsetjenesten. Det forutsettes at departementet følger praktiseringen av regelverket nøye, og at tilsynsmyndighetene prioriterer tilsyn på dette området for å bidra til å ivareta brukernes rettssikkerhet.

Innholdet i lovforslaget

Komiteen merker seg at enkelte høringsinstanser anser det som uheldig at regler for tvangsbruk hjemles i lov om pasientrettigheter. Det påpekes imidlertid at de foreslåtte reglene først og fremst skal sikre at pasienten får nødvendig helsehjelp og ivareta pasientens rettssikkerhet ved bruk av tvang.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, anser på bakgrunn av dette at det ikke er unaturlig at bestemmelsene hjemles i en lov som for øvrig omhandler pasientenes rettigheter.

Videre støtter komiteen departementets vurdering om at denne lovtekniske plasseringen er hensiktsmessig i lys av at bestemmelsene gjelder for ulike deler av helsetjenesten. Komiteen påpeker imidlertid at regleverket i helse- og sosialtjenestelovgivningen kan fremstå som fragmentert og uoversiktlig for tjenesteutøverne.

Komiteen ber departementet om å prioritere arbeidet med et mer helhetlig regelverk, jf. NOU 2004:18 Helhet og plan i sosial- og helsetjenesten.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har merket seg at enkelte høringsinstanser anser det som uheldig at regler for tvangsbruk hjemles i lov om pasientrettigheter. Disse medlemmer har forståelse for dette synet da de mener at bruk av tvang ikke kan anses for å være en rettighet, men en metode som skal bli brukt i samråd med pasientens pårørende som en "siste utvei".

Formålet med lovforslaget

Dersom pasienter uten samtykkekompetanse motsetter seg helsehjelp, kan det etter gjeldende rett bare gis helsehjelp med tvang dersom det foreligger en akutt situasjon. Dette innebærer at pasienter ofte utvikler et alvorlig helseproblem før det kan gis nødvendig helsehjelp. Komiteen viser til at hovedformålet med lovendringene i proposisjonen er å sikre bedre helsehjelp til personer uten samtykkekompetanse.

Videre påpeker komiteen at kartlegging av tvangsbruk i helse- og omsorgstjenesten viser at det i relativ stor utstrekning benyttes tvang, særlig overfor demente. Ifølge en kartlegging utført av Nasjonalt kompetansesenter for aldersdemens som proposisjonen refererer, har en betydelig del av denne tvangsbruken ikke hjemmel i lov, og bare i en fjerdedel av tilfellene nedfelles vedtakene skriftlig. Dette innebærer at det ikke er tilstrekkelig åpenhet om tvangsbruken, og at det blir vanskelig å kontrollere slik praksis. Etter komiteens vurdering er dette et svært alvorlig rettssikkerhetsproblem for pasientene. Samtidig står helsepersonell ofte overfor vanskelige dilemma i avveiningen mellom hensynet til den enkeltes behov for omsorg og behandling på den ene siden og hensynet til å verne den enkeltes integritet på den andre. Komiteen anser det som helt nødvendig at det trekkes opp klare vilkår for når tvang kan benyttes, og at disse må nedfelles i lov etter en demokratisk prosess. Det foreliggende lovforslaget vil etter komiteens vurdering bidra til mindre vilkårlig tvangsbruk overfor pasientene. Videre skal lovbestemmelsene bidra til å forebygge og redusere bruk av tvang.

Komiteen understreker at tvang aldri skal brukes som følge av manglende ressurser i helse- og omsorgstjenesten. Bruk av tvang forutsetter tvert imot god ressurstilgang, blant annet i form av kvalifisert personell som kan finne frem til frivillige hjelpetiltak og foreta gode faglige vurderinger av behovet for bruk av tvang.

Virkeområde

Komiteen er tilfreds med at lovens virkeområde ikke er knyttet til pasientenes diagnose. Dette vil etter komiteens vurdering motvirke vilkårlige forskjeller i lovens virkeområde og bidra til at helsetjenesten fokuserer på pasientens samtykkekompetanse fremfor pasientens diagnose i vurderingen av om tvangsbestemmelsene kommer til anvendelse. Komiteen støtter videre departementets forslag om at bestemmelsene skal omfatte helsehjelp som har forebyggende, diagnostisk, behandlende, helsebevarende eller rehabiliterende formål, samt pleie- og omsorgstjenester.

Komiteen viser til at tvangsbehandling av psykiske lidelser bare skal kunne gjennomføres med hjemmel i lov om psykisk helsevern og ikke med hjemmel i foreliggende lovforslag. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har i sin høringsuttalelse påpekt at det ikke nødvendigvis er et skarpt skille mellom pasienter med psykiske og somatiske lidelser. Flere pasientgrupper vil ha en kombinasjon av lidelser av psykisk og somatisk karakter, og enda flere pasienter med somatisk diagnose kan ha psykiske symptomer av ulik art og styrke. Komiteen ber departementet klargjøre hvordan helse- og omsorgstjenesten skal forholde seg til pasienter som både trenger tvungent psykisk helsevern og somatisk helsehjelp ved bruk av tvang. Dette bør omtales særskilt i veiledningsmateriell til helse- og omsorgstjenesten.

Grunnvilkår for å gi helsehjelp til en pasient som motsetter seg helsehjelpen og mangler samtykkekompetanse

Komiteen understreker at den klare hovedregelen er at frivillige tiltak skal forsøkes før det gis helsehjelp med tvang. Dette forutsetter god kompetanse og fokus på faglig utvikling i helse- og omsorgstjenesten. Komiteen ber departementet vurdere hvordan det kan iverksettes kompetansehevende tiltak i den kommunale helse- og omsorgstjenesten, som bidrar til opplæring i frivillige tiltak som alternativ til tvang.

Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre, ber om at denne vurderingen forelegges Stortinget i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2007.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til St.meld. nr. 25 (2005-2006) Mestring, muligheter og mening og den omfattende kompetanseplanen, Kompetanseløftet 2015, og regner med at denne kompetanseplanen vil komme disse pasientene til gode.

Komiteen vil presisere at grunnvilkåret for å gi helsehjelp til personer uten samtykkekompetanse når pasienten motsetter seg helsehjelpen, er at dette er nødvendig for å forhindre vesentlig helseskade. Dette innebærer etter komiteens mening at det skal være en høy terskel for å sette pasientens selvråderett til side. Som følge av dette er det ikke tilstrekkelig at det anses hensiktsmessig eller nyttig å gi helsehjelpen, dersom dette ikke fremstår som nødvendig for å forhindre vesentlig helseskade. Komiteen mener at dette strenge vilkåret er nødvendig for å beskytte pasientene mot omfattende bruk av tvang. Kravet om at det skal være forholdsmessighet mellom tiltaket som settes inn, og forventet nytte, vil sammen med kravet om en helhetlig vurdering bidra til at det gjøres nødvendige etiske og faglige overveielser i tillegg til de juridiske.

Komiteen viser til at helsepersonell må foreta skjønnsmessige vurderinger når man skal ta stilling til om vilkårene for å gi helsehjelp med tvang er oppfylt i det enkelte tilfelle. Komiteen forutsetter at departementet sørger for god veiledning av tjenesteutøverne for å sikre en mest mulig ensartet praktisering av bestemmelsene.

Tiltak for å kunne gjennomføre helsehjelpen

Komiteen vil understreke at tvangstiltak må gjennomføres på en faglig og etisk forsvarlig måte og være i samsvar med lovens krav. Dette vil eksempelvis innebære at det ved bruk av bevegelseshindrende tiltak må sikres at pasienten har nødvendig tilsyn.

Saksbehandlingsreglene

Komiteen er tilfreds med at det oppstilles klare rettssikkerhetsgarantier i tilfeller der helsehjelp gis mot pasientens vilje. Dette vil etter komiteens vurdering sikre større åpenhet, innsyn og dermed mulighet for kontroll med tvangsbruken. Videre påpeker komiteen at det er viktig at pårørende eller verge blir informert om og har klageadgang ved tvangsvedtak når pasienten ikke har samtykkekompetanse og dermed trenger bistand til å ivareta egne interesser. Komiteen ber departementet presisere i veiledningsmateriale til loven at pasientens verge skal varsles dersom vedkommende ikke har nære pårørende, jf. pasientrettighetsloven § 1-3b.

Komiteen viser til at helsetilsynet i fylket skal føre tilsyn med helsetjenesten, og at tilsynet i henhold til lovforslagets § 4 A-8 kan overprøve vedtak om helsehjelp med tvang av eget tiltak. Det er etter komiteens vurdering mest hensiktsmessig at tilsyn og kontroll med helsetjenesten føres av samme instans. Komiteen forutsetter at helsetilsynet i fylket sikrer gjennomgang av vedtak som det rutinemessig sendes underretning om, også før det har gått tre måneder, jf. § 4 A-8. Dette vil sikre at tilsynsmyndighetene har grunnlag for å vurdere om det er behov for en nærmere kontroll av vedtakets lovlighet, og dermed bidra til at pasientens rettssikkerhet ivaretas på en best mulig måte. Komiteen vil peke på at dette kan være særlig viktig i tilfeller der vedtaket ikke påklages, fordi dette kan skyldes at pasientens pårørende ikke har ressurser til å benytte seg av klageadgangen.

Komiteen har merket seg Helsetilsynets innvendinger om at en automatisk underretning om tvangsvedtak til tilsynsmyndigheten kan oppfattes som en forhåndsgodkjenning av forhold som det senere skal føres tilsyn med. I denne sammenheng mener imidlertid komiteen at det må legges avgjørende vekt på behovet for best mulige rettssikkerhetsgarantier for pasientene. Vedtak om tvungen helsehjelp anses som et så vidtgående inngrep at det er nødvendig å sikre stor grad av kontroll fra tilsynsmyndighetenes side.

Komiteen mener det er nødvendig at tilsynsmyndighetene ikke bare registrerer innkomne underretninger om tvangsvedtak, men at Helsetilsynet også bruker disse opplysningene i aktivt tilsynsarbeid. Dette arbeidet reduserer ikke kommunenes plikt til å føre internkontroll.

Etterkontroll og annen oppfølging

Komiteen fastslår at departementet skal sørge for at det utarbeides veiledningsmateriell og opplæringstiltak om de nye bestemmelsene i pasientrettighetsloven kap. 4 A. Veiledningen må særlig ha fokus på skrankene for bruk av tvang og pasientens rettssikkerhet.

Videre forutsetter komiteen at departementet følger praktiseringen av de nye reglene og orienterer Stortinget jevnlig om dette på egnet måte. Videre ber komiteen om at departementet sikrer en evaluering av de nye bestemmelsene, og at evalueringen forelegges Stortinget.

Økonomiske og administrative konsekvenser

Komiteen påpeker at et høyt faglig nivå i helse- og omsorgstjenesten i seg selv kan bidra til å begrense bruk av tvang. I dag er om lag en tredjedel av de ansatte i omsorgssektoren ufaglærte. Etter komiteens vurdering er det nødvendig å øke andelen faglærte ansatte og iverksette flere kompetansehevende tiltak for å sikre bedre kvalitet i de kommunale helse- og omsorgstjenestene. Det vises i denne sammenheng til behandlingen av St.prp. nr. 1 (2006-2007). Komiteen ber departementet vurdere hvordan det kan iverksettes kompetansehevende tiltak i den kommunale helse- og omsorgstjenesten, som bidrar til opplæring i frivillige tiltak som alternativ til tvang.

Komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre, ber om at denne vurderingen forelegges Stortinget i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2007.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til St.meld. nr. 25 (2005-2006) Mestring, muligheter og mening og den omfattende kompetanseplanen, Kompetanseløftet 2015, og regner med at denne kompetanseplanen vil komme disse pasientene til gode.

Videre vil komiteen påpeke at Helsetilsynet må ha nødvendige ressurser til å ivareta pasientens rettssikkerhet etter implementeringen av de nye bestemmelsene i pasientrettighetsloven § 4-A. Det forutsettes at departementet fortløpende vurderer tilsynsmyndighetenes ressursbehov i lys av den faktiske arbeidsbyrden knyttet til det nye regelverket.

På bakgrunn av høringsuttalelser til lovforslaget vurderer komiteens flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre, at departementets estimat for tilsynsmyndighetenes ressursbehov er for lavt. Flertallet mener det er nødvendig å styrke ressursene til tilsynsmyndighetene utover Regjeringens forslag for å sikre en bedre ivaretakelse av brukernes rettssikkerhet. Flertallet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremlegge forslag om økte bevilgninger til Helsetilsynets arbeid med nytt kap. 4 A i lov om pasientrettigheter i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett for 2007."