6. De enkelte programmer og fagområder

   I forhold til forrige langtidsplan, St.meld. nr. 52 (1988-1989), er antallet programmer redusert fra 17 til 13 for å forenkle langtidsplansystemet og oppnå bedre samsvar mellom programmene og budsjettkapitlene. Begrepet « delprogrammer » er fjernet og erstattet av « fagområdet ».

       Ansvaret for utarbeidelse av de ulike programmene tilligger de respektive fagstatsråder som også har det beredskapsmessige ansvaret for fagområder.

       De 13 programmer i langtidsplanen er som følger:

Program 1   Matforsyning (Nærings- og energidepartementet)
     » 2   Miljø (Miljødepartementet)
     » 3   Utenriks skipsfart (Utenriksdepartementet)
     » 4   Energi (Nærings- og energidepartementet)
     » 5   Industri og varehandel
      (Nærings- og energidepartementet)
     » 6   Samferdsel (Samferdselsdepartementet)
     » 7   Helse (Sosial- og helsedepartementet)
     » 8   Samordning og sivilforsvar (Justisdepartementet)
     » 9   Bank og pengevesen (Finansdepartementet)
     » 10   Informasjon (Kulturdepartementet)
     » 11   Arbeidskraft (Kommunal- og arbeidsdepartementet)
     » 12   Politi (Justisdepartementet)
     » 13   Bygg og anlegg (Nærings- og energidepartementet)


       Programmene er redigert etter samme mal og etter de retningslinjer som fremgår av foranstående avsnitt i meldingen.

Komiteens merknader

       Komiteen viser til at i høve til førre langtidsplan, St.meld. nr. 52 (1988-1989), er talet på program redusert frå 17 til 13. Dette er gjort for å forenkla langtidsplansystemet og å oppnå betre samsvar mellom program- og budsjettkapitla. Komiteen er samd i dette.

       Når det gjeld program 1, Matforsyning, har komiteen merka seg at ein av ymse grunner i perioden 1995-98 bør oppretthalde beredskapslager av ein viss storleik for viktige matvarer som korn, fett, sukker og gjær i Nord-Noreg, likeeins at ein må vidareføra lagring av rotvekst, grønnsakfrø i Nord-Noreg og engfrø for heile landet.

       Når det gjeld program 3, Utenriks skipsfart, har komiteen merka seg at ein tek sikte på å utvikla praktiske metodar for samordning av sivil og militær transportplanlegging innanriks og innan NATO. Komiteen har vidare merka seg at planlegginga av eit nytt krisehandteringsreiskap for skipsfarten skal fullførast. Komiteen vil understreka at endringer i skipsregister og i bemanninga på norske skip må fylgjast nøye for å skapa eit best mogleg vedtaksgrunnlag vedrørande skipsfartsspørsmål for norske og allierte myndigheiter i krise og krig. Ein bør i størst mogleg grad leggje tilhøva til rette for at skipsfartberedskapen sikrer nasjonal og alliert trong for skipsfartstenester.

       Når det gjeld program 4 Energi, Oljeprodukter, meiner komiteen at beredskapslagra minst bør oppfylle dei nye NATO-krava for drivstoff. Komiteens syn er knytta til spørsmålet om og kor lenge ein kan oppretthalda produksjonen på norsk sokkel i ein krise- eller krigssituasjon.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til Forsvarskommisjonen av 1990 og særuttalelsen til medlemmet Ørnhøi i denne om betydningen av å sikre virksomheten på sokkelen og oljeinstallasjonene under en eventuell situasjon med krise eller krig.

       Når det gjeld program 5, Industri og varehandel, viser komiteen til at det vert forutsett at Noreg forsyningsmessig ikkje vert avsperra i krise/krig og at varslingstida er seks månader for Sør-Noreg.

       Komiteen ser på beredskapslagring som svært viktig og vil be om at resultatet av gjennomgangen på dette området vert lagt fram for Stortinget til vurdering seinare.

       Komiteen har merka seg at ein av beredskapsfabrikkane for produksjon av legemidlar og emballasje vert nedlagd i 1986 og at det er under planleggjing å avvikla dei tre gjenverande fabrikkane innan 1995.

       Til program 8 vil komiteen merka at det på regionalt nivå er viktig og avgjerande å ha ei klar ansvarsfordeling ved kriser og katastrofar i fred.

       Vidare meiner komiteen at det må vera eit hovudmål at den myndighet som har ansvar for oppgåver i fred også bør ha ansvaret for dei nødvendige beredskapsførebuingar og for den utøvande mynde i den same sektoren i ein krise- eller krigssituasjon.