2. Nærare om forslaga

Tilleggskanal for NRK-Fjernsynet, NRK-2

       Departementet syner til at eit fleirtal i Stortinget i samband med budsjetthandsaminga for 1994-95 ( B.innst.S.nr.2 (1994-1995)) gav sin tilslutnad til at utsiktene for å etablere ein avlastingskanal for NRK skulle utgreiast.

       Norsk rikskringkasting fremja i brev av 16. mars 1995 ein plan for ein tilleggskanal i NRK-Fjernsynet, kalla NRK-2. (Brevet følgjer som trykt vedlegg nr. 1 til meldinga.)

       Departementet gjer framlegg om at det vert gjeve klarsignal for igangsetjing av den føreslegne kanalen i fjernsynet, NRK-2.

       Etter NRK sine planar skal kanalen overførast via satellitt. Det betyr at kanalen i startfasen vil kunne mottakast av huslydar som er knytta til kabelnett og huslydar som har eigne parabolantenner. Det vil seia at i startfasen vil om lag 55 % av befolkninga kunne motta kanalen. Norsk rikskringkasting har på sikt planar også om ei utbygging av jordbaserte omformarar, slik at dekninga vil kunne bli om lag 70 % med ei investering på 10 mill. kroner og ca 80 % ved investering på ytterlegare 45 mill. kroner.

       Departementet ser det problematiske i at NRK-2 ikkje fullt ut kan gjerast landsdekkande etter dei framtidsutsiktene ein i dag må leggja til grunn teknisk og økonomisk. Det vert likevel peika på at satellittsendingane teknisk sett dekkjer om lag 97 % av befolkninga. Omsetnaden av parabolanlegg for direkte mottak frå satellitt er aukande som følgje av fallande prisar og betre teknologi.

       Departementet legg til grunn at leiinga i NRK må vurdere nøye dei moglegheitene som ligg føre slik at den nye kanalen kan femna ein vesentleg del av befolkninga innan rimeleg tid, og at denne vurderinga også vil gjelde utbygging med jordbaserte sendarar og omformarar, og eventuelt i samarbeid med lokal-TV-stasjonane, jf. St.meld. nr. 24 (1994-1995), Nærkringkasting.

       Departementet føreset at NRK-2 blir etablert og drivi utan auke i kringkastingsavgifta.

Oppretting av eit sams selskap for sendarnett

       Telenor AS og Norsk rikskringkasting er samde om hovudtrekka i eit sams forslag om å skipa eit aksjeselskap som skal eigast i fellesskap, som skal overta dei oppgåvene Telenor har for NRK når det gjeld drift og anlegg av kringkastingssendarar og overføringsliner. Det er forutsett at selskapet skal kunne påta seg tilsvarande oppgåver for andre selskap.

       Forslaget byggjer på følgjane hovudpunkt:

- Føremålet til selskapet skal vera å stå til teneste for alle som har konsesjon for å driva riksdekkande rundt om i Noreg med overføringskapasitet og sendarkapasitet.
- Selskapet skal vera eigd i fellesskap av NRK AS og Telenor AS, og skal eiga og driva partane sitt tekniske utstyr og anlegg for programlinenett og kringkasting. NRK AS har frå starten av eigarmajoriteten i selskapet.
- Ein legg til grunn at Telenor skal leggje inn i selskapet dei kringkastingsanlegga og det kringkastingsutstyret som Telenor eig og driv i dag for andre konsesjonshavarar. Partane drøftar om Telenor AS skal gå inn med kontantinnskot i selskapet. Ut frå dette føreset ein at Telenor får minst 1/3 eigardel i selskapet.
- Det personalet i Telenor som i dag står for drifta av kringkastingsnettet og tilhøyrande verksemd, vil bli overført til selskapet. I tillegg vil det kanskje bli aktuelt å tilsetja frå NRK AS nokre av det tekniske personalet.
- Slik stoda er i dag vil selskapet kunne få ein omsetnad i storleiken noko over 300 mill. kroner, og eit personale på samla 200 til 250.
- Dei årlege investeringsbehova må sjåast på bakgrunn av eit stigande behov for modernisering av det eksisterande sendarnettet, og i tillegg etablering av nye digitale sendar- og overføringsnett. Dette vil i nokre år framover tyda på investeringar i storleiken 150 mill. kroner pr. år.
- Inntektsgrunnlaget til selskapet skal koma frå dei tenestene som kringkastingsselskapa får, slik som det er no, og skal basera seg på ei lik og rettferdig prissetjing andsynes dei som mottek tenester frå selskapet. Selskapet skal difor arbeida under vedtekter som hindrar diskriminering.
- Selskapet skal elles driva på forretningsmessige vilkår og det er ein føresetnad at det skal greia seg økonomisk.
- Selskapet vil naturleg kjøpa tenester frå partane, men vil stå fritt til å kjøpa tenester frå andre ut frå forretningsmessige avvegingar.

       Kulturdepartementet er samd i at sendar- og overføringstekniske oppgåver bør organiserast etter dei retningslinene som er skisserte ovanfor. Ein går ut frå at det sams selskapet skal skipast etter at Norsk rikskringkasting er omdanna til aksjeselskap.

       Eit nytt selskap for kringkastingsnettet vil representera ein monaleg kringkastingsteknologisk kompetanse m.a. i samband med etablering av digitale sendingar. Av omsyn til lik handsaming mellom aktørane føreset departementet at det vert etablert mekanismar som gjer at denne kompetansen også vert tilført TV2 og P 4.

       Den nye ordninga føreset å vera i drift seinast frå utgangen av 1996, då den noverande avtalen mellom NRK og Telenor går ut (jf. omtale av denne på s. 4 i meldinga).

Andre spørsmål

Radiodekning av Barentshavet og nordområda

       Radiosendingar til Barentshavet og nordområda kan realiserast raskare og billegare enn ein så langt har rekna med av di DECCA-stasjonane på Røst og Nordkapp vert bygde om til ordinære radiostasjonar. Dekningsanalysar syner at mesteparten av dei aktuelle havområda vil bli tilfredsstillande dekte ved radiosendingar frå desse stasjonane.

       Kostnadsanalysar syner at investeringsutgiftene med å etablere dei to radiosendarane samla vil vera mellom 11 og 18 mill. kroner, avhengig av sendarstyrke m.v.

       Det vil no bli arbeidd vidare med sikte på å realisera utbygginga. Ein tek sikte på at ein del av investeringane vil bli dekte av andre enn NRK. NRK vil dekka driftsutgiftene ved stasjonane.

Teksting av fjernsynssendingar for døve

       Ei prosjektgruppe med medlemer frå Norsk rikskringkasting og interesseorganisasjonane til døve og hørselssvekka har utgreidd moglegheitene for å gjera fjernsynet meir tilgjengeleg for døve og hørselssvekka, m.a. ved bruk av ny teknologi.

       I samarbeid med SINTEF er det no utvikla eit prosjekt som inneber at tale i fjernsynsprogram blir overført til tekst på fjernsynsskjermen via ein såkalla « taleregistrator ». NRK planlegg å gjennomføra dette ved at ein eigen reportar kontinuerleg oppsummerer det som blir sagt i fjernsynsprogrammet. På den måten vil alle programma kunne bli teksta etter det same prinsippet som i dag gjeld for t.d. utanlandske filmar. Det er von om at prosjektet kan bli ferdig i løpet av om lag eitt år, og det vil ha ei kostnadsramme på om lag 1,5 mill. kroner. Departementet er nøgd med at NRK aktivt har følgt opp dette prosjektet, og vil dekka dei kostnadene dette fører med seg.

Økonomiske og administrative konsekvensar

       Etablering av ein avlastingskanal for fjernsynet, NRK-2, vil ikkje få økonomiske konsekvensar, jf. føresetnaden om at etableringa og drifta skal skje utan auke i kringkastingslisensen.

       Etablering av ein sams aksjekapital mellom Norsk rikskringkasting AS og Telenor AS får ikkje innverknad på statsbudsjettet.